Vil regjering og storting kaste skule og fylkesveg "under bussen"?
Vi treng milliardbeløp i overføringar frå staten til fylkeskommunane, for å sikre at ikkje fylkeskommunen sine kjerneoppgåver kollapsar heilt.
Politikken ligg i budsjetta, utan pengar blir alle politiske visjonar verd mindre enn papiret dei er skrive på. For vi har store ambisjonar i fylket vårt, for utvikling av distrikta, for å ta igjen etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane, for industri og næring, for klimakutt og auka gjennomføring i skulen. Men dette blir det ikkje noko av, om dei foreslåtte kutta blir realisert.
Det var vikitg for Raudt Vestland å bidra til eit breidt politisk forlik i Vestland for ein tilbodsstruktur i vidaregåande skule, som sikrar at ingen skular blir nedlagt. Medan Høgre er opptatt av at det ikkje skal vere “tomme stolar” og jobbar for stykkprisfinansiering av skuleklassar er det i Vestland eit fleirtal som fattar at tomme stolar er ein investering i naudsynt framtidig kompetanse og levegruunlaget, som vil sikre at vi ikkje endar med tomme lokalsamfunn.
Regjeringa må komme med auka rammer til kollektivtilbodet, som berre i Vestland har ein svikt i inntekt på opp mot 200 millionar. Det er rett som Sølve Rydland skriv i BA om fylkeskommunen sitt handlingsrom, det einaste fylkeskommunen rår over er billettprisane og rute produksjonen, både på buss, båt og ferje, for å få budsjetta innan kollektiv og mobilitet i balanse.
Difor foreslo fylkesdirektøren i finansutvalet i Vestland å saldere budsjettet for 2025 med å auke billettprisane, og kutte i rutetilbodet som vil ramme distrikta og dei som har minst å rutte med, enno hardare. Ikkje berre der vil han kutte, men også oppimot 73 mill i alle sektorane der ca. 50 millionar skal takast berre innan opplæringssektoren. Foreløpig er disse kutta uspesifiserte, men vi veit kva som går først: Alle dei ikkje-lovpålagde politiske visjonane for innhaldet i skulen. Alle dei viktige tiltaka, som forebygger utanforskap, som sikrar at elevane får skulemat, som sikrar laget rundt eleven og fokus på god psykisk helse, at dei som slit ekstra hardt skal få ein sjanse eller 3 ekstra, slik den nye fullføringsreforma legg opp til.
Om Høgre og Frp får vilja si, så skal det som vert igjen av kollektivtilbodet, forsøplast med kommersiell reklame. Etter vårt syn blir vi pepra nok med aggressive reklamekampanjar som forfektar eit skjønnheits-tyranni som ikkje er sunt for verken born eller vakse sitt sjølvbilete. Vi kjenner oss trygg på at det er fleir som sett pris på heilt avgrensa eksponering av informasjon på buss, bybane, båt og ferje. Dessutan er all informasjon på nynorsk, i tråd med politisk vedtekne strategiar for nynorsk fylket Vestland. Det er eit viktig demokratisk prinsipp å verne det offentlege rom, frå å bli heilt styrt av kommersielle interesser.
Rødt sin talsperson på samferdsle Geir Jørgensen spør, med fleire, kor er den «auka» satsinga til regjeringa i NTP for å ta inn etterslepet på vedlikehald av fylkesvegnettet tatt vegen? Den lille auken som samferdsleministeren viser til, ville ha vore flott, om alle vegane allereie var i tipp topp stand, men realiteten er ein anna. For i økonomiplanperioden berre i Vestland fram mot 2028 viser prognosane til samferdsleavdelinga at det planlagde dekkelegget (med varigheit på 8-10 år) ikkje vil bli fullført før om 50 år når ein reknar for auka prisvekst mot inntekt. Fleirtalet som Rødt var med å sikre i NTP på stortinget, om ei styrking på fylkesvegnettet, må tydelegvis komme fylkesvegane til unnsetning for tida som kjem!
Vi treng meir enn 7% kompensasjon for auka prisar og renter, både for båt og ferjedrift som i realiteten ligg på 20% i følge SSB sin indeks. No lir buss/banedrift konsekvensane av manglande statlege overføringar for 2024 og 2025. Då snakkar vi meir enn nokre småpeng i reklameinntekter for å drifte heile den kollektive infrastrukturen, med trygge vegar, nok avgangar og rimelege prisar i heile fylket!
Jeanette Onarheim Syversen, Gruppeleiar Raudt Vestland
Kjell Oldeide, Leiar i Raudt Vestland