Fylkesveg og bane må ha prioritet!

Raudt vestland vil oppfordre heile det politiske kollegiumet i Vestland til å stå samla rundt fleirtalet som no sikrer at Bergensbana får prioritet i NTP.

Raudt vestland vil oppfordre heile det politiske kollegiumet i Vestland til å stå samla rundt fleirtalet som no sikrer at Bergensbana får prioritet i NTP. Det er store ambisjonar og oppslutnad i Vestland fylkesting om å få ned utsleppa og soleis spelar effektiv bane og miljøvennleg kollektivtrafikk ei viktig rolle. Raudt Vestland er nøgd med at Raudt i lag med stortinget no sikrar avkorting av reisetida Bergen - Oslo med 1 time. Vestland fylkeskommune har prioritert K5 og oppgradering av jernbana i sitt inspel til NTP, men politikarane her vest må også vise lojalitet til vedtak i fylkestinget som er i tråd med det fleirtalet no har sikra i favør av Vestland.

Dessutan vart det i Finansutvalet Vestland Onsdag 05.06.2024 klart at fylkesdirektøren gjer framlegg om store kutt innan samferdsle, kollektivtransport, skule og andre sektorar, på grunn av auka utgifter i kontraktar og driftskostnadar som følge av prisvekst og renteauke. Summen er anslått til ca. 215 millionar i salderingar for 2025. Dette på tross av forslaget om ei 5% takstauke på kollektivprisane frå August 2024, for å auke fylkeskommunen sine inntekter med 50 millionar.

Raudt Vestland er uroa for kva konsevkvensar dette vil få for fylkesvegnettet og for kollektivbrukarane sin personlege økonomi, ikkje minst vil dette kunne føre til at fleire veljer vekk kollektivtransport, til fordel for privatbilisme. Det er eit fleirtal med Raudt som no på stortinget sikra at fylkesveg og rassikring får større rammer i åra framover og at store prosjekt som kan styrke den milljøvennlege jernbana får hovudprioritet. 

Vi registrerer også at Fylkesordførar i Vestland på vestlandsrevyen onsdag var skuffa over stortingsfleirtalet sin avtale, då dei ikkje sikra bybana med finansiering. Raudt Vestland har vore klare inn mot stortingsgruppa vår, vi vil ha 100% statleg finansiering av Bybana. Vi er samde i kritikken, men vil først og fremst rette den mot regjeringa. Vi oppmodar fylkesvaraordføraren om å arbeide for at regjeringa her finn saman med Raudt og andre for å sikre at Bybana får statleg finansiering for planlagd utbygging vidare til Åsane, med oppstart snarast råd.

Raudt Vestland

Ved,

Leiar Kjell Oldeide og gruppeleiar for fylkestingsgruppa Jeanette Syversen