Julemedlemsbrev

Med ynskje om ei god jul og eit mindre koronaprega 2021, vil styret i Raudt Rogaland takke for innsatsen i år - og minne om tidenes valkamp som er rett rundt hjørnet.

Kjære Raudt-medlem i Rogaland,

Det har vore eit spesielt år. Vi har alle lært noko nytt om oss sjølve, og om verda vi lev i. For nokon har ikkje kvardagen endra seg så mykje, medan andre har fått livet snudd på hovudet. Vi har alle fått testa og utforska personlege grenser, der vi prøver å balansere råda frå FHI samstundes som ein gjerne vil klemme på alle kjære vener og familiemedlemmer.

Vonar vi kjem oss gjennom dette med ei kjensle av at det «aldri er så gale at det ikkje er godt for noko», og tek oss med klokskap og visdom til god bruk når vi skal forandre verda til det betre neste år.

For neste år blir det regjeringsskifte, og vi gler oss heilt vilt til å starte!


Valkamp
Valkampen startar offisielt 6. april, og Raudt planlegg for tidenes grasrot-valkamp, der alle bidreg der vi kan for å kome over sperregrensa. Til inspirasjon – meiningsmåling frå Norstat viser at dersom det var Stortingsval i desse dagar ville Raudt fått 9 representantar til Stortinget, deriblant Rogaland sin toppkandidat Mímir Kristjánsson! Den neste målinga til TV2 gav oss 12 representantar, så dette går absolutt rette vegen. I tillegg har Rogaland blitt valt som eit av dei prioriterte fylka under valkampen av landsstyret . Det vil seie at styret har stor tru på at vi får inn minst ein mandat på tinget, og vil støtte oss der dei har høve. Så etter påske er det bare å brette opp ermane og sette i gang.

Vi planlegg å ringe alle 600 medlemmer i fylket i løpet av april og mai, og gler oss til å høyre kva du ynskjer å bidra med. Vi treng folk både til å putte valglister i postkasser, stå på stand, dørbanking, skrive lesarinnlegg til lokalaviser, dele innlegg på sosiale medier, eller andre ting du skulle komme på. Dette blir kjekt!


Mímirturné
Mímir hadde nett starta ein møteserie i Rogaland i byrjinga av 2020, og rakk bare å ha eit par møter før landet stengte ned. Til våren tek han opp att denne rundreisa og freistar å besøke alle krikar og krokar av Rogaland! Meir info om tidspunkt og stader han skal besøke kjem i løpet av våren.


Alternativt budsjett
Raudt Rogaland har laga sitt alternative budsjettforslag for 2021-2024 . Her ynskjer vi blant anna å reversere alle kutt til hurtigbåtane. Fleirtalspartia vedtok likevel å kutte i tilbodet, men kutta kan enno stansast, då det står i vedtaket at kutta fyrst skal gjennomførast frå sommaren 2021, og etter at nytt ruteopplegg har vore på høyring i kommunane. Då kan vi bruke halvåret som kjem til å protestera så breitt og kraftig at fleirtalspartia blir nøydde til å snu!


Nye lokallag
Sidan sist har vi fått to nye lokallag! Rødt Dalane er vårt sørlegaste lokallag i Rogaland og styret består av Per Emil Skjelbred – leiar, Heidi Helgadóttir Leite – nestleiar og Bjørn Tore Birkeland – styremedlem.

I tillegg har vi nettopp fått vårt første studentlag (underlagt Rødt Stavanger, men likevel!). Styret i Rødt Stavanger Studentlag består av Truls Drageset Dydland – leiar, Snorre Johnsen – kasserar, Luisa Pinzon – styremedlem og Sander Mathisrud – styremedlem. Er du student ved UiS og ynskjer informasjon frå studentlaget, gi ein lyd til trulsdd@gmail.com

Om vi legg til Rødt Time og Klepp, som også blei stifta tidlegare i haust, vil det seie at vi har fått 3 nydelege nye lokallag i løpet av dette snodige året. Kan røpe at vi allereie er i planleggingsgropa for eit par til neste år og gler oss til å begynne!


Julelesetips:
Stavanger vil teste ut sekstimarsdagen .

Leiar i Raudt Haugaland og fjerde kandidat på vallista til Raudt Rogaland, Kristian Mateo Norheim fortel om rasisme og annerledes-stempelet .

Siri Borge, Stavangerbasert kunstnar og femte kandidat på vallista til Raudt Rogaland, skriv om einsemd under koronajula .

Raudt Rogaland er kritiske til datasenter som sponsar gigantane .

Flott innlegg i Vårt Land om kvifor kristne burde stemme Raudt .

Per Jo Jenseg, leiar i LO i Stavanger og Omegn skriv om Datasentre, demokrati og makt .

Korleis skal kunstnarar forsørge seg sjølv når dei blir bedt om å jobbe gratis ?

Ole Ronny Koldal, sjette kandidat på vallista til Raudt Rogaland, om kvifor han ynskjer at Sandnes kommune ikkje skal bruke flyselskapet Wizz Air .

Knut Nærum tykte det var på tide at Raudt fekk sin eigen julekalender, og tok saken i eigne hender. Spent advent er ei forteljing i 24 delar, med tekst og teikningar av Knut.

Rødt vil forby innleie av arbeidskraft til byggebransjen for å rydde i den useriøse bemanningsbransjen .

Siri Borge sitt innlegg i Dagbladet der ho sett statministeren på plass ang slutshaming .


God jul & godt nyttår!


Raudt Rogaland