Stans Statnett si øydelegging av naturen i Vestland
Raudt Vestland har sendt inn høyringsfråsegn i samband med NVE sine planlagte og store kraftlinjeutbyggingar på Vestlandet.
NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) har invitert til ei offentleg høyring fram til 16. januar 2025 om Statnett sin søknad om å byggje ei ny 420 kV kraftlinje på Vestlandet. Denne skal etter denne planen gå i luftspenn frå Sauda via Etne til Blåfalli i Kvinnherad og vidare gjennom Ullensvang, Kvam, Samnanger, Vaksdal, Osterøy, Alver og Askøy til Kollsnes i Øygarden.
- Raudt Vestland etterlyser ein nærare dokumentasjon frå Statnett om det reelle samfunnsøkonomiske behovet for å byggje desse nye linjene til mange milliardar kroner.Skal linjene levere vasskraft til elektrifisering av offshore intsellasjoner? Kva slags konkrete industrieventyr langs kysten vår er det behov om å levere meir straum til? Kva blir konsekvensane for den kraftforedlande industrien og anna næringsliv i indre strøk for denne kraftoverføringa til kysten og eventuelt i Nordsjøen?
- Raudt Vestland etterlyser ei alternativ vurdering og grundige, uhilda utgreiingar av linjetrasear som er meir skånsame utifrå natur, miljø- og friluftsinteresser og kulturminner.
- Vestland fylkesting gjorde eit einstemmig vedtak 16.03.2022 at Vestland fylkesting går inn for at jord- og sjøkabel skal utgreiast som eit reelt alternativ på lik linje med luftspenn i samband med byggjing av nye kraftleidningar. Raudt Vestland krev at Statnett viser respekt for dette vedtaket og at utredning på jord-og sjøkabel snarleg blir presentert som linjetrasear.
- Raudt Vestland vil og peike på at det ut frå beredskapsomsyn (m.a. ekstremvær, ras- og skredfare og ising, samt krigsfare) vil vere sikrare å byggje framtidig linjenett i jord, fjell og sjø framfor i luft.
- Raudt Vestland vil i neste stortingsperiode på nytt ta initiativ til ei regelendring, der jord- og sjøkabel istadenfor luftspenn blir hovedalternativet ved framtidig linjebygging i Norge.