Det handlar om liv og død
Raudt Vestland er djupt uroa over auken i dødsfall knytta til narkotikabruk. I ein fråsegn som vert fremma for Fylkestinget i Vestland, ber Raudt om aukte løyvingar til førebyggande tiltak og aukte løyvingar til rushandsaming.
30.mai 2024 publiserte folkehelseinstituttet (FHI) ein artikkel om narkotikautløyste dødsfall. I 2023 var Vestland og Rogaland fylka med dei høgaste ratene for narkotikautløyste dødsfall, i Vestland var det 58 slike dødsfall. Årsakene til dødsfalla er samansette og det har vore sett inn ei rekke tiltak i forbindelse med den nasjonale overdosestrategien som vart lansert i 2014. Dei siste ti åra har det vore ein auke i slike dødsfall.
I eit folkehelseperspektiv er det viktig å satse på førebygging av psykisk uhelse på alle nivå . Det vil vere å utjamne sosiale helseforskjellar, tenke “helse i alt vi gjere”, berekraftig utvikling, trygge og gode miljø, livskvalitet og meistring, førevar-prinsippet og medverknad. Rus og psykiatri heng i saman, og vi må verne om fagfellesskapa som jobbar for å sjå heile mennesket.
I eit forebyggingsperspektiv og i eit behandlingsperspektiv er det heilt sentralt å ha kunnskap om ulike nye rusmiddel som er på markedet. Det er også særleg behov for at helseforetaka tek ansvar og prioriterer rusbehandling. Å leggje ned institusjonar som tilbyr rusbehandling som f.eks Tronvik i Høyanger kommune, eller ROP-posten i Helse Bergen, er å gjere det motsatte.
I statsbudsjettet for 2024 er det sett av meir midlar til styrking av psykisk helse og rus, det er sett av meir midlar til folkehelse og livsmeistring og det er sett av pengar til auka momskompensasjon for frivillege organisasjonar. Det er positivt at det er eit auka fokus på førebygging.
Eit samla fylkesting i Vestland sa i desember 2023 at vi er bekymra for den pasientgruppa som har rus- og rus/psykiatri-diagnosar. Konsekvensane for dei kutta som no er gjennomført i Helse Vest set denne pasientgruppa sine liv i fare. Folkehelse er eit samfunnsansvar vi tar på alvor i Vestland, og vi oppmodar regjeringa nok ein gong om å sikre at spesialisthelsetenesta innan rus og psykiatri ikkje blir skadelidande for vilkårleg omstilling som følgje av økonomiske omsyn.
Vestland fylkesting ber stortinget om auka løyvingar til førebyggande tiltak.
Vestland fylkesting oppmodar stortinget om å auka løyvingar til rusbehandling.
Fråsegna blir sendt til helseminister Vestre, regjering og storting samt styret i Helse Vest.