Nei til landstraum til tampen

Raudt reagerar på planane om elektrifisering av Snorre A-plattforma i Tampen-området og ber om at Vestland Fylkesting får uttale seg om saka.

Interpellasjon vedr. Elektrifisering av Snorre A plattforma i Tampen-området til fylkestinget 18-19.mars 2025

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt på høyring ei
melding frå Equinor om elektrifisering av petroleumsfelta i Tampen-området. Det vert planlagt med eit effektuttak på 180 MW fra land. Løysingar som er meldt for nettilknytning berører Bremanger kommune i Vestland fylke. Tilknytning til Ålfoten transformatorstasjon er valt som hovedalternativ med bakgrunn i lokaliseringsstudier og dialog med Statnett og Linja. Dersom det skulle dukke opp forhold som
gjer at hovedalternativet (Ålfoten) skulle vise seg vanskelig å realisere, vert det sett på alternative løysningar. Linja greier ut tilknytning til Linjas 132 kV-nett; enten ved Hennøy eller Ålfoten. Hennøy og Ålfoten er vurdert som robuste tilknytningspunkt i eksisterande nett. Det har tidligare vore tre mulige plasseringer av en ny landstasjon, no meldast det kun to. Frå eksisterande nett, via ny landstasjon meldes det en ny luftledning. Frå landtak planleggast det ein sjøkabel på om lag 170 –190 km avhengig av landfall, ut til Tampen-området. Sjøkabelen vil også kunne krysse Kinn kommune. Equinor planlegg å søke om konsesjon for nettanlegget, inkludert konsekvensutgreiing, i 2025. NVE ber om innspel til meldinga innan 28.
mars 2025.

Dette er ei sak som vil få store konsekvenser for natur i Bremanger kommune i Vestland og Raudt er sterkt bekymra for å nytte så mykje landstraum at det kan gi mangel på kraft i området.

Vestland fylkesting må nytte høvet til å gje uttale i ei så viktig sak
og etter vår meining seie nei til forslag om landstraum til Tampen-området. Spørsmål til fylkesordførar:
1. Vil fylkesordførar sette saka på dagsorden, slik at Vestland fylkesting kan gje utale i saka?

2. Hvis saka kjem til handsaming, så ber vi fylkestinget slutte seg til følgande forslag til uttale fra Vestland Fylkesting:

Vestland Fylkeskommune seier nei til elektrifisering av Snorre A
plattformen på Tampen-området. Vestland Fylkeskommune fryktar at planen om å sende krafta ut på sokkelen kan få svært mange negative konsekvensar som knappheit på kraft til utvikling av, og etablering av industri i våre område, auka prisar på kraft, auka nettleige, store naturinngrep og naturøydeleggingar på grunn av nye kabeltrasear - og auka press på utbygging av nye landvind-anlegg i eit område som

frå før er sterkt belasta med landvind. Vestland fylkeskommune seier nei til Equinor sin plan om landstrømskabel til Tampen-området.
Vedtak på høyring sendast NVE innan 28.mars.


Rita Tonning Fylkestingsrepresentant Raudt