Vestland Fylkesting vil ikkje gå i fredsmarsj
Raudt og SV fremma 2. oktober 2024 ein interpellasjon i Vestland Fylkesting. Der ba dei Fylkestinget støtte initiativet med fredsmarsj for Palestina 27. oktober og å oppmoda innbyggarane til å ta del. Det ville ikkje fylkestinget vere med på.
Medan Fylkestinget ikkje vil vere med, er det mange andre som vil. Les meir om Fredsmarsjen her.
Interpellasjonen, som vart fremma av Rita Tonning var slik:
Interpellasjon til Vestland fylkesting 1-2.oktober 2024: Støtt fredsmarsjen for Palestina 27. oktober
27. oktober er årsdagen for Israels storstilte krig mot Gaza-stripa. Åtaket mot Gaza skjedde som ein rein hevnaksjon for Hamas sitt angrep samme dag. Den snart 12-månader lange bombinga av Gaza har ført til enorme lidingar og så godt som all infrastruktur er øydelagd. I mars sa FNs spesialrapportør for Palestina at Israel har brote tre av fem lovar i folkemordkonvensjonen.
Eit overveldande fleirtal i det norske folket støttar Palestinas sak. Mange i Vestland kjenner på både sinne og maktesløyse. Fredsmarsjinitativet i Bergen har no tatt initiativ til fredsmarsjar over heile Noreg den 27. oktober. Målet er å visa solidaritet med det palestinske folket og gi alle eit høve til å engasjera seg mot krigen. Parolane for fredsmarsjen er “Stopp folkemordet” og “Fritt Palestina”.
Støtte frå fylkestinget i Vestland vil vere svært viktig for fredsinitiativet og det vil vere eit sterkt uttrykk for solidaritet med krigens ofre.
- Er fylkesordførar samd i at det er viktig å vise solidaritet med det Palestinske folk gjennom ein fredsmarsj?
- Anser fylkesordføraren det som naturlig å slutte seg til fredsmarsjen som følge av vedtaket om våpenkvile gjort i fylkestinget 02. november 2023?
- Samd i FNs United Nations General Assembly (UNGA) sitt overveldande fleirtal som gir Israel ein tidsfrist for å trekke seg ut av dei okkuperte palestinske områda?
Framlegg til vedtak:
Vestland fylkesting støttar initiativet til fredsmarsj for Palestina og oppmodar innbyggarane til å ta del av fredsmarsjen 27. oktober.
På vegne av Raudt Vestland og Vestland SV