Vestlendingar vil ikkje ha høgrepolitikk!

Viss noko blir sagt mange nok gangar, kan ein til slutt tru at det er sant. Slik er det med forteljinga om høgresida og Vestlandet òg. For er det eigentleg høgresidepolitikk veljarane vil ha?

Høgre vil kutte i inntektene til fylkeskommunen og avvikle tannhelsereforma, vil Raudt ha ei progressiv og sterk fylkeskommune der tannhelse, kollektivtilbod, næringsutvikling, kultur og den vidaregåande skulen bidreg til å snu dei stadig aukande forskjellane.

Eg skal vere den fyrste til å skrive under på at heller ikkje regjeringa er særleg populær her vest. Men viss vi tar utgangspunkt i dei politiske sakene høgrepartia frontar, er eg ikkje sikker på at det er høgrepolitikk vestlendingane djupast sett vil ha. Å vere misnøgd med regjeringa er nemleg ikkje det same som at Erna er stjerna.

Eg har tre konkrete døme på at høgresida tek feil om Vestlandet.

  1. Denne veka kom Erna Solberg med nok eit angrep på regeringa for å vere vestlandsfiendtleg. Hennar viktigaste bodskap var å kutte i formuesskatten. Eller «monsterskatten» som ho kallar han. Men dei største formuane er faktisk ikkje på Vestlandet i det heile, sjølv om mykje av verdiane blir skapt her. Eigarane trivst best i Oslo og Bærum. Dette er dei verkelege høgrekommunane. Innbyggarane i dei tre kommunane Oslo, Asker og Bærum betalte i 2021 heile 7,21 milliardar kroner i formuesskatt. Innbyggarane i dei tre fylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland betalte 3,95 milliardar kroner same året. Dei betaler med andre ord nesten dobbelt så mykje i formuesskatt i tre kommunar på Vestkanten enn i tre fylke på Vestlandet.
  2. NRK kom nyleg med ei undersøking om kva for samferdsleprosjekt vestlendingar vil prioritere. Øvst på lista var rassikring av E16. Vestlendingar vil trygge eksisterande vegar, ikkje bygge nye motorvegar. Høgresida vil derimot prioritere Hordfast. Dei er på lag med hordfastlobbyistane, ikkje det breie vestlandsopprøret for å sikre E16. Bergens Tidende har dessutan spurt innbyggarane i Bjørnafjorden, som får monsterbrua til Hordfast tvers igjennom kommunen sin, og sjølv ikkje dei vil ha brua. Trass i at mange i kommunen vil stemme på Frp, så er altså fleirtalet usamd i politikken til Terje Søviknes.
  3. Til sist har Vestlandet blitt ramma av den marknadsliberale kraftpolitikken som høgresida og Arbeidarpartiet har ført saman. Dei høge straumprisane har Høgre og Frp like mykje skuld i som det dagens regjering har. Dei har vore med på å liberalisere kraftpolitikken – å gjere kraft til ein marknadsvare. I regjeringstida har dei dessutan vore med å bygge nye utanlandskablar og sagt ja til EUs tredje energimarknadspakke (inkludert ACER). Dette er ein katastrofe for Vestlandet. Sjølv om det blir produsert rikeleg med kraft i vestlandsfylka får vi høge prisar, og blir truga med endå meir naturøydeleggande vindkraft.

Raudt vil ta eit oppgjer med høgrepolitikken. Då held det ikkje med Høgre light, i form av Arbeidarpartiet m-l (marknads-liberalistane). Raudt vil love veljarane at vi i alle kommunar der vi stiller lister og på fylket vil halde fram med å fremje forslag om å bruke eigarskapen og styreplassar til å ta demokratisk kontroll over kraftselskapa og få straumen av børs. Raudt jobbar for lokal makspris på 35 øre kWh; det er kanskje det viktigaste einskilde grepet for å sikre stabile rammevilkår for næringslivet her på Vestlandet. Og det vil ikkje minst kutte i rekningsbunka til folk som no slit med å få endane til å møtast. Ikkje minst treng vi å prioritere trygge vegar og raske banar, ikkje kaste bort milliardar på naturøydeleggjande motorvegprosjekt som, som det store fleirtalet ikkje vil ha.

Jeanette Syversen,
listetopp for Raudt i Vestland

(dette innlegget vart refusert som lesarinnlegg i Bergens Tidende).