Vindkraft, ja eller nei den 11.september?

Ei viktig avrøysting om vindkraft på fylkestinget i Vestland skulle ha kome før valet, men vart i vår flytta til etter valet - så maktkonstellasjonen slapp ta kritikk for sitt djupt upopulære syn på vindkraft.

Ei av dei viktigaste sakene som skal opp i Vestland fylkesting komande periode, er siste del av «Regional plan for fornybar energi i Vestland 2023-2035». Planen skulle eigentleg verte ferdig handsama på fylkestinget i mars, men delen som omhandlar produksjon vart utsett til etter valet.

Planen har som mål å byggje ut meir fornybar energi for å imøtekome kraftbehovet i framtida, men samstundes kutte utslepp. Spørsmålet er då kva energikjelder vi skal produsere meir av. Dette ønskte Arbeiderpartiet og Senterpartiet ikkje å ta stilling til, og fekk fleirtal for det.

Kvifor vil ein ikkje vedta målsettingar knytt til produksjon av energi før valet? Jau, fordi den største delen omhandlar vindkraft, som er særs upopulært i Vestland.

I dag produserer Vestland fylke 1.6 TWh vindkraft på land fordelt på 139 vindturbinar. Målet slik det vart presentert i planen er å få det opp på 5 TWh innan 2035. Dette er meir enn ei tredobling. Dette er kontroversielt, og ei dårleg valsak.

Teorien som vertpresentert i heile Norge, er at om vi produserer meir kraft, så vil straumprisane automatisk gå ned. Dette er ein teori som nesten alle partia støtter. Raudt er einaste parti i fylkestinget i Vestland som konsekvent seier nei til vindkraft, både på land, til havs og i fjæra.

Å byggje ut meir energi med dagens energipolitikk, vil vere som å fylle eit badekar utan å ha sett proppen i. Straumprisane våre føl den europeiske straummarknaden. Dette slår sterkt ut i Vestland, sidan vi er kopla opp til land som England, som har mykje høgare straumprisar enn oss. Dette vil ikkje endre seg i nær framtid.

Raudt har difor føreslege makspris på straum på 35 øre/kWh, som er vår hovudsak ved dette valet. Straumen må takast av børs og kome tilbake under politisk kontroll, med krav til fyllingsgrad og regulering av krafteksporten. Om dette ikkje let seg gjere innanfor ACER-avtalen, så må ACER-avtalen reforhandlast, eller seiast opp.

Alt dette må på plass før det er aktuelt å i det heile diskutere store vindkraftparkar i fjellheimen vår. I tillegg må vi satse meir på energieffektivisering, etterisolering og oppgradering av eksisterande vannkraftverk først. Vi må seie nei til elektrifisering av sokkelen. Samtidig må vi seie nei til håplause prosjekt som Tiktok-fabrikkar og datasenter som sluker straum med lita til ingen samfunnsnytte.

Ei stemme til Raudt i Fylkesvalet 2023 er ei stemme for demokratisk kontroll over straumprisane og vern av vår viktigaste verdsarv, naturen.


Johan Lavik
3.kandidat og næringspolitikar for Raudt Vestland