Høyringssvar om fornybardirektivet
Raudt Vestland har sendt inn si høyringsfråsegn om EUs fornybardirektiv
Høyringsvar fra Raudt Vestland
Vi viser til høyringa til departementet om direktiv (EU) 2023/2413 av
18. oktober 2023 (revidert fornybardirektiv). Raudt Vestland meiner
direktivet på fleire punkt grip inn i norsk energipolitikk og
demokratiske prinsipp for konsesjonsbehandling på ein uholdbar måte og
derfor må avvisast, det vil seia at Noregs vetorett i EØS-avtalen må
brukast.
Vi vil påpeike at direktivet forandrar både fornybardirektivet (EU)
2018/2001 og forordninga om styringssystemet i energiunionen (EU)
2018/1999, som begge er del av EUs fjerde energipakke. Vidare blir det
gjort endringar i drivstoffkvalitetsdirektivet 98/70/EF, og direktiv
(EU) 2015/652 om rapportering til drivstoffkvalitetsdirektivet blir
oppheva.
Raudt Vestland stiller seg negative til revidert fornybardirektiv fordi:
Fordi det medfører auka straumeksport ut av landet, i verste fall på
bekostning av norske kraftbehov.
Fordi det gir føringar for havvind i felles prosjekt i staden for
nasjonale prioriteringar
Fordi det medfører tilrettelegging for utbygging i nye naturområde, og
svekkje lokaldemokratiet og mogelegheitene for lokal påverknad.
Fordi direktivet grip inn i den nasjonale saksbehandlinga.
Fordi direktivet fører til at kraftutbyggingar kan ha betydelege
konsekvensar for naturen. Direktivet innfører eit system der utbyggjar
kan få konsesjon sjølv om verken mildnande tiltak eller
kompensatoriske tiltak tar vare på dei ramma artane.'
Fordi direktivet dramatisk vil endrekonsesjonsprosessen igjennom
hurtigbehandling.
Raudt Vestland krev at det reviderte fornybardirektivet og EUs fjerde
energipakke i sin heilskap, som det førre 2018-direktivet er del av,
blir avvist ved at Noreg nyttar vetoretten i EØS-avtalen.