Meir raud politikk

På junimøtet i Vestland fylke vart rekneskapen handsama, og Raudt la fram ei rekke alternative prioriteringar framigjennom. Alle tek sikte på å få meir raud politikk for innbyggjarane i Vestland.

Akkurat no blir årsregnskapet for Vestland fylkeskommune handsama i fylkestinget, dette er er kva eg låg fram:

Raudt vil bygge vidare på det alternative budsjettet vi fremma i fylkestinget i desember 2022. Der vi låg til grunn ein full statleg kompensasjon frå staten for auka prisvekstprognoser.

“Vi har ein raud tråd i politikken vår sjølv om vi har site i opposisjon denne perioden, etter valet skal vi inn i fylkesutvalet og vil sjølvsagt satse på å styrke eit venstresidestyre i Vestland og der vil vi vere ein garantist imot alle former for høgrepolitikk.”
  • Endringsforslag basert på Finansiering med reduksjon nedbetaling av lån 100 mill.
  • Takstreduksjon kollektiv 45 mill.

Vi er i ei dyrtid som ikkje ser ut til å ende med det første, difor må kollektivtrafikken bli rimelegare, vi set av 45 millionar til takstreduksjon.

  • Forsøksprosjekt mobil tannhelse 20 mill.

Det er eit stort behov for å utvide tannhelsetenesta, rekruttere og tette hola i velferdsstaten. Med over 80% private klinikkar og ei offentleg helseteneste som ikkje klarer å oppfylle sine lovpålagte oppgåver, trengs det satsing i sektoren. Raudt set av 20 millionar til utgreing av ei mobil tannhelseklinikk. Vi jobbar for å ruste Vestland si tannhelseteneste til den omfattande tannhelsereforma som skal gje fleire tilgang til gratis tannpleie. Sikre desentralisering, stabilisering og rekkruttering.

  • Utstyr til vgs pluss 15 mill.

Vi set av 15 millionar til utstyr til dei vidaregåande skulane, behovet er stort i skulane og vi vil følge opp med langt meir til dette i budsjett for 2024. Vi spesifiserer ikkje dei konkrete tiltaka, dette er fullmakt til prioriteringar som hovudutvalet for opplæring må ta utfrå ei politisk sak, vi veit at dette ikkje er nok, og her må ein prioritere utfrå best mogleg saksgrunnlag.

  • Tilskot Prosjekt Vaksdal mølle pluss 6,5 mill.

Viktig tiltak for bevaring av stolt kultur- og industri-historie, med mølle drifta av vasskraft for å male korn til mjøl og vi treng i eit beredskapsperspektiv eit kompetansesenter om dette!

  • Tilskot til papirlause pluss 13,5 mill.

Raudt vil sikre gratis kollektivtrafikk og høve til å få plass på ledige plassar i vidaregåande opplæring for denne gruppen. Etter tilleggsnotatet i saka om tiltaket opplæring, ligg prognosar for eventuelle kostnadar i forhold til denne gruppa, vi sett vi av nok til å sørge for eventuelle utgifter i høve den prognosen slår til. (Dette inkluderer språkopplæring og vaksne som vil starte opp med vidaregåande oppløring der det er ledige plassar.)

  • Spillhuset Bergen 2;5 mill.

Spillhuset i Bergen treng 2,5 millionar, og dette er eit veldig viktig folkehelse- og inkluderande tiltak vi vil løyve midlar til no. Dei har lukkast med å halde eit lågterkseltilbod ope i Bergen, gratis og tilpassa eit bredt miljø av unge og eldre som har interesse for alle typer spill og gaming.