Pengane finst - stans dei skadelege kutta i kommuneøkonomien!

Raudt Vestland har publisert ei fråsegn der ein krever betre rammer og meir penger frå staten til kommunane.

Den 1. november kunngjorde kommunalminister Erling Sande ei påplussing på rammetilskota til kommunane og fylkeskommunane med 5 milliardar i desember 2024, og ytterlegare 5 milliardar på 2025-budsjettet. Dette tilskotet kom som følgje av bølgja av protestar denne hausten i ein rad kommunar over heile landet. Men påplussinga er dessverre altfor lita og må minimum doblast for at kommunane kan normalisere og trygge drifta. Staten må ta ansvar og auka rammene!

Raudt Vestland vil åtvare mot presset ovanfrå om å gjennomføre skadelege kutt i kommunale funksjoner, funksjoner som kan vere vanskelege, om ikkje umogelege å reparere. Det å leggje ned skuler og barnehagar er ofte i praksis «aktiv dødshjelp» for lokalsamfunnet som kjem inn i ein vond sirkel med auka fråflytting. Særleg sårbar for skadelege kutt er førebyggande tiltak, med alvorlege og kostbare konsekvensar på sikt, både for enkeltmennesket og samfunnet. Det same gjeld kutt i eiga personale som i sin tur fører til økt sjukefråvær og kostbar bruk av vikarbyrå og innleigefirma.

Dei planlagde kutta er feil medisin, dei er skadeleg «effektivisering» og må stansast med mobilisering nedanfrå. Eit døme til inspirasjon om at det nyttar å kjempe, er semja som no er oppnådd mellom partia i kommunestyret i Ullensvang om å skjerma viktige funksjonar som t.d. barnehagar og skular.

Raudt Vestland vil arbeide for å få betre rammer og meir pengar frå staten. Vi vil også peike på at staten faktisk skylder kommunane enorme store beløp, til saman ufattelege 65 milliardar kroner pr. 31.12.23! Dette store beløpet er pengar som no kunne vore særs nyttig no for unngå irreversible skadar som følje av uvettige budsjettkutt!

Desse 65 milliardane kjem frå eit spel som kallast «premieavvik», ein innretning som tillèter at staten skyv ut oppgjer for store beløp som kommunane legg ut for pensjonsutgifter. Staten har forplikta seg til å dekke desse utgiftene men held systematisk attende år etter år. Dette treffer óg fylka! For Vestland fylkeskommune dreidde det seg om 358 millionar, men for mange av kommunane i fylket gjeld det mykje større beløp. Desse pengane må tilbakeførast til fylka og kommunane, med renter!

Raudt Vestland 27.11.24

Kjell Oldeide, leiar

Jorunn Birkeland, nestleiar