Eit tiltak i kampen mot forskjells-norge!

I samband med fylkestingsmøtet 17. og 18. oktober 2023 gjekk Raudt inn for senking av politikarlønene.

Fråsegn om politikargodtgjersle til fylkestinget 17-18.oktober 2023


Eit tiltak i kampen mot forskjells-norge!

Nytt fylkesting trer saman i desse dagar og tidlegare vedtatt politikargodtgjersle trer i kraft.

Det er ikkje for seint å snu i sak om forskrift for politikargodtgjersle, som ligg referert i RS sak under punkt 7. om rettar og plikter. Dette konstituerande fylkestinget kan og bør meine noko om satsane for godtgjersler, som vart vedtatt i fylkestinget i mars 2022 og trer i kraft den 17.10.2023.

Kvifor skal vi bry oss om kva vi politikarar tener? Jo, fordi politikk handlar om å prioritere. Ei krone meir i godtgjersle betyr ei krone mindre til tenestene fylkeskommunen har ansvar for å drifte.

Som fylkestingsrepresentantar skal vi på vegner av Vestland fylkeskommune bevilge pengar til mellom anna offentleg tannhelse og rimelegare kollektivtrafikk. Vi skal prioritere styrking av tilpassa opplæring og psykisk helse i vidaregåande skular for å nemne noko.

I denne dyrtida er det viktig at vi som politikarar viser moderasjon og går føre som gode eksempel. Den siste tida har vi sett døme på framveksande mistillit som følge av inhabilitet og aksjehandel. Difor vil fylkestinget sette ned beregningsgrunnlaget for folkevalde i Vestland si godtgjersle.

Vestland fylkesting vil fastsette fylkesordføreren si godtgjersle til 8G, og alle andre verv blir godtgjort med 80 % av stortingslønna som beregningsgrunnlag.

Folkevalde skal ikkje motta godtgjersle for verv utover 100% av berekningsgrunnlaget.

Rita Tonning
Raudt Vestland