Seriøsitetskrav i heisbransjen
Vestland fylkeskommune har avtale med firmaet Scan Heis om vedlikehald av omlag 3/4 av fylket sine heiser. Fagrøyrsla og Raudt reagerer kraftig på avtalen, og ville ha Fylkestinget med på å følge sine eigne vedtak. Det ville ikkje Fylkestinget.
Raudt fremma 2. oktober 2024 denne interpellasjonen, som vart nedstemt i Fylkestinget:
Vestland fylkesting vedtok følgjande punkt 6. i FT-sak 112/2021 – seriøsitetskrav:
«Vestland fylkesting går inn for at hovudregelen ved fylkeskommunale innkjøp er at det blir stilt krav om at det ligg føre landsdekkande norsk tariffavtale (slik det har vore praktisert i Hordaland).»
På spørsmål i fylkesutvalet, om nyleg inngått avtale om service og vedlikehald på heisar innan fylkeskommunen med Scan Heis AS, svarar fylkesdirektøren at det er EØS-avtalens bestemmelser som har vore førande for anbodsprosessen.
I 2020 blei Scan Heis AS tatt for grov sosial dumping. Ein rapport gjort av Bergen kommune viser at Scan Heis AS underbetalte to av sine utanlandske tilsette og ikkje gav dei overtidsbetaling for arbeid gjort på laurdagar. Scan Heis AS betalte tilbake 60 tusen kroner, men nekta for at dei hadde gjort noko gale. Advokaten deira stilte likevel spørsmål om heisoverenskomsten er landsomfattande eller ikkje.
Vi kunne lese i Bergensavisen 22. august i år at leiar i LO i Bergen og Omland reagerer på at fylkesadministrasjonen, på tross av dei vedtekne seriøsitetskrava og med tidlegare erfaring med selskapet, likevel har inngått avtale med eit heisfirma utan tariffavtale.
Spørsmål:
- Er fylkesordføraren samd i at eit politisk vedtak fatta av fylkestinget står fast til eit nytt vedtak er gjort?
- Er fylkesordføraren samd i at fylkeskommunen kan og bør vere eit føredøme for eit seriøst arbeidsliv og trepartsamarbeidet, ved å halda fast på å stille krav om landsdekkande norsk tariffavtale for store anbod, basert på seriøsitetskravet pkt. 6, vedteke i 2021?
- Er fylkesordføraren samd i at dette vedtaket gjort i 2021 ikkje er tilstrekkeleg følgt opp i utforminga av kravspesifikasjonane i anbod, når ein tildeler kontrakt til eit selskap utan landsdekkande tariffavtale?
- Vil fylkesordføraren seie seg samd i at fylkesadministrasjonen medverkar til å undergrave dette seriøsitetskravet, fagrørsla og den norske modellen ved å omgå ordlyden i det politisk fatta vedtaket?
Framlegg til vedtak:
- Vestland fylkesting forventar at fylkesdirektøren fylgjer opp alle punkt i seriøsitetskrava ved innkjøp og anbod som Vestland fylkesting vedtok i sak 112 i 2021.
- Vestland fylkesting ber på dette grunnlag fylkesdirektøren om å oppheve den inngåtte avtalen med Scan Heis As, og sikre at eit firma med godkjend landsdekkande norsk tariffavtale (Heisoverenskomsten) får tildelt oppdrag med service og vedlikehald av heisar i fylkeskommunale bygg.