Nyhetsarkiv
2024
Vestland Fylkesting vil ikkje gå i fredsmarsj
Raudt og SV fremma 2. oktober 2024 ein interpellasjon i Vestland Fylkesting. Der ba dei Fylkestinget støtte initiativet med fredsmarsj for Palestina 27. oktober og å oppmoda innbyggarane til å ta del. Det ville ikkje fylkestinget vere med på.
Seriøsitetskrav i heisbransjen
Vestland fylkeskommune har avtale med firmaet Scan Heis om vedlikehald av omlag 3/4 av fylket sine heiser. Fagrøyrsla og Raudt reagerer kraftig på avtalen, og ville ha Fylkestinget med på å følge sine eigne vedtak. Det ville ikkje Fylkestinget.
La Sawab og brørne hans bli!
19. september melde Avisa Hordaland om at Sawab, ein ung afghansk mann bosatt på Voss, har motteke utvisningsvedtak med effekt frå mandag 23. september. Raudt Vestland tar saka hans opp i Fylkestinget og vil at Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda ser på saka til han og brørne hans på nytt.
Vaksdal inn i Sone A
Raudt Vestland krev at Vaksdal kjem inn i Sone A i takstsystemet for kollektivtrafikk i Vestland. Det vil gjere Vaksdal til ein del av Bergensregionen og når det gjeld kollektivtrafikk.
Det handlar om liv og død
Raudt Vestland er djupt uroa over auken i dødsfall knytta til narkotikabruk. I ein fråsegn som vert fremma for Fylkestinget i Vestland, ber Raudt om aukte løyvingar til førebyggande tiltak og aukte løyvingar til rushandsaming.
Fylkesveg og bane må ha prioritet!
Raudt vestland vil oppfordre heile det politiske kollegiumet i Vestland til å stå samla rundt fleirtalet som no sikrer at Bergensbana får prioritet i NTP.
Kjell Oldeide valgt til ny leiar i Raudt Vesland.
Raudt Vestland har vald nytt styre med Kjell Oldeide frå Kinn som ny leiar.
Høyringssvar om fornybardirektivet
Raudt Vestland har sendt inn si høyringsfråsegn om EUs fornybardirektiv
2023
Mindre ulikskap, meir naturvern og inkluderande lokalsamfunn.
Raudt Vestland har lagt fram sitt budsjettforslag. Raudt Vestland satser på kollektivtrafikken, senker takstane og styrker opplæringssektoren! Vi nektar å gå med på å kutte psykologtenesta, og prioriterer fleire tiltak for å forebygge psykisk u-helse for elever og lærlingar. Vi prioriterer også folkehelse, kultur og samferdsle.
Vil ha satsing på rus og psykiatri
Raudt Vestland ber i ein interpellasjon er sterkt uroa over utviklinga knytt til pasientar som slit med både rus og psykiatri (ROP). Både Tronvik-klinikken i Høyanger og ROP-posten i Helse Bergen står no i fare for å verte nedlagt. - Fylkesordføraren må gå i dialog med Helseforetaka og helseministeren, slik at heilt kritiske og moderne døgnplassar innan rus og psykiatri blir styrka og denne pasientgruppa blir satsa på omgåande.
Fylkestinget krev våpehvile
Raudt Vestland fekk i dagens fylkesting i Vestland bredt gjennomslag for eit vedtak med krav om at «terror og krigføring mot sivile må opphøyra umiddelbart.»
Ber fylket ta kampen for Palestinarane
Raudt Vestland sin fylkestingsgruppe fremmer i novembermøtet ein interpellasjon til Fylkestinget der Raudt ber fylket slutte seg til krava frå Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Flyktningehjelpen, og over 370 andre organisasjonar og krevje vapenkvile på Gazastripa og i Israel.
Fylkestingsgruppa er klar
Fylkestinget i Vestland fylke har konstituert seg, og det same har Raudt sin fylkestingsgruppe gjort. Sjå oversikt over alle verva.
Eit tiltak i kampen mot forskjells-norge!
I samband med fylkestingsmøtet 17. og 18. oktober 2023 gjekk Raudt inn for senking av politikarlønene.
Vestlendingar vil ikkje ha høgrepolitikk!
Viss noko blir sagt mange nok gangar, kan ein til slutt tru at det er sant. Slik er det med forteljinga om høgresida og Vestlandet òg. For er det eigentleg høgresidepolitikk veljarane vil ha?
Vindkraft, ja eller nei den 11.september?
Ei viktig avrøysting om vindkraft på fylkestinget i Vestland skulle ha kome før valet, men vart i vår flytta til etter valet - så maktkonstellasjonen slapp ta kritikk for sitt djupt upopulære syn på vindkraft.
Radikal omfordeling
I Vestland fylkesting sitt desembermøte, la Raudt fram eit eige budsjettframlegg for radikal omfordeling i fylket.
Fylket må drifta kollektivtrafikken
– Når vi set kollektivtrafikken ut på anbod, set vi òg ansvaret for rekrutteringa ut på anbod, seier gruppeleiar for Raudt i Vestland, Jeanette Syversen.
Meir raud politikk
På junimøtet i Vestland fylke vart rekneskapen handsama, og Raudt la fram ei rekke alternative prioriteringar framigjennom. Alle tek sikte på å få meir raud politikk for innbyggjarane i Vestland.