Program
Program for Raudt Vestland 2023 - 2027
1. Kampen mot Forskjells- Noreg
Forskjells-Noreg er meir enn klasseforskjellar mellom dei vanskelegstilte og eliten, mellom fattig og rik. Partiet Raudt, og særleg våre folkevalde i kommunestyre og fylkesting, jobbar for arbeidsfolk sine interesser, for miljøet, for kvinnekrava og for eit samfunn utan rasisme og diskriminering. Vestland fylkeskommune skal vere til gagn og ikkje til hinder for gode, trygge liv basert på menneskerettane i heile fylket.
Både i bygd og by skal ein kunne leve gode liv, med rett til helsefremjande og løna arbeid og gode offentlege velferdstenester. Vi arbeider for eit inkluderande samfunn og internasjonal solidaritet.
Vi arbeider for desentralisering av makt og styrking av velferda. Derfor har vi kjempa mot regionreforma, som inneber ei sentralisering av makt og svekking av lokaldemokrati og velferd. Raudt er mot EØS-avtalen og arbeider for folkeavstemming i slike saker.
Statlege arbeidsplassar og makt må flyttast ut av Oslo. Det trengst ei nyindustrialisering, basert på lokale ressursar i distrikta og som tek langsiktige miljøomsyn. Vi kjempar for arbeidsfolk sine økonomiske interesser. Raudt vil leggje til rette for vidareforedling av naturressursane og arbeide for offentleg støtte som legg til rette for lokale arbeidsplassar og bustadar.
Vi kjempar mot det kapitalistiske systemet og eit forbruk av miljø- og naturressursar som er større enn kva det økologiske systemet tåler.
Vårt alternativ er demokratisk og grøn sosialisme, der privat eige av dei dominerande økonomiske interessene er erstatta av samfunnseige, og der kjede- og konsernmakt er erstatta av folkestyre. Raudt vil styre etter formannskapsmodellen og ikkje etter parlamentarisme.
For Raudt sitt arbeid betyr dette mellom anna:
- Kutt i politikarløner og godtgjersler for å minske forskjellane mellom vanlege folk og folkevalde
- Halde fram med å presse statlege styresmakter for å auke økonomiske tilbakeføringar til fylkeskommunen og kommunane.
- Alle skal ha lik tilgang til grunnleggande velferdstenester der dei bur
- Jobbe for at fylkeskommunen skal styrke gratistilbodet og utlån av utstyr til barn og unge innan fritidsaktivitetar, kultur og idrett
- Arbeide for ei omfordelande skattelegging - som motverker dei aukande forskjellane
- Eit trygt og inkluderande arbeidsliv, med heile faste stillingar som norm
- Ein distriktspolitikk som skapar levande distrikt for unge
- Fylkeskommunen bidreg til å skape arbeidsplassar
- Fylkeskommunen skal ikkje anbodsutsette tenester som kan utførast i eigen regi
- Fylkeskommunen skal framleis vere styrt etter formannskapsmodellen
- Styrke den vidaregåande opplæringa og sikre rett til lærlingplasser
- Utgreiing av fylkeskommunal arbeidsformidling
- Sikre at papirlause får tilgang til å praktisere sine grunnleggjande menneskerettar
2. Folkehelse og levekår
Raudt ønskjer lett tilgjengelege og likeverdige helse- og velferdstenester til alle. Derfor arbeider vi for gode arbeidsmiljø, bumiljø og trafikkmiljø. Raudt vil også motverke dei sosioøkonomiske helseforskjellane – som gjer at helsa avheng av inntekt og status. Vi vil derfor kjempe for eit offentleg finansiert og styrt helsevesen inkludert tannhelse, med likeverdige tenester, uansett kven du er eller kor du bur.
Å fremje god folkehelse krev også ein samordna innsats for å styrke lokalsamfunnet. Derfor arbeider vi for at folkehelseinnsats ikkje vert retta berre mot å forebygge sjukdom, men også å fremje helse og livskvalitet.
Raudt arbeider for at eigendelane på tannlegetenester skal vere på nivå med eigendelar til andre helsetenestar. På sikt ønskjer Raudt å fjerne eigendelane på alle helsetenester.
Vi aksepterer ikkje nedlegging av somatiske og psykiatriske institusjonar. Fylkeskommunen må særleg sjå til at dei desentraliserte helsetjenestene ikkje blir ofra ved økonomiske innstrammingar. Det gjeld både somatikk, ambulanse, psykiatri og rus.
Raudt vil sikra ei ambulanseteneste som kortar ned på avstand til nødvendige helsetenester. Vi støttar opp under lokale aksjonar for å ta vare på og utvikle desentraliserte tilbod og vil tale desse si sak i fylkestinget.
Raudt arbeider for eit fylke der alle menneske kan leve frie liv. Elevar og arbeidstakarar i Vestland fylkeskommune skal ikkje oppleve å bli diskriminerte på bakgrunn av alder, religion, etnisitet, funksjonsgrad, kjønn, kjønnsuttrykk eller legning. For å oppnå dette, krevst gode planar mot diskriminering og for likeverd, som er konkrete og målbare.
Raudt vil at spesialisthelsetenesta igjen skal underleggjast folkevald styring gjennom fylkeskommunen, og vi vil stoppe helseføretaksmodellen. Helse er ikkje profitt!
Raudt Vestland arbeider for:
- Fjerning av føretaksmodellen til fordel for folkevalt styring av sjukehusa
- Styrking av fylket si rolle som pådrivar for folkehelsearbeidet
- Å bidra til å redusere sosiale helseskilnadar ved å støtte universelle tiltak for betre folkehelse hjå utsette grupper
- Erstatting av bedriftsøkonomiske styringsmodeller av helseforetak og sjukehus (kjent som NPM, New Public Managment ) med sterkare demokratisk styring
- Styrking av akuttberedskap ved lokalsjukehusa og gjenoppretting av fødetilbod
- Å styrke dei offentlege tilboda innan tannhelse, rusomsorg, psykiatri og barnevern m.m, på kostnad av private tilbydarar
- Å styrke satsinga på samarbeid mellom ulike delar av helsetenesta, førebyggjande helsearbeid og rehabilitering
- Auka finansiering av tiltak som førebyggjer psykisk uhelse samt opprette tiltak som kan gje eit breitt behandlingstilbod for alle i Vestland
- Tilsetjing av fleire fagarbeidarar innan helse og psykiatri i den offentlege skulen
- Eit betre transporttilbod til pasientar
- Tannhelsereform:
Utvide gratis tannhelse til å gjelde dei under 25 år og papirlause, jobbe for å utvide til å gjelde alle med vedvarande låginntekt ( til dømes: studentar, uføre, pensjonistar, arbeidsledige, og mottakarar av arbeidsavklaringspenger.)Målet er “Gratis tannhelse” for alle - Å tilby eit verdig helsetilbod for transpersonar i Vestland
- Å aktivt sikre at fylket jobbar for å bekjempe diskriminering på alle områder
- At fylkeskommunen skal styrkje planen for likeverd i fylkeskommunen. Planen skal innehalde krav om skulering av dei tilsette i fylkeskommunen
- At Helse Vest skal avslutta kjøp av tenester frå private selskap og heller bygge ut og styrke eigne tilbod – til dømes ta Tronvik meir aktivt i bruk innan rusomsorga
3. Samferdsle og transport
Unødig person- og godstransport må reduserast utifrå miljøbelastning og transportkostnader. Raudt vil kjempe for dette, gjennom eit Vestland som opprettheld og desentraliserer arbeidsplassar og offentlege tenester. Difor skal vi arbeide for eit betre tilbod innan kollektivtrafikk, også i tettstadar, som motverkar den auka bruken av privatbil. Raudt vil prioritere tiltak som trafikksikring, rassikring, trygge rekkverk og betre vegskuldrar, samt nødvendig utviding av vegbreidde.
Vi vil også ha totalvurdert ein overgang til auka bruk av den vedlikehaldsfrie sjøvegen, i staden for totalkostnadane med utbygging og utviding av landevegen. Raudt ser at ferjedrift også inneber viktige arbeidsplassar og vil gå inn for auka frekvens framfor kostbare bruer. Vi vil prioritere trygge skulevegar, sykkelvegar og gangstiar.
Ferjestrekningane er ein del av vegnettet, og bruk av ferje må derfor vere gratis. Samferdsla i Vestland må snarast og i størst mogleg grad bort frå å vere basert på fossile drivstoff. I overgangen frå fossile punktutslepp må tap av natur og naturressursar ved materiale- og energiutvinning inngå i totalrekneskapen.
Raudt Vestland legg til grunn at kapasitetsauke på vegprosjekter, må vike til fordel for rassikring og vegsikring, matjord og miljø.
Raudt Vestland arbeider for:
- Styrking av kollektivtilbodet
- Pendlarparkeringsplassar, utvida rutetilbod, nok avgangar, overgangs- billett og ungdomskort i heile regionen
- Å innføre gratis kollektivtransport, inntil det, billigare billetter for grupper med dårleg råd
- Forlenging av kollektivtilbudet i distriktene på kveld og natt. Bestillingsruteløysing i distrikta for buss på nattestid
- Å umiddelbart innføre gratis månadskort til ungdom og studentar (utan aldersgrense), minstepensjonister og uføre, som gir rett til ubegrenset antall reiser med all kollektivtransport
- At kollektivtransport til og frå skulen blir tilpassa elevane på best mogleg vis, slik at dei ikkje får unødvendig lang reise- og ventetid frå skulestart til slutten av skuledagen
- At bussbillettprisane må vere like og rimelege, uavhengig av trafikkselskap
- At prisen på bybussane må halverast og gratislinjer opprettast der det er samfunnsteneleg
- Samkøyring av ferje, bussruter og bilettprisar
- Sikring av finansiering til kontinuerlig utbygging av Bybanen
- Å stoppe bruk av anbod i samferdsla både for bane, veg, buss, båt og tog
- At fylket overtek drifta av buss-, bybane- og ferjetrafikk
- At staten reverserer jernbanereforma
- At det blir lagt ned veto mot EU-direktivet Jernbanepakke 4 som inneber tvangsanbod
- Høgare investeringar i sykkelstiar og sykkelvegnett langs trafikkfarlege vegstrekningar
- Å prioritere vegtryggleik framfor å byggje nye vegar. Det eksisterande vegnettet må utbetrast med rassikring, midtrabatt og andre sikkerheitstiltak, for å minske sjansen for ulykker på fylkesvegane
- Å organisere kollektivtrafikk i eigenregi - opprette fylkeskommunalt buss- og bane selskap med eigne sjåførar, reinhaldarar og verkstedstilsette
- Å ta drifta av Vossa- og Bergensbana tilbake i offentleg regi
- Dobbeltspor for tog mellom Bergen og Myrdal
- At all utbygging av veg og bane skal gjennomførast utan bruk av bompengar.Raudt Vestland fristiller fylkestingsrepresentantane til å gjere unntak for å sikre kontinuitet i bybaneprosjektet
- Kollektivfelt i begge retninger, der det byggjest 4-felts motorveg
- Skrinlegging av ferjefritt E39-prosjektet, slik at pengane blir brukte på utbetring av eksisterande vegar
- Elektriske ferger og hurtigbåter i hele Vestland
- Fleire batteridrivne ferjer og fleire avgangar
- At Vestland fylke skal melde seg inn i Lyntogforum og arbeide for lyntog aust-vest over Haukeli
- At Hordalandsdiagonalen Bergen-Odda og E134 over Haukeli blir hovudtraséen mellom Sørvest- og Austlandet
- Å gjennomføre K5 veg og bane Arna - Voss, utan utsetjingar. K5 må ikkje setjast opp mot Bybane, Ringveg aust eller Stadt-tunnelen
- At tunnel Vågsbotn - Klauvaneset må ikke setjast opp mot bybane og forlenga fløyfjellstunnel
- Meir bruk av sjøveg og jernbane til transport av varer
- Gjenoppretting av båtsamband Bergen-Stavanger
- Raudt skal arbeide for at Vestland fylkesting støttar opp om nasjonale tiltak mot sosial dumping i transportnæringa
- Kartlegging av kva for veksemder som brukar utanlandske transportbedrifter og drive aktive kampanjar for bruk av lokale transportbedrifter
- Å ha strenge tryggleiksomsyn og sikring av nok tilsette i transportanboda
- At Vestland fylkesting skal oppfordre Stortinget om å innføre eit mellombels forbod mot kabotasje, fram til Regjeringa kan presentere ein tilfredstillande tiltakspakke mot sosial dumping innan transport
- Innføring av krav om at alle utanlandske vogntog skal gjennom ein tryggleikskontroll før dei får passere over grensa
- Å få på plass ei offentleg utgreiing av omfanget av sosial dumping innanfor transportnæringa
- Utbetring av Fylkesveg 552 Fusa-Eikelandsosen
- Å opprette snøggbåtsamband mellom Osøyro kai og Eikelandsosen/Fusa Vgs.
- Å redusere cruiseturisme i Vestland
- At det vert innført turistskatt på cruiseskip
- At utsleppskrava til cruise-trafikk som gjeld for verdsarvfjordane, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, må gjelde for all slik trafikk i Vestlands-fjordane
- At utsleppskrava til cruisetrafikk og må gjelde for rutebåtar og gamle charterbåtar i verdsarvfjordane – med unntak for veteranbåtar
- Bygging av Stad skipstunell med 100% statleg finansiering
4. Arbeidsliv
Målet er eit arbeidsliv å leve av og med.
Raudt vil derfor arbeide for at alle arbeidstakarar skal ha betre arbeids-, lønns- og pensjonsvilkår. Levealdersjusteringa skapar eit klasseskilje der dei som har dei tyngste jobbane, kjem dårlegare ut enn dei som kan stå lengre i arbeid. Raudt vil jobbe for å styrke pensjonsrettane til reinhaldarar og andre tilsette i førstelinja til fylkeskommunen. Raudt går mot Pensjonsutvalet sine forslag om å heve pensjonsalderen utover 67 år.
Raudt sitt alternative statsbudsjett går inn for auka økonomiske tilbakeføringar til fylkeskommunane, ved rettferdig skattlegging av dei verkeleg rike. Vi står på fagforeiningane si side i kampen for betre arbeidsvilkår.
Solberg-regjeringa svekka arbeidsmiljølova. Den grå Ap/Sp-regjeringa har reversert noko, Raudt jobbar for vidare forbetringar. Fylkeskommunen skal vere ein inkluderande arbeidsgjevar. Raudt vil at fylkeskommunen skal etterleve den opphavlege arbeidsmiljølova og ikkje tillate mellombelse tilsetjingar.
Vi går også inn for at fylkeskommunen skal vedta retten til heil stilling, som eit steg på vegen mot lovfesting av dette. Raudt vil arbeide for at fylkeskommunen skal gjennomføre forsøk med sekstimars arbeidsdag. Det kan gjere det mogleg med heil stilling for yrkesgrupper som treng kortare arbeidsdag, og det vil vere eit viktig steg for kvinnefrigjeringa.
Fylkeskommunen er ein stor innkjøpar av varer og tenester. Kjøpsavtalar skal vere avgrensa til leverandørar med landsdekkande tariffavtale, gode arbeidsforhold og læreplassar. Mange kommunar og fylkeskommunar har utvikla modellar som skal forhindre sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, til dømes Stord-modellen (Telemarks-, Oslomodellen). Raudt vil arbeide for at Vestland fylkeskommune skal vidareutvikle gode rutiner i sin eigen modell for seriøsitetskrav.
Raudt Vestland arbeider for:
- At Vestland fylkeskommune berre skal nytte overnattings- og serveringsverksemder med landsdekkande norsk tariffavtale
- Forbod mot bruk av vikarbyrå i offentleg verksemd; berre faste reelle vikariat og eventuelt ein fylkeskommunal vikarpool
- At alle fylkeskommunale stillingar skal annonserast som heile stillingar
- Stopp i anbodspolitikken for infrastruktur som bybane, buss og jernbane
- At det blir tilbydd kompetanseheving for leiarar, tillitsvalde og verneombod om trakassering og mobbing knytt til seksuell orientering og kjønnsuttrykk
- Utjamning av lønsforskjellar i fylkeskommunen. Det aukande gapet mellom dei høgast lønte og dei som tener minst, må reduserast vesentleg
- At det blir sett eit tak på topplønene til fylkeskommunalt tilsette og politikarar i høge verv
- At minst 50 % av fylkesdirektørane skal vere kvinner og at det blir arbeidd aktivt for likelønn mellom kjønna
- At fylkeskommunale oppgåver blir løyste i offentleg regi; kollektivtrafikk og annan samferdsel skal være trygg, effektiv og skape arbeidsplassar i heile Vestland
- Å etablere fleire arbeidareigde og -styrte bedrifter
- Å sette av midlar til samvirke, kooperasjonar og anna demokratisk organisert næringsverksemd
- At fylkeskommunen tilset folk i faste stillingar til å utføre oppgåver som reinhald og billettkontroll, framfor å leige inn gjennom bemanningsbyrå
- Seriøsitetskrav i arbeidslivet, jfr Oslo-modellen
- At fylkeskommunen skal seie nei til privatisering og konkurranseutsetjing av offentleg finansierte velferdstenester
- At ufaglærte og assistentar får ta fagbrev og høgare utdanning
5. Oppvekst og vidaregåande opplæring
Unge skal ha eit vidaregåande skuletilbod nær heimstaden for å sleppe å bu på hybel. Dei skal ha eit godt bu- og fritidstilbod dersom dei må flytte på seg, for å nå tilbod som er lokaliserte lenger borte. Det skal uansett vere skuletilbod som kvalifiserer til læreplass eller til høgare utdanning og som gjer at ein seinare kan få jobbtilbod, anten ein vel heimstaden eller flyttar ut. Erfaringar viser at eit desentralisert skuletilbod gjer at fleire lettare gjennomfører vidaregåande opplæring. Difor må kampen for dei mindre skulane og mot sentraliseringa halde fram.
Den vidaregåande skulen skal vere ein god skule for alle elevar uansett kjønn, kjønnsuttrykk eller seksuell orientering.
Ein skal ha rett til eit skuletilbod uavhengig av sin eigen eller foreldra sin økonomi. Ekstrakostnader på grunn av nødvendig hybeltilvære skal kompenserast fullt ut gjennom stipendordningar og andre tiltak. Raudt vil motarbeide privatskular.
Raudt Vestland arbeider for:
- Å sikre bredde og desentralisering innan fylket sitt opplæringstilbod
- Å sikre ei geografisk styrt inntaksordning som sikrar elevane plass på nærskulen sin
- Å gje læreplassgaranti til alle elevar på yrkesfag
- Å opprette fleire yrkesfaglege klassar for å imøtekomme det lokale behovet for fagarbeidarar, ikkje minst helsefagarbeidarar
- Å ha maksimalt 24 elevar pr. lærar i studieførebuande utdanningsprogram og maksimalt 12 elevar pr. lærar i yrkesfagleg utdanningsprogram. Vi vil likevel sikre at ein finn fleksible løysingar for å ivareta elevplassar i storby og distrikt
- Å opprette fleire tilbod for elevar med psykiske utfordringar som Bergen Katedralskole avdeling Kyrre
- Å motverke praksis med at skular planlegg bortfall av timar. Elevar må få alle timane dei har krav på
- Å prioritere lærarkompetanse i skulen og satsing på vidareutdanning
- Oppheving av fråværsgrensa; samarbeid med elev- og lærar- organisasjonane om å finne løysingar for å få ned fråværet
- Forsøksprosjekt om å starte vidaregåande skule klokka 9 i samråd med td. elevorganisasjonen, Vestland ungdomsråd og fylkestinget for ungdom
- Krav om minst 10 % lærlingar på kontraktane ved alle fylkeskommunale vare- og tenestekjøp
- Styrking av tilbod om helsesjukepleiar-, miljøarbeidar- og psykologtenester i den vidaregåande skulen
- Gratis prevensjon og mensprodukter for alle under 25 år
- Fleire heile faste stillingar (helsepersonell) knytt til seksualundervisning og rådgjeving i den vidaregåande skulen; auka fokus på på grensesetting, nytelse, inkludering, kjønnsdiskriminering, førebygging av kjønnssjukdommar og uønskja graviditet
- Kompetanseheving for elevar, leiarar, tillitsvalde og verneombod om omfang og samanhengar når det gjeld trakassering og mobbing knytt til seksuell orientering og kjønnsuttrykk
- At fylkeskommunen prioriterer arbeidet med å rekruttere fleire lærebedrifter
- Styrking av tilboda i vidaregåande opplæring for menneske med nedsett funksjonsevne
- At det ikkje sakl være avgrensingar på antall timar elevar kan få hos skulepsykolog, unntak dersom behandling hos BUP/DPS er tildelt. Skulepsykologen skal kunne delta på startsamtale hos BUP/DPS dersom det er ønskeleg for eleven
- Å auke løyvinga til skulepsykologstenesta slik at tilbudet er tilgjengeleg alle skuledagar
- At helsesjukepleiar og miljøarbeidar skal vere tilgjengeleg alle skuledagar
- Oppfølging og støtte til dei elevane i vidaregåande skule som bur på hybel
- Å auke bortebuarstipendet slik at det er mogleg for elevar å leve av det
- At fylkeskommunen driftar hybeltilbod for unge som må flytte for å gå på videregåande skule
- Å oppretthalde og styrke dei vidaregåande skulane i distrikta
- Arbeide for nybygg for Griegakademiet
- Gratis skule-PC og et gratis varmt skulemåltid kvar dag
- Arbeide for å endre leverandør for skule-pc fordi HP legitimerer Israels okkupasjon av Palestina
- Bygge nasjonalt senter for yrkesfag i Vestland for å løfte yrkesfaga, eit slikt senter kan med fordel ligge i distriktet, som eit ledd i desentraliseringa
- Elev- og studentrabatt uavhengig av alder, studiestad og bustad
- Å tilrettelegge for elevar som ønsker å ta fag- eller svennebrev som praksiskandidat
- Å bevare moglegheita for å ta påbygg, både med og utan fagbrev
- Å gjere det enklare for kvar enkelt elev å utvide skuleløpet sitt, som ved å ta eit skuleår over fleire år
- At det er Fylkeskommunen, ikkje staten skal avgjera om det skal opprettast og gjevast økonomisk støtte til kommersielle skuler
- At fylkeskommunen skal demokratiserast, ved at fylkestinget får mynde til å ta konsesjon frå private skular der tilsyn har funne prov på å bryte forbodet mot utbytte
- Å ikkje ta vekk fysiske lærebøker - alternativ til digitale læremidler må finnast, og alle læringsressursar må gjerast tilgjengeleg på begge målformer (bokmål og nynorsk) til same tid
- At fagrørsla og utdanningsinstitusjonar samarbeider om utvikling av grøn industri
- At Høgskulen på Vestlandet desentraliserer studietilbodet sitt ytterlegare, ved å opprette undervisningslokale på fleire plassar i Vestland enn i dag
- Strategisk oppkjøp av private skular som mister konsesjon
6. Levande distrikt
Menneska og organisasjonane i bygdene og i «utkantkommunane» har vilje og evne til å motverke sentraliseringa og oppretthalde den spreidde busetjinga. Vestland ville ikkje vore Vestland og kunne ikkje eksistert utan denne krafta. Raudt skal ha ein politikk for likeverdige arbeids-, bu - og leveforhold i bygd og by. Vi vil arbeide for tiltak som kompenserer for auka avstand til samfunnstilbod som nødvendigvis må ha eit større folketalsgrunnlag
Raudt Vestland arbeider for:
- Ei fylkeskommunal vurdering av, og krav om, reetablering av sentraliserte statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar
- Tiltak som motverker fråflytting og stimulerer tilflytting i grisgrente strøk. Til dømes diffrensiert arbeidsgjevaravgift
- Statlege økonomiske tilbakeføringar som kompenserer for ekstrakostnader med ikkje-sentralisert struktur
- Styrka tilgang på beredskapstenester som ambulanse, brannvesen og politi.
- Oppretthalding av vertskommunane sine kompenserande inntekter for tap av naturmangfald ved kraftutbygging
- Kompenserande tiltak for avgiftssystemet på privatbil i område med mangelfullt kollektivtilbod
- At flest mogleg skal ha tilgang til internett med god hastigheit
- Folkerøysting om fylkessamanslåing og at fleirtal for oppløysing i eit av dei opphavlege fylka utløyser eit fylkestingsvedtak med krav til Stortinget om gjenoppretting av opphavlege fylke
- Naudsynt støtte til å oppretthalde nærbutikkar der det er spreidd busetnad
7. Framtidsretta energi-og miljøpolitikk
Overforbruk av jordas naturressursar kan ikkje halde fram. Kasting av matvarer er eit grovt eksempel. Lenge før valdagen 2023 er naturressursar for året brukte opp. Nokre naturressursar er snart mangelvare, og andre vil verte det om ikkje overforbruket blir stoppa.
Framstilling av eingangsprodukt og produkt med kort levetid må avgrensast. Det må satsast på kvalitetsprodukt med lang levetid. Betre avfallshandtering, ombruk og resirkulering, er viktige tiltak, men held ikkje tritt med forbruksveksten. Klima- og miljøproblema krev radikal omstilling og ikkje berre små justeringar.
Petroleumselskapa si auka utvinning av fossil energi heng saman med at forbruksveksten skal få halde fram. Auka utbygging av fornybar energi seiast å redusere forbruk av fossil energi og skape eit grønt skifte, men realiteten er at forbruket av kol, olje og gass held fram som før. Raudt vil ikkje gje nye løyver til oljeleiting.
Ny utbygging av fornybar energi, ikkje minst vindkraft, vil bety tap av uerstattelege naturlandskap, økosystem og naturopplevingar til havs og på land. Fornybar energi finst truleg ikkje i slike mengder at det kan erstatte det høge forbruket av fossil energi. Vi har då valet mellom ein bråstopp når fossil energi er oppbrukt eller starte ei styrt, meir langsiktig omstilling til eit samfunn med lågare energibruk og reduserte klimautslipp.
Meir kraftutbygging i eit Noreg som allereie har kraftoverskot, vil skape større press for krafteksport, utanlandskablar og dermed import av høgare straumprisar. Det truar arbeidsplassar og pressar fram endå meir utbygging.
Raudt Vestland arbeider for:
- Å redusere energiforbruket i Vestland, anten er det er basert på fornybare eller fossile kjelder
- Å ta krafta av børs. Elektrisk kraft må bli ein del av samfunnet sin infrastruktur som til dømes helse, undervisning, vatn, veg
- Rimeleg og rettferdig makspris på straum. Innføring av eit topris-system på elektrisitet - rimeleg til basisforbruk og dyrt til overforbruk. Lik nettleige i heile landet
- Å gje vasskraftavtalar til kraftforedlande industriarbeidsplassar når produksjonen er dokumentert miljøforbetrande, samanlikna med tilsvarande produksjon basert på fossilkraft
- Avgrensing av krafteksporten, stoppe elektrifiseringa av sokkelen og innføre makspris.
- Politisk styring på fastsetjing av straumpris
- Bruk av eigarmakt i kraftselskap til å påvirke kraftpolitikken nasjonalt
- Endring av vilkåra i eldre vasskraftkonsesjonar, for å tilgodesjå landskap, miljø og natur gjennom auka minstevassføring, avgrensing i fylling, tapping med meir
- Stopp i vidare utbygging av vindkraft på land, inkludert prosjekt der konsesjonar er gitt
- Full stopp i bygging av vindkraft på land, i fjæra og til havs
- Reversering av vedtaka om å innordne Noreg i EUs energipolitikk som tek frå oss konkurransefordel, naturmangfald og nasjonal sjølvråderett
- Å syte for at alle fylkeskommunale bygg skal vere energieffektive, og at nybygg skal byggast med solceller (som minimum delvis) energikjelde
- Å omstille og vidareutvikle industrien i grøn retning, bygd på kompetansen til partane i olje- og gassnæringa
- Klargjering av kva som reelt sett er eit grønt skifte, og ikkje berre grønvasking av anna og/eller auka forbruk av naturressursar
- Å sikre ein kontrollert utvinningstakt i petroleumsnæringa. Prioritere tilgong til råvarer og arbeidsplassar
- Å minske bruk av plastprodukt og fase ut bruk av eingangsartiklar i plast i alle fylkeskommunale bygg i løpet av perioden
- Å etablere ei panteordning på plast
- Øyremerking av midlar til å satse på gjenvinning av plast, opprydding i naturen og innsamling av plast, for å stimulere til miljøvenleg plastforedling basert på resirkulering/sirkulær filosofi
- Å gå mot vegalternativ som går over matjord
- Meir vern av sårbar natur og biologisk mangfald både til land og til havs
- Styrking av vernetiltaka for viktige naturområde. Statsforvaltaren må få mynde til å setje i gang slike tiltak, td. i urskogsområdet ved Reksteren på Tysnes
- Kartlegging av raudlista artar (dyr, plantar), og arbeide for sterkare og meir levedyktige bestandar
8. Fiskeri, landbruk og bergverk
Naturressursane i fjell, hav, jord og vatn, er det materielle grunnlaget for liv og all verdiskaping. Mange arbeidsplassar basert på desse ressursane, har blitt nedlagde, sentraliserte – til og med eksporterte. Dette må snuast – særleg fordi utvinninga av olje og gass truleg vil falle drastisk og seinare kan ta slutt.
Fiskeri, oppdrett og jordbruk med tilhøyrande foredling, er svært viktige næringar. Men alle desse må regulerast med tanke på miljø- og samfunns- interesser.
Bergindustrien gir oss nødvendige mineral. Den må regulerast med strenge miljøkrav – krav om tilnærma full utnytting av utteken masse og mot sjø- deponi.
Vasskraftressursen er Noregs kanskje største konkurransefordel og må ikkje sløsast bort på overforbruk og eksport.
Landbruk har vore ei av dei mest sentrale næringane på Vestlandet. Utviklinga der småbruk blir lagde ned eller assimilert inn i større mono-kulturelle bruk må stoppast.
Raudt Vestland arbeider for:
- At fisken ikkje skal eigast av enkeltpersonar og selskap. Kvoterettar til fisk skal vere mellombelse avtalar mellom stat og båteigar og tilbakeførast til fellesskapet ved sal eller kondemnering av fartøy
- Å få oppdrett over i lukka og rømningssikre anlegg, at rømming og miljøskade skal bøtleggjast hardt og at konsesjonar skal avprivatiserast - også gjennom avgrensa konsesjonstid
- Auka satsing på småbruk
- Auka tilskot til bratt areal og små teigar
- At inntektsgapet mellom jordbrukarar og industriarbeidarar blir tetta, at det blir innført småbrukstilskot og at tilskot blir tilpassa bratt areal, små teigar og utmarksbeiting
- Innføring av småbrukstilskot for alle produksjonar, både dyr, planter, og melkeproduksjon som er med i jordbruksavtalen
- Auka satsing på kortreist mat
- Å styrka lokal produksjon av mat og drikke, ved m.a. jobbe for eit regionalt tilskot til nisjeproduksjon og direktesal av mat og drikke frå lokale produsentar
- Auka bruk av norske fôrressursar; meir gras og norsk korn, før import av fôrråvarer som til dømes soya
- Styrking av importvernet mot varer som kan dyrkast i Noreg
- At økologisk produksjon får auka og konkurransefordelaktig støtte og at «øko-skulen» i Aurland blir sikra
- Auka støtte til allsidig produksjon og motverking av monokultur i landbruket
- Forbod mot import av pels. Gjennomføre ei avvikling av pelsdyroppdrett i fylket og hjelp til pelsdyroppdrettarane for omstilling til anna arbeid i god tid før fristen i 2025
- Levering av vasskrafta til sjølvkost, framfor å bli ei ordinær vare med mål om profitt – ikkje minst gjennom eksport
- At dumping av gruveavfall i sjø blir stoppa, til dømes avfallsdumping i Førdefjorden
9. Kultur
Raudt arbeider for eit rikt og variert kulturliv, der ulike kunstartar, stilretningar og kulturar får utvikle seg. Vi treng både profesjonelle utøvarar og eit breitt folkeleg kulturliv, med engasjerte amatørar. Gjennom offentleg støtte må ein satse meir på kultur gjennom rimeleg utleige av lokale til kulturaktivitet, støtte til profesjonelle og amatørar sin aktivitet og ved subsidiering av prisar. Kunstnar- og forfattarorganisasjonane sine krav til auka bruk og vederlag må bli innfridde. Kulturminne må kartleggast, haldast ved like og synast fram. Nynorsken, det rusfrie kulturtilbodet og det frivillige studiearbeidet må styrkast.
Raudt Vestland arbeider for:
- At Bokbåten Epos skal gjenopprettast som fylkeskommunalt tiltak og blir utvida til Sogn og Fjordane
- Styrking av fylkesbiblioteket sitt utviklingsarbeid med biblioteka i Vestland
- Å lage eit Kulturkort for ungdom - for dei mellom 13 og 18 år
- Å styrke Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland
- Oppretting av fylkeskommunale graffitiveggar, til bruk for lovleg laging av graffiti på fri basis
- Å ta vare på verneverdig natur- og kulturarv
- Fulltidsstillingar for musikklærarar og musikkterapeutar i den vidaregåande skulen
- At den kulturelle skulesekken inkluderer ungdom med nedsett funksjonsevne. Musikkterapeutar må tilsetjast der dette er gunstig for formålet
- Støtte til idretts- og kulturarrangement i distrikta, noko som kan føre til at ungdom - og spesielt unge kvinner - startar med musikk, får ei scene og ein plattform der dei kan utvikle sine talent
- Å prioritere breiddeidretten med høvelege anlegg, og støtte til å organisere idrettsaktivitetar for det breie lag av folket
- At alle musea i Vestland må få rammevilkår til å utvikle sine lokale og temamessige føresetnader
- Å etablere nytt fellesmagasin for musea, i bygg som blir bygd til dette føremålet
- Likestilling av samisk i lokale støtteordningar for forfattarar.
- Flagging for Pride og nasjonale minoritetar
- Skiljeveggar i garderober eigd av fylket
- Å sikre papirlause sine menneskerettar, jobbe for at denne gruppa blir omfatta av kulturtilbod, helsetenester, tilgang til eigna bustad og kollektivtransport
- Fleire stillingar hjå Fylkeskonservatoren, Fylkesarkivaren og Fylkesarkeologen
- Å styrke finansieringa av kulturminnevern
- Fylkeskommunale støtteordningar og stipend for kunstnarar
- Å stille krav til universell utforming til dei aktørane som får regional støtte for å tilby spelrelaterte aktivitetar og aktivitetshus. Utvide tilskottsordningar tilsvarande, slik at dette vert prioritert
- Å auke kompetansen og kunnskapen rundt spel til dei tilsette som jobbar med barn og unge
- Å jobbe aktivt mot ”Toxicity” - mobbing i spel og på nett. Dette kan gjerast ved auka kunnskap til føresette, ungdommen, og i skulen
- Å jobbe for å inkludere kvinner og andre kjønnsminoritetar i spelaktiviteter. Ifølge medietilsynet sin undersøkelse i 2020 spelar 76% av alle jenter mellom 9. - 18 år regelmessig. På tross av dette ser ein dei lite i E-sporten og på spelsentera. Over 50% av alle kvinner spelar med kjønnsnøytrale alias
- Å auke fokuset i politikken på spelkulturen forøvrig, E-sport er kun i ein liten del av ein veldig stor spelkultur
- Å tilrettelegge og gje LAN-kulturen tilgang på relevante fleirbrukslokaler som til dømes skular og gymsalar utan at det skal legges ekstra kostnadar på disse aktørane
- Å jobbe vidare for at E-sport blir organisert etter modell frå breiddeidretten og ikkje bare blir tilrettelagt elitespelarar