Eit landbruk å leve av
Vestlandsjordbruket er utrydningstruga. Difor har Raudt føreslått ei fråsegn om landbruket for Fylkestinget i Vestland når dei møtast i Bergen 11. og 12. desember 2024.
Vestlandsjordbruket er utrydningstruga.
Dei siste 25 åra har tal gardsbruk i drift i Vestland har gått ned frå ca 11 000 til 6 000 bruk. Nedgangen i arealbruk er klart større for Vestland enn for resten av landet. Og no har vi 550 mjølkebruk i fylket med båsfjøs, som vi risikerer at ikkje vert med inn i framtida når lausdriftskravet trer i kraft i 2034.
Næringa sjølv er klinkande klare på kva som er problemet: Manglande lønsemd.
Grytten-utvalet konkluderte med at norske bønder tener 212 000 kroner. Men i motsetnad til vanlege lønsmottakarar skal ikkje denne inntekta berre gå til å betala for bonden sine private utgifter. Ho skal óg gå til å dekka investeringer på garden, som traktor, gjødsel, fôr, gjerder og reparasjonar.
Når utgiftene er betalt vert det ofte ingenting igjen til å leva av. Matforsyninga vår er i dag altså avhengig av at bønder har lyst til å produsera mat på dugnad. Bruksnedleggingar tyder på at dei ikkje lenger kan eller vil dette.
Samstundes har vi fått eit nasjonalt mål om å auka sjølvforsyninga vår frå 40 til 50% - ei auke på heile 25%.
Stortingsmelding 11 som vart handsama i Stortinget i april 2024 skulle gi eit tydeleg vegkart for korleis denne opptrappinga skulle skje, mellom anna ved å gi landbruket eit nytt talgrunnlag for utrekning av bondens inntekt slik at ein skulle få ærlege tal på bordet. Bøndene meiner at den låge lønsemda i jordbruket lenge har vorte tilslørt fordi ein har brukt tal for å rekna ut bondens inntekt som bonden sjølv ikkje har kjent seg igjen i. Eit ærleg talgrunnlag vart ikkje levert, men til våren 2025 er det duka for ein historisk omkamp.
Som vestlandspolitikarar med ansvar for jordbruket i Vestland ser vi behovet for å ropa varsko på vegne av ei svært sårbar næring som er ein berebjelke for fylket vårt.
- Vestland fylkesting tek den låge lønsemda i landbruket på alvor, og ser auka lønsemd som eit heilt instrumentelt middel i å nå regjeringas mål om 50% sjølvforsyning basert på norske ressursar. Jordbruksfylket Vestland har no ikkje fleire bønder eller meir jordbruksareal å mista.
- Vestland Fylkesting ber regjeringa om å lytta til dei viktige signala frå næringa og levera eit fagleg rett og ærleg talgrunnlag til Stortinget våren 2025. Utan eit talgrunnlag som næringa kjenner seg igjen i, er det all grunn til å tru at avviklinga av vestlandsjordbruket vil halda fram med uforminska styrke.