Fylkestinget krev våpehvile

Raudt Vestland fekk i dagens fylkesting i Vestland bredt gjennomslag for eit vedtak med krav om at «terror og krigføring mot sivile må opphøyra umiddelbart.»

Raudt Vestland fekk i dagens fylkesting i Vestland bredt gjennomslag for eit vedtak med krav om at «terror og krigføring mot sivile må opphøyra umiddelbart.».


Raudt ville gå mykje lengre i vårt krav om at Israels blokade skal opphevast og at Israels apartheid-politikk må kritiserast og opphøyre.

Vi valde likevel å gå saman om eit omforent vedtak, som også Høgre kunne stille seg bak, slik at vi sikra at den faktisk vart realitetshandsama.

Vedtaket vart som følger:

1. Vestland fylkesting fordømmer på det sterkaste drap av og terror mot sivile i Palestina og Israel, og meiner strengt at partane må halda seg til folkeretten.

2. Terror og krigføring mot sivile må opphøyra umiddelbart. Det er umogleg å skapa fred blant partane om ikkje valden stansar og dialog vert etablert.

3. Vestland fylkesting appellerer til regjering og storting om å arbeida i diplomatiske og politiske kanalar for å få gjennomført ein humanitær våpenkvile, oppretta ein humanitær korridor snarast, og bringa partane til forhandlingsbordet. Å hindra ein humanitær katastrofe og ytterlegare tap av uskuldige menneskeliv må prioriterast!

Vårt opprinelege framlegg vedtak gjekk lengre, men var likevel mildt. Dessverre ikkje mildt nok for det store fleirtalet:

Framlegg til vedtak:
1. Vestland Fylkesting appellerer til regjering og storting om å arbeide i diplomatiske og politiske kanalar for å få gjennomført ein våpenkvile snarast, og bringe partane til forhandlingsbordet.

2. Vestland fylkesting tilsluttar seg kravet frå Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Flyktninghjelpen og over 370 organisasjoner som krever umiddelbar våpenhvile på Gazastripen og i Israel for å forhindre ein humanitær katastrofe og ytterligere tap av uskyldige menneskeliv.

3. Vestland fylkesting held fast at fred og sikkerheit kun kan oppnås gjennom forpliktande politiske avtalar der Israels okkupasjons- og apartheidspolitikk blir konfrontert og på sikt opphøyrer. Krav om at blokaden opphevast, okkupasjonen avsluttes og palestinarane sine rettar respekterast, er ein føresetnad for gjensidig respekt og dialog der målet er fred mellom dei to folkeslaga.

Foto: Stine Fjellkårstad