Oppretthald postvesenet

Raudt tar kampen for postvesenet i Vestland og har levert dette framlegget til fråsegn.

Det offentlege postvesenet må oppretthaldast som ein kritisk del av infrastrukturen både i byane og distrikta.

Store deler av Norge er svært spreiddbygd, der mange har lang avstand til næraste Post i Butikk (Postpunkt). Demografiutfordringar og dårleg / manglande offentleg kommunikasjon er vanleg.

Vestland fylkeskommune reagerer på at Posten, som har leveringsplikt, vert foreslått gjort om til ei teneste der kvar enkelt skal hente (og sende) eigen post på eit postpunkt, eller berre få post levert i postkasse ein dag i veka. Postlova §7 gjev Posten leveringsplikt også for aviser. Utan dagleg postombering vil store deler av busetnaden i landet bli utelukka for daglege trykte aviser. Det er neppe attraktivt i eit vanleg anbudsregime å levere aviser i dei meir spreiddbygde strøka. Derfor må staten ta eit større ansvar for det. Manglande tilgang til papiraviser vil auke utenforskapet for dei som ikkje er / kan vere digitale brukarar, og kanskje særleg for born og unge som i endå større grad vil hente all informasjon frå ikkje-redakstørstyrte media. Slik vil dette også vere ei omlegging som motarbeider demokratiet.

I behandlinga i Stortinget i 2019, sist postlova vart endra står det at Stortinget har vedteke endringar i postlova. På grunn av at volumet i brevposten har falle har regjeringa fremma forslag for Stortinget om at postsendingar skal utleverast annenkvar dag, mandag til fredag, i en to-vekers syklus. Vidare er det i § 7 i loven bestemt at myndighetene kan gi forskrift og fatte enkeltvedtak om leveringspliktige tjenester, herunder krav til tenesteomfang, geografisk dekningsområde, service og kvalitet, innsamlinsordning, og antal og plassering av ekspedisjonsstadar. Videre omtalar ein i § 7 hva kompenserande tiltak kan være.

«Kompenserende tiltak kan blant annet gjelde utlevering av aviser i abonnement på lørdag til mottakere som ikke har annen avisdistribusjon». Ordninga som er no med postutlevering annakvar dag gjer at vi ikkje lenger får dagsaviser på rett dag. Ei ytterlegare omlegging vil vere øydeleggande for distrikta.

Det er vanskeleg for oss å forstå at dersom ein skal ha utdeling av aviser til postkassane, så blir det dyrare om ein samtidig også skal ta med brev og pakkar. Desse må likevel sorterast for å leggast klar for henting i eit postpunkt. Vestlan fylkeskommune meiner derfor at avisutlevering framleis må skje til dei som har postombæring og at ein der også skal halde fram med brev- og pakkeutlevering.

Anbud av teneste må tilpassast folk sitt behov, ikkje omvent.

Vestland fylkesting støttar at ein fortsett å utvikle «Dørterskel-teneste» i samarbeid med kommunane. Det er viktig at offentlege pengar og tenester vert kopla saman for å gje innbyggarane effektive og best mogeleg tenester ut frå dei økonomiske og mennesklege ressursane som vert lagt i ei offentleg teneste. Samtidig er det ein sterk grad av beredskap i ei slik teneste.