Raudt Vestland sitt budsjettframlegg

Raudt la 11. desember fram sitt budsjettframlegg for Vestland Fylke. I framlegget omfordelast omlag 278 millionar frå mellom anna politikerlønningar, konsulentbruk og investeringar til skule, auka seriøsitetskrav og styrking av kollektivtilbodet.

Raudt fremmer og desse verbalframlegga:


1. Vestland fylkesting vil opprette lærlingråd slik Trøndelag har lukkast med. Lærlingrådet skal ha eit ansvar med å arbeide for at lærlingar sine rettar sikras, og at dei skal ha ein betre arbeidsdag/kvardag. Dei skal jobbe tett med fagforeiningane, EO, elev- og lærlingombudet, ungdommens fylkesting samt følgje og gje innspel til Ynemnda, OPKO og bli høyrt i andre sakar som er relevante for lærlingar i fylket mellom anna i dialog med psykologteamet og rettleingstenesta.

2. Vestland fylkesting vil styrke det gode arbeidet som gjerast med oppfølginga av dei vedtekne seriøsitetskrava i fylkeskommunen. Fylkestinget ber om at administrasjonsutvalet får ei sak som syner kva arbeid som blir gjort no, og kva potensialet er for å styrke dette arbeidet internt. Saka skal belyse kva potensialet er med eit nærare samarbeid med Fair Play bygg og LO innan samferdsle og infrasturktur og veg.

3. Kutt i kommunebudsjetta rammer skuleelevar og lærarar sine moglegheitar til å komme seg ut frå klasserommet for å utforske verda utafor og få nye impulsar og praktisk læring. Vestland fylkesting vil gi kver grunnskuleklasse i fylkeskommunen inntil 4 turer med gratis kollektivtransport i skuletida i året.

4. “Krisesentersekretariatet: I en undersøkelse fra Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress sier at tilnærmet 1 av 10 norske kvinner at de er blitt utsatt for «alvorlig fysisk vold» i nære relasjoner, mens snaut 2 % av menn sier det samme.” Vold i nære relasjonar er eit samfunnsproblem, som treng forebyggande tiltak. Vestland fylkesting vil bidra med å løfte kunnskapen om vald i nære relasjonar, som eit tiltak i folkehelsearbeidet. Fylkestinget ber om at seksjon for folkehelse kjem med ei sak som syner kva moglege områder fylkeskommunen kan spele ei rolle i slikt forebyggjande arbeid. Administrasjonen skal også sjå på korleis ein i dialog med organisasjonar som “Aldri alene” kan utvikle eit samarbeid mellom kommune og fylkeskommunen i forebyggjande haldningsarbeid. (“Aldri alene” er ein organisasjon som arbeidar for å løfte fokuset på voldsutsette kvinner, deira born og pårørande sin situasjon.)

5. Fylkeskommunen skal avvikle sine innkjøp av Hewlett-Packard produkt innan IKT utstyr. Fylkeskommunen skal vekte leverandørar som ikkje kan knyttast til stater som bryt med folkeretten eller driver med ulovleg okkupasjon, i innkjøp av IKT utstyr.

6. Espeland Fangeleir i Bergen driv eit vikitg tiltak for å løfte fram krig og fred, historie og kulturminne. Dei driv vikitg informasjonsarbied om konsekvensane av krig. Vestland fylkesting vil sikre at dette vikitge krigsminnet blir bevart og nytta til opplysnings og haldingsskapande arbeid for grunnskule og vidaregåande elevar i fylket. Fylkestinget ber om er sak i KULII som syner korleis dette kan gå føre seg.