Nei til lagring av radioaktivt avfall i Gulen
Raudt ber Vestland Fylkesting på det sterkaste avvise søknaden om lagring av radioaktivt avfall i Gulen.
Direktoratet for Strålevern og Atomsikkerhet (DSA) og Miljødirektoratet har på høyring søknad frå Wergeland-Halsvik AS om endring av tillatelse etter forurensingslova til mottak, behandling og deponering av radioaktivt avfall ved NORM-deponiet i Gulen kommune, i tillegg til utvidelse av deponiet.
Det kjem fram av søknaden at Wergeland-Halsvik AS sin søknad inneber ei utviding av deponiet med auka utslepp av sigevann, som vil bli pumpa ut av deponitunellane. Sigevannet inneheld organisk karbon og metallar, mellom anna tungmetallar. Søknaden omfattar ikkje utslepp frå behandling av avfallet, verken til vann eller til luft.
Vestland fylkesting har vedtatt ein utviklingsplan som legg FNs berekraftsmål til grunn. På side 16 i utviklingsplanen kan vi lese at den miljømessige dimensjonen i berekraftig samfunnsutvikling handler om: “å sikre liv på land og vatn, stoppe og tilpasse oss klimaendringane og sikre matjord, geologiske ressursar, plantar og dyr, reint vatn og luft i kretsløp og til menneske.”
Fylkestinget i Vestland vil med dette leggje ned motføresegn til søknaden om utvida lagring og handtering av radioaktivt avfall i Gulen kommune. Frå eit miljø- og folkehelseperspektiv er vi restriktive med å bruke Vestland fylke som dumpingplass for radioaktivt avfall frå industrien i Europa. Særleg urovekkjande er uvissa om kva potensielle konsekvensar ei slik utvidelse vil ha for biomangfaldet i sjø, for folkehelsa og for miljøet.
Framleg til vedtak:
Vestland fylkesting anmoder med dette på det sterkaste å avvise søknaden til Wergeland-Halsvik AS.
Vestland fylkesting seier nei til åpning for mottak av utenlandsk radioaktivt avfall, sjølv om det er med samme krav som norsk avfall.
Fråsegna sendes til:
dsa@dsa.no innan høyringsfristen 16.12.2024 med referansenummer 23/03117.
Miljødirektoratet og Klima og miljø departementet