No må det bli slutt på kutt!
Raudt Vestland vil fram-elske at alle lokallag tar ei runde for å sjekke av korleis nedskjeringane i fylket treff si kommune. Vi vil ha lokaldemokratiet sine innspel til Raudt vestland sitt alternative budsjett 2024!
Lokalt oppfordrar vi at ein kontaktar bygdelag, skular, idrettslag og fagforeiningar og liknande for å få deira reaksjon på nedskjeringa.
På vegne av Raudt Vestland si fylkestingsgruppe er alle lag og folkevalde i Raudt med dette oppfordra til å delta i budsjett-opprøret!
Samordning styret vedtok 27. oktober ein uttale der vi rettar sterk kritikk mot kutta som er forespeila for Vestland fylkeskommune og krev større rammer: Vil regjering og storting kaste skule og fylkesveg "under bussen"? I skrivande stund veit vi at regjeringa har auka overføringar til fylker og kommunar over statsbudsjettet med 5 milliardar. Les landstyret sitt svar på dette i uttala: 5 milliardar er ikkje nok, kommuneopprøret må halde fram! No må vi finne alternativ til fylkesdirektøren sine salderingar og prioritere ein politikkutvikling som sikrar rettferdig omfordeling og motverkar sosial og økonomisk ulikskap i heile fylket.
Sjølve Arbeidsdokument 3 er på rammenivå, og endeleg budsjettutkast (A-dok 4) frå Fylkesdirektøren skal vere tilgjengeleg frå 06. november. Les alt om fylkesbudsjettet her, nettsida blir oppdatert fortløpande.
Det er ein nyttig «spørsmål og svar» funksjon open for ålmeina, kor ein kan lese spørsmål frå alle partia til budsjett dokumentet og lese svara frå administrasjonen fortløpande.
Har lokallaga og folkevalde konkrete spørsmål og eventuelle innspel til vårt alternative budsjett på saldering og prioriteringar?
Send spørsmåla til våre 2 fylkestingsrepresentantar:
- Jeanette Syversen jeanette.syversen@vlfk.no
- Rita Tonning Rita.Tonning@vlfk.no
NB! Sett gruppesekretær Johan Lavik Johan.Kuswania.Nzungula.Lavik@vlfk.no på kopi.
Dette er ei viktig moglegheit til å spørje om kva kutt som er aktuell i dykkar kommune og løfte fram viktige tiltak innanfor fylket sine ansvarsområde lokalt.
Tidslinja for handsaming i fylket er slik:
Finansutval og Fylkesutval 27. november der partia legg fram sine alternative budsjett
Frist for innsendte spørsmål til budsjettet: 30 november.
Helga 30. november og 1. desember har fylkestingsgruppa budsjett seminar på Vestlandshuset i Bergen
Fylkestinget 10. og 11. desember - endeleg handsaming av fylkesbudsjettet.