Mindre ulikskap, meir naturvern og inkluderande lokalsamfunn.
Raudt Vestland har lagt fram sitt budsjettforslag. Raudt Vestland satser på kollektivtrafikken, senker takstane og styrker opplæringssektoren! Vi nektar å gå med på å kutte psykologtenesta, og prioriterer fleire tiltak for å forebygge psykisk u-helse for elever og lærlingar. Vi prioriterer også folkehelse, kultur og samferdsle.
Raudt Vestland legg med dette fram eit heilskapleg budsjett for 2024 som reverserer ei rekke av fylkesdirektøren sine framlegg til kutt. Dyrtida har bitt seg fast, med auka prisar på mat, drivstoff og straum, samt renteauke og fare for resesjon i byggenæringa. Det er kritisk viktig at fylkesbudsjettet verkar omfordelande og utjamner økonomisk og sosial ulikskap i Vestland, der tusenvis står i matkø, før jula setter inn.
Du kan lese heile budsjettframlegget med verbalframlegg under.
Budsjettframlegg Raudt Vestland
Raudt Vestland sitt framlegg til fylkesbudsjett i 2024