Vaksdal inn i Sone A

Raudt Vestland krev at Vaksdal kjem inn i Sone A i takstsystemet for kollektivtrafikk i Vestland. Det vil gjere Vaksdal til ein del av Bergensregionen og når det gjeld kollektivtrafikk.

Raudt Vestland vil ha Vaksdal inn i Sone A hos Skyss

Førstkommande fylkesting 18 - 19 juni fremmar Raudt Vestland interpellasjon om å ta Vaksdal kommune inn i Sone A i Skyss sitt billettsystem.

22. mars vart Nasjonal transportplan lansert, og det blir jubla frå Bergen til Stanghelle. No får me endeleg dobbeltspor og fleire avgangar på Vossabanen. Ein gledesdag for dei som vil ta tog framfor å køyra E16 med livet som innsats.

Regjeringa er tydeleg på at målet med dobbeltsporet er å få fleire til å velja kollektiv, og dette er bra. Det tvingar likevel Vestland fylke til å ta nokre grep samtidig for å styrkja kollektivtilbodet.

No må Vaksdal kommune bli ein del av Sone A i Skyss sine billettsonar.

Stanghelle stasjon til togstasjonen i Bergen tek 36 minutt. Til samanlikning ligg siste busstopp på nordsida i Sone A, Dyrkolbotn kryss, 1 time og 22 minutt frå Bergen sentrum. Dette må ikkje misforståast, Vikanes skal så klart vera ein del av Sone A, og Dyrkolbotn Fjellstove er ein plass som alle burde besøkja.

Me må likevel stilla oss spørsmålet om dette er rettferdig, eller om det i det heile gir meining med grensene til desse sonene.

Når K-5 i tillegg foreslår nye bomplasseringar og auka bompengesatsar, så får me isolasjon rundt Vaksdal kommune.

Tek ein heile Vaksdal inn i Sone A vil ein vaksen spara 390 kroner månaden ved kjøp av månadskort, totalt 4680 kroner året. Det er fire kinoturar for ein vaksen med fire barn viss dei fyller makskvoten for talet på barn per voksen (hjå Skyss kan ein reisa gratis med inntil fire barn per vaksen).

Å ta Vaksdal inn i Sone A vil vera ei styrking av kollektivsystemet, noko som samsvarer med det politiske målet til både Regjeringa og Vestland fylkeskommune. I tillegg er det god distriktspolitikk.

Gjer ein dette vil Voss grensa til sone A, slik at månadskortet mellom Bergen og Voss går ned frå kr 1955,- til kr 1175,-. Dette kan bety at fleire vel å reisa kollektivt også frå Voss. På sikt kan mogelegvis også Voss kome inn i Sone A. Også til Voss er det kortare reisetid frå Bergen enn til Dyrkolbotn, men lat oss i alle fall starta med Vaksdal kommune.

Det ligg også inne eit forslag fra administrasjon i Vestland Fylkeskommune om å auka prisane for kollektiv i heile Vestland med 5%. Dette bryt med alle politiske mål i fylket, og vi i Raudt Vestland vil gjere det vi kan for å stoppe dette. Vi von om at heile fylkestinget vil støtte oss i dette.

Jeanette Syversen, gruppeleder.
Johan Lavik, første vara.