Ta Jawad på alvor!
Saka til Jawad Hossaini har opprørt folk i heile Vestland. På Fylkestingsmøtet 17. juni fremmer Raudt ein fråsegn vi ber Fylkestinget slutte seg til
Ta Jawad på alvor!
Den 04. juni kunne vi lese i Bergensavisen at Jawad Hossaini skal kastes ut av Norge, då UNE meiner at han har løyet om kor han flykta frå. Bakgrunnen er at Jawab sender penger til sin mor i Pakistan gjennom vener av familien, siden mora ikkje har tilgang til bankkonto som flyktning i Pakistan. Kvinna i venefamilien har veldig likt namn som mor til Jawab, og UNE har derfor konkludert med at dette er same person, og at Jawab derfor har løyet om sin bakgrunn som flyktning frå Afghanistan.
Heile lokalsamfunnet på Møhlenpris i Bergen, protesterer mot UNE sitt vedtak, og arrangerte 10. juni veldedighetskamp og støttemarkering for Jawad som er godt integrert over meir enn 10 år i Djerv og det gode fotballmiljøet.
Jawad har sjølv tatt initiativ til å få gjennomført ein DNA-test som vil bekrefte at hans historie stemmer, i tillegg foreslått å betale for dette sjølv. Fellesskapet rundt Jawad har også starta ein spleis, for å støtte Jawad. UNE nektar å gjennomføre DNA-testen, på tross av at UDI
Vestland fylkesting meiner det er avgjerande at i ei sak om utkastelse må alle fakta på bordet først. Vi har sett tidlegare at UNE kan gjee feil, noko saka om Sawab og hans brødre viste då dei vann fram i Tingretten.
Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen, har etter skriftleg spørsmål om saka til Jawad bekrefta at han sjølv kan be om omgjering av vedtaket dersom parten sjølv kan leggje fram dokumentasjon som er av betydning for saka.
Vestland fylkesting vil difor oppmode UDI om å ikkje iverksette ein utkastelse før UNE i samarbeid med Jawad får gjennomført ein DNA-test, etter tilfredstillande kriterier.
Fråsegna sendast til UNE, UDI, Justis- og beredskapskomiteen, Justis- og beredskapsministeren, og Kommunal- og forvaltningskomiteen