Ber fylket ta kampen for Palestinarane
Raudt Vestland sin fylkestingsgruppe fremmer i novembermøtet ein interpellasjon til Fylkestinget der Raudt ber fylket slutte seg til krava frå Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Flyktningehjelpen, og over 370 andre organisasjonar og krevje vapenkvile på Gazastripa og i Israel.
Her er Raudt sin interpellasjon til Fylkestinget i Vestland
Fordømmelse av terror og alle brot på folkeretten
På FN sambandet sine nettsider er å lese i dag:
“Ny krig brøt ut mellom Israel og palestinerne 7. oktober 2023. Hamas-krigere fra Gazastripa stormet inn i Israel og drepte over 1 400 israelere. Israels militære reaksjon har ført til flere tusen drepte palestinarar. Generalsekretæren i FN fordømmer Hamas-aksjonen som terrorhandlinger, men sier det ikke rettferdiggjør en kollektiv straff mot det palestinske folk. Han minner om at volden springer ut av en langvarig konflikt og en 56 år lang okkupasjon…”
Israel har over 16 år gjennomført ein blokade på Gazastripa, som har ført til ein humanitær krise, og gjort Gaza til eit ope fengsel. FN om menneskerettighetene i de okkuperte områdane:
”Israels blokade av Gazastripen bryter grunnleggende menneskerettigheter . Blokaden utgjør en kollektiv avstraffelse rettet mot den palestinske befolkningen, noe som anses for å være en krigsforbrytelse.”
LO sekreteriatet vedtok 16. oktober:
“LO fordømmer den siste ukens grufulle voldsutøvelser mot sivile i Israel og Palestina - Hamas terror og Israels nådeløse gjengjeldelse.”
Antikrigs initiativet Norge har uttalt følgjande:
“Fred og sikkerhet kan bare oppnås gjennom forpliktende politiske avtaler der Israels okkupasjons- og apartheidpolitikk opphører.”
Palestinakomiteens landsstyremøte 22. oktober vedtok uttale:
"Stopp folkemordet på Gazastripa. Nærmere 4500 palestinere er drept kun i Gaza. I tillegg antas det at over 1.000 ligger begravet i ruinene. 70 prosent av de drepte er kvinner, barn og eldre.”
Det som dei siste vekene har utspelt seg i Israel og på Gazastripa, har ført til store demonstrasjonar i dei fleste land i den vestlege verda, og i USA 18. oktober hadde organisasjonen Jews for Peace sin hittil største demonstrasjon nokon sinne, med ein “sit down” inne på Capitol hill, med krav om våpenkvile.
I skrivande stund, er sjukehusa i Gaza i ferd med å gå tom for straumtilførsel, samstundes som Israel førebur ein bakkeinvasjon og omkrinser Gaza med artelleri og tanks.
Vi kan lese på nrk.no at over 130 born i kuvøser, kan døy, som følgje av Israel sin blokkade, fordi dei ikkje får drivstoff inn i Gaza for å drifte straumgeneratorar på dei sjukehusa som framleis er i drift. Det er rundt 50 000 gravide kvinner på flukt inne i Gaza, utan nokon stad å finne tryggleik, med angst for korleis dei skal føde og verne om sitt eiga og borns liv.
Dette er unekteleg brot på folkeretten, og det som utspel seg i kjølvannet av HAMAS sitt angrep på Israel den 7.oktober er i ferd med å utvikle seg til eit regelrett folkemord. Det er ingen tvil om at Hamas er ein terror organisasjon og deira angrep på Israel fordømmes og må få konsekvensar. Det er heller ingen tvil om at Israel har rett til å forsvare seg, samstundes er det klart at Israel må få beskjed frå verdenssamfunnet om at grensa for valdsbruk er meir enn nådd! Vi kan ikkje akseptere at sjukehus blir bomba, at heile familiar blir utsletta eller at sjukehus må stenge ned slik at born i kuvøser døyr, korkje i Ukraina eller Palestina!
Fylkestinget i Vestland, anerkjenner at sivile palestinarar sine menneskerettar er ukrenkelege, og vil sende ein sterk appell til regjering og storting om at det blir sett fokus på de-eskalering av valdsbruken mot befolkninga på Gazastripa.
Spørsmål til fylkesordførar:
- Deler fylkesordførar bekymringa for at Israel ikkje respekterer den humanitære folkeretten og at dei no er i ferd må å gjennomføre eit folkemord på uskyldige sivile i Gaza?
- Vil fylkesordførar vurdere å ta kontakt med eigne representantar i regjeringa, for å bidra til at norske myndigheiter tilsluttar seg FNs apartheidkonvensjon?
- Vil fylkesordførar vurdere boikott av handel med varer frå okkuperte områder, inntil apartheidsystemet som undertrykker palestinerne, både innenfor og utenfor Israel opphøyrer?
- Veit Fylkesordførar om det er vestlendingar som no er sperra inne på Gazastripa, og kva blir i så tilfelle gjort for å få dei trygt heim?
Framlegg til vedtak:
- Vestland Fylkesting appellerer til regjering og storting om å arbeide i diplomatiske og politiske kanalar for å få gjennomført ein våpenkvile snarast, og bringe partane til forhandlingsbordet.
- Vestland fylkesting tilsluttar seg kravet frå Norsk Folkehjelp, Redd Barna, Flyktninghjelpen og over 370 organisasjoner som krever umiddelbar våpenhvile på Gazastripen og i Israel for å forhindre ein humanitær katastrofe og ytterligere tap av uskyldige menneskeliv.
- Vestland fylkesting held fast at fred og sikkerheit kun kan oppnås gjennom forpliktande politiske avtalar der Israels okkupasjons- og apartheidspolitikk blir konfrontert og på sikt opphøyrer. Krav om at blokaden opphevast, okkupasjonen avsluttes og palestinarane sine rettar respekterast, er ein føresetnad for gjensidig respekt og dialog der målet er fred mellom dei to folkeslaga.