Vil ha satsing på rus og psykiatri
Raudt Vestland ber i ein interpellasjon er sterkt uroa over utviklinga knytt til pasientar som slit med både rus og psykiatri (ROP). Både Tronvik-klinikken i Høyanger og ROP-posten i Helse Bergen står no i fare for å verte nedlagt. - Fylkesordføraren må gå i dialog med Helseforetaka og helseministeren, slik at heilt kritiske og moderne døgnplassar innan rus og psykiatri blir styrka og denne pasientgruppa blir satsa på omgåande.
Heile interpellasjonen les du her:
Vestland fylkesting oppmodar til satsing på moderne behandling innan rus og psykiatri!
Vestland fylkeskommune, har folkehelse som satsingsfelt, det betyr mykje for folkehelsa, korleis helseforetaka våre evner å hjelpe menneske i fylket som slit med rus og psykiatriproblematikk. Dei er døtre, soner, mødre og fedre, elevar og lærlingar, kollegaer, naboar, familie og ven, og dei har ein til til felles, dei treng eit behandlingstilbod tilpassa deira situasjon. Dei alvorlege kutta som helseforetaka no gjer råkar avdeling for rusmedisin, og enno færre av dei som står i kø, vil faktisk få den hjelpa dei treng.
Rusfeltets hovudorganisasjon kritiserer på sin nettside 01.11.23, helseforetaka for å gjere det motsatte av det som står i regjeringa sin opptrappingsplan og konkluderer slik:
“ROP-pasienter (Rus og psykiatri) er innbyggerne med størst utfordring på levekårsområder som bolig, økonomi, meningsfull aktivitet og sosial fungering. Pasientgruppen har 20–30 år lavere forventet levealder enn befolkningen for øvrig og er storforbrukere av helse- og sosiale tjenester, ofte med hyppige sykehusinnleggelser.”
Fleire stadar i Vestland står døgninstitusjonar som driv rusbehandling i fare for nedlegging Det gjeld for eksempel Psykiatrisk klinikk - Rus døgn på Tronvik i Høyanger kommune som tilbyr tverrfagleg spesialisert døgnbehandling (TSB) til menneske med rusproblematikk. Tronvik er ein døgnpost med 15 plassar.
Trusslar om store kutt i og nedleggelser av behandlingsplassar i helseforetaka heng også over Helse Bergen, som nyleg beslutta å legge ned den heilt nye ROP (Rus og psykiatri)-eininga kun 10 månader etter at den opna. Dette på tross av at planen var å doble talet sengeplassar frå 8 til 16!
Den nye ROP-avdelingen har vært et av de viktigste tiltakene for å gi sårt tiltrengte døgnplasser med integrert og helhetlig behandling av rus- og psykiske lidelser. «Verdens beste ROP-enhet» og «et faglig fyrtårn» var blant de uttalte visjonene, skriver overlege Gunn-Vivian Eide og psykologspesialistene Emma Jones og Thomas Haug i et debattinnlegg i Bergens Tidende.
Psykologspesialist Kari Lossius skriv i BT 07.11.23:
“Etter nesten 40 år i kontakt med mennesker med alvorlige rusutfordinger og ikke minst deres pårørende, har jeg ikke tall på hvor mange som har påpekt betydningen av gode døgninstitusjoner.”
Raudt meiner at døgninstitusjonar er avgjerande viktig i rusbehandlinga. Her kan pasienten få tid til å endre vanar, trene på sosial omgang med andre utan bruk av rus, møte andre i tilsvarande situasjon og lære meir om seg sjølv innan fastlagde rammer som gir ro, slik ein kan ved Tronvik i Høyanger.
Fylkesutvalet vedtok 9. februar 2021 ei støtte til Høyanger kommune si fråsegn til Helse Vest om tverrfagleg spesialisert døgnbehandling ved Tronvik.
Helse- og omsorgsminister Kjerkhol har til eit spørsmål om prioritering av psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling med utgangspunkt i Tronvik svara følgjande:
«Gjennom den varslede forebyggings- og behandlingsreformen vil regjeringen komme nærmere tilbake til behandlingstilbudene til personer med rusmiddelproblemer spesielt».
I valkampen var fylkesordføraren på besøk på Tronvik og har bl.a. med utgangspunkt i både fylkesutvalsvedtaket frå februar 2021 og besøket på Tronvik i august 2023, sikkert gjort seg opp ei meining om desse spørsmåla:
1. Meinar fylkesordførar at Tronvik, og eventuelt andre rusbehandlingstilbod som er trua av nedlegging i fylket, er av ein slik kvalitet og samfunnsnytte at det er verdt å slå eit slag for desse?
2.Om ja på spørsmål 1: Kva kan fylkesordføraren tenke seg å gjere overfor Helse Førde, Helse Vest og Helse-/omsorgsdepartementet for å sikre at sengeplassane blir vidareført og ikkje kutta verken på Tronvik eller i avdeling for rusmedinisin og ROP-einingane i Helse Bergen?
Framlegg til vedtak:
Fylkestinget vil på det sterkaste oppfordre fylkesordførar om å gå i dialog med Helseforetaka og helseministeren, slik at heilt kritiske og moderne døgnplassar innan rus og psykiatri blir styrka og denne pasientgruppa blir satsa på omgåande.