Program
PROGRAM FOR FYLKESTINGSVALET I ROGALAND 2019
Raudt vil ha eit samfunn der mangfoldet er større og dei økonomiske forskjellane er mindre. Det langsiktige målet er sosialisme. Det nære målet er å sikra eit samfunn bygd på solidaritet, med små klasseforskjellar og universelle velferdsgode for folk
BRUK OLJEKOMPETANSEN I EI GRØNN OMSTILLING
Verda må kutta kraftig i klimagassutsleppa, og Norge må ta sin del. Nøkkelen til ei vellykka omstilling ligg i å ta i bruk den kompetansen som arbeidarane i oljebransen sit inne med, til å utvikla verksemder som ikkje forureiner. Norske arbeidarar sit på internasjonal spisskompetanse — den må tas i bruk og ikkje øydast! Dette føreset ein aktiv statleg industripolitikk, slik staten på 1970-talet bygde opp norsk oljebransje. Fylkestinget må diskutera, og bli einige om, ei rekke krav til kva staten skal gjera for å sikra den grønne omstillinga. Samtidig kan næringsavdelinga i fylkeskommunen sjølv vera ein tilretteleggar.
Raudt går inn for:
- Fangst og lagring av CO2.
- Utvikla havvind offshore.
- Full stans i vidare vindmøtteutbygging på land — ikkje fleire inngrep i urørt natur.
- Opprusting av eksisterande vasskraftverk.
- La fornybarfondet Nysnø disponera ein viss andel av oljefondet, øyremerka til å støtta utviklinga av ny industri.
- La ein viss del av oljefondet gå til nødvendig opprustning av infrastruktur: skifta ut vass- og kloakkrøyr slik at me er rusta for framtidig uvêr, bygg ut jernbanettet, post og breiband til alle bygder og alle heimar.
- Bygg høghastighetstog — eit fornuftig alternativ til flytrafikk.
- Elektrifiser bussane.
- La alle hurtigbåtar og ferger bli elektrisk drivne — og la oppdraga gå til norske verft.
- La norske verft bli prioriterte også når fregattar og kystvaktskip skal byggast.
- Bruk kompetansen frå oljebransjens boreteknologi til å utnytta geotermisk energi.
- Statlege forsknings- og utviklingsmidlar må ikkje bare gå til oljebransjen — langt oftare enn i dag må dei gå til å utvikla annan industri.
Klimakrisa er ei av vår tids største utfordringar. Krisa kan ikkje løysast innafor dagens kapitalistiske samfunnsorden, men me kan ikkje drøya med å bøta på problema.
Samtidig må me betra rammevilkåra for den kraftkrevande industrien, slik at me kan driva meir vidareforedling i råvarebaserte næringar som havbruk, fiskeri, skogsdrift og mineralnæring. Me kan også auka vidareforedlingsgraden av produkt me alt i dag eksporterer. Dette føreset ein aktiv statleg industripolitikk.
Rødt Rogaland seier nei til fleire utanlandskablar. Naturressursane våre er folkets felleeige.
Mest mulig natur må få vera i fred. Skal utbygging skje, er det fordi det er nødvendig for å bygga ut industri i Norge og forsyna husstendene med straum. Samtidig må industriens andel av sysselsettinga aukast. Raudt Rogaland støttar Industriaksjonen. Me seier NEI til EUs energiunion og ACER.
Bemanningsbyrå må forbys, slik at me får slutt på sosial dumping; arbeid i Norge skal skje etter norske tariffar og arbeidsstandardar. Norge må seia opp EØS-avtalen.
STYRK OFFENTLEG SEKTOR — MED PENGAR OG ARBEIDSPLASSAR
SKATT SKAL FINANSIERA GODE TJENESTER, IKKJE PROFITT!
Offentlege tenester skal vera gode og helstgratis og dekka behova folk har — dei skal ikkje vera butikk. Då må offentleg sektor ha meir pengar og fleire tilsette.
Vidaregåande skole
Raudt går inn for:
- I vidaregåande skole må det vera samsvar mellom timar undervisning elevane får og timar lærarane gir.
- Pensum skal vera i trykte utgåver på begge mål i alle fag, digitale ressursar skal vera eit nyttig tillegg.
- Opptak til vidaregåande opplæring skal følgja eit hybridprinsipp: rett til å velja skole i nærområdet, men samtidig fridom til å velja ein annan skole.
- Fylkeskommunen må sikra stabilitet i undervisningstilbodet utan store svingningar frå år til år, og leggja stor vekt på å skaffa læreplassar til elevar som treng det, så samfunnet får den fagutdanna arbeidskrafta dei treng og skolane blir føreseielege arbeidsplassar.
Fylkeskommunen skal vera ein god arbeidsgivar
- Lokale lønnstillegg skal gis etter objektive kriterium. Lønnspolitikken må vera føreseieleg, slik at tilsette kan innretta seg etter den.
- Reinhald, drift (vaktmeistertenester) og IKT er sentralt i alt arbeid og må ikkje setjast ut på anbod. Reinhald og drift skal gjerast av fast tilsette ved den enkelte verksemda.
- Rødt vil stoppa «epidemien» med opne kontorlandskap.
- Tilsettte i det offentlege skal gis rom og tillit til å utføra arbeidet med den kompetansen og kunnskapane dei har. Rødt Rogaland vil ha tillitsbasert leiing og ha slutt på målings- og kontrollsystem av typen «New Public Management».
- Ved politiske vedtak må ein også vurdera kva konsekvensane kan bli for arbeidsmiljøet både for eigne tilsette og for andre arbeidsfolk.
- Når fylkeskommunen gir oppdrag eller kjøper tjenester, må dei sette som vilkår at firma som vil levera bud, må ha tariffavtale, pensjonsavtale og lærlingetilbod.
- Når fylkeskommunen hentar inn anbud, må andre kriterium enn pris ha størst vekt.
Raudt Rogaland vil legga ned helseforetaka og fylkeskommunale foretak, og legga dei under vanleg fylkeskommunal drift
- Avvikla dei fylkeskommunale foretaka, gjer tannhelse og Kolumbus til vanlege fylkeskommunale tjenester.
- Oppløys helseforetaka, la fylkeskommunane overta sjukehusa — slik det var før.
- Helsetilbodet må byggjast ut, ikkje byggjast ned.
- Fødetilbodet har for mange blitt dårlegare dei siste par tiåra. Sauda og Egersund må få tilbake fødetilbodet og heildøgns medisinsk og kirurgisk akuttberedskap!
Ostehøvelkutt, sentralisering og privatisering trugar grunnlaget for velferdsstaten
Alle offentlege etatar treng fleire, ikkje færre, midlar. Dette gjeld Vegvesenet (vegstasjonen ved Egersund må halda fram), A-krim, domstolane, fengselsvesenet, barnevernet, helsevesenet, posten — alle verksemder som utfører arbeid og tjenester me treng. «Nær»politireformen må stansast.
BYGG UT BUSS-, TOG- OG BÅTTILBODET
Fylkeskommunen har ansvar for å bygga ut buss- og rutebåttilbod som sikrar livsgrunnlagi alle byar og bygder i Rogaland, og samarbeid med Jærbanen omtogtilbodet.
Båt er framleis hovudframkomstmiddelet i store delar av fylket, Norge betyr «skipsleia mot nord» — og namnet forpliktar. Rutebåtnettet i fylket må byggast ut, ikkje trappast ned, og med planmessig overgang til elektriske drivne hurtigbåtar og ferger. Den nye kostnadsnøkkelen staten har innført frå 2021 tvinger fram kutt i framtidig rutetilbod — kostnadsnøkkelen må trekkast tilbake! Båten er nødvendig for å halda oppe grunnleggande samfunnsfunksjonar som elevanes skolereisar, arbeidsreisar, heimesjukepleie,legebesøk,jordmorverksemda,besøktilbutikk,apotek,bibliotekm.m.
- Nattbåt må bli like sjølvsagt som nattbus og tog. Stavanger sentrumvil vera eit naturleg trafikalt knutepunkt for heile fylket.
- Rutebåt til såkalla «byøyar» følgjer bussregulativet, som gir billegare billettar enn båtregulativet. Dette er ei ordning som fylkestinget har innført. Rødt støttar ordninga, og vil utvida den til alle øyar som hamnar i bykommunar i framtida.
- Kolumbus har auka andelen kollektivreisande monaleg. Det er bra, og denne politikken må førast vidare. Samtidig må dei sørga for eit godt busstilbod også til utkantane av dei store byane.
- Ordninga med tikronersbillettar på bussar i Haugesunds-området har vore ein suksess, og må førast vidare. Fylkeskommunen bør undersøka mulighetene for å utvida ordninga til fleire stader i fylket.
- Heim - jobb - heim-ordninga må utvidast. Målet må vera å utvida ordninga til å gjelda både buss-, tog- og båtreisar i heile fylket.
- Ordninga må vera eit tilbod til alle arbeidsplassar, også sjølvstendig næringsdrivande.
- På sikt må målet vera at offentleg transport blir gratis. Staten må auka overføringane.
- I området for bymiljøpakken må kollektivtilbodet må vera så godt at folk kan velja bort bilen. Andre stader skal folk sleppa å betala bompengar.
- Dobbeltsporet for jernbanen heilt til Egersund må gjennomførast.
- Ålgårdbanen må gjenopnast.
- Bygg jernbanelinje frå godsterminalen i Ganddal til hamna i Risavika, slik at meir transport kjem vekk frå vegane og over på båt og bane.
- Linja kan eventuelt gå via Forus aust, Universitetet og Stavanger Lufthamn på Sola.
- Alternative kollektivløysingar bør utredast.
Vegprising — ikkje bompengar
Raudt er mot bompengefinansiering av vegane. Vegbygging er eit statleg ansvar og må finansierast av staten. Vegprising, justert etter betalingsevne, for å få fleire til å reisa kollektivt, er noko anna. Det føreset eit kollektivtilbod som er så godt at folk kan la bilen stå. Raudt ønskjer vegprising, men bare innafor kommunegrenser i Stavanger pr 2019. Inntektene frå slik vegprising må gå til å styrka kollektivtilbodet, ikkje til å byggavegar.
- Ved innfarten til byane må det skapast trafikknutepunkt der folk kan parkera gratis for å fortsetta reisen kollektivt.
- Slike knutepunkt kan leggast til jernbanestasjonane og hurtigbåt/fergekaiar ved innreise til Stavanger.
Stans frisleppet som skapar jungeltilstandar i drosjenæringa!
Raudt protesterer på frisleppet i drosjenæringa. Det vil gi til jungeltilstandar for kundane og sosial dumping for sjåførane. Regjeringa må gjera om frisleppet! UBER er uønskte i Norge.
6 TIMARS ARBEIDSDAG — INNFØR PRØVEPROSJEKT I FYLKESKOMMUNEN
Seks timars arbeidsdag vil auka velferda for alle, gjera at kvinner flest blir heiltids-arbeidande, gjera at småbarnsforeldra kan kombinera heiltidsarbeid og familieliv, og at arbeidsfolk på ein heilt annan måte blir herrar over si eiga tid og sitt eige liv. Tine meieri på Heimdal i Trondheim har hatt seks timars arbeidsdag i mange år, og ser på ordninga som udelt positiv. Det er ingen grunn til å drøya med å prøva ut det same i Rogaland.
- Fylkeskommunen må starta prøveprosjekt med seks timars arbeidsdag på nokre av sine eigne arbeidsplassar.
- Prosjektet må planleggast i samarbeid med dei tilsette og deira tillitsvalde.
- Ein god stad å begynna, kan vera å innføra sekstimars arbeidsdag med full lønn for alle reinhaldarane i fylkeskommunen.
- Etter kvart som ein haustar erfaring, kan ein sjå om ordninga kan utvidast og med tida bli normen i fylkeskommunen.
MATFYLKET ROGALAND
I Norge, der bare 3 % av jorda er dyrkbar, er matsikkerhet særs viktig. Raudt Rogaland er motstandar av å bygga på matjord; i dei aller fleste tilfella er det mulig å bygga bådevegar og bustadområde utan å gjera nemneverdige inngrep i jordbruksjord. Jordvernetmå også gjelda beiteområde.
- Fylkeskommunen må vera særs restriktive når dei avgir uttalelser i saker som angår jordvern, eller som angår utsette artar og natur som er viktig å bevara.
- Det er viktig at ein bruker fornuftig skjønn utan unødvendig”millimeternøyaktighet”.
- Raudt vil oppmuntra til å ta mest mulig beiteområde i bruk.
- Oppdrettsanlegg må skje i lukka anlegg, eventuelt på land, med minimal bruk av antibiotika, og helst med færre fisk pr anlegg enn i dagens anlegg.
Myndighetene må visa forståing for vala bonden må ta når ho utøver yrket. Bønder har både gode og dårlege erfaringar med kontrollen myndighetene utøver. Statens Vegvesen tar for lite omsyn til jordvern og til etablerte bustadområde når dei planlegg nye stamvegar. Om det blir dyrare, er det likevel nødvendig å legga nye vegar slik at ein ikkje forringer gode bustadmiljø eller legg beslag på dyrkbar jord og gode beiteområde.
PREIKESTOLEN NASJONALPARK?
- Raudt er positiv il forslaget om å oppretta Preikestolen nasjonalpark.
- Raudt vil ha folkeavstemning om dette.
TA HEILE FYLKET I BRUK NÅR KULTURMIDLAR SKAL FORDELAST
FORSKJELLANE I SAMFUNNET MÅ BYGGAST NED
Dei siste tretti åra har klasseforskjellane i Norge auka, og dei har auka særleg kraftig i det siste tiåret. Det er nødvendig å snu denne utviklinga. Tiltaka må vera mange, mykje er slikt som fykeskommunen ikkje rår med (for eksempel lønns- og skattepolitikk), men også tiltak som fylkeskommunen kan setta i verk.
- Fylkeskommunen kan bidra ved å gi lokale lønnstillegg som verkar utjamnande oghever grupper med samanliknbare kriterium, ikkje enkeltpersonar.
- Fylkeskommunen kan arbeida for eit godt arbeidsmiljø og bygga ut gode offentlege velferdsordningar som helst bør vera gratis viss dei skal vera tilgjengelege for alle.
- Godt utbygde og gratis eller billege offentlege tjenester er eit viktig tiltak for å minka forskjellane i samfunnet.
STANS EU-TILPASSINGA — SEI OPP EØS-AVTALEN
EU-tilpassinga grip inn i og begrensar det kommunale og fylkeskommunale sjølvstendet:
Hjelmeng-utvalet
Regjeringa har sett ned eit utval, Hjelmeng-utvalet, for å greia ut om kommunar også i framtida skal ha høve til å tilby ikkje-lovpålagde tjenester som f.eks. svømmehallar, idrettshallar, SFO på ikkje-kommersiell basis. Hjelmeng-utvalet tilrår at kommunar i framtida skal driva slike tiltak i eigne, uavhengige selskap som skal vera pålagde å gå med overskot. Kommunenes Sentralforbund (KS) har rekna ut at det vil føra til dobling og tredobling av prisane på slike kommunale tjenester. Regjeringa melde i april at eit nytt utval skal vurdera forslaga frå Hjelmeng- utvalet (for å unngå å få diskusjon om tiltaka før kommunevalet?). Det betyr ikkje at forslaga er trekte tilbake.
- Raudt avviser Hjelmeng-utvalet, og utfordrar alle parti til å avklara — før kommunevalet — kva dei meiner om forslaget.
Meldeplikt
Regjeringa har foreslått ei ordning med «meldeplikt» der folkevalde (Stortinget, fylkesting, kommunar) ikkje skal ha lov til å behandla forslag som kan få konsekvensar for profitten til private selskap før ESA (domstolen i EØS) er varsla og har godkjent forslaget. Dette vil vera eit inngrep i demokratiet.
- Raudt avviser slik «meldeplikt»!
Dumping av rutebusstrafikken?
EU behandlar no «mobiitetspakkar». Eitt av forslaga er at vanleg rutebusstrafikk skal ut på anbud i heile EØS-området, der styresmaktene skal vera forplikta til å velja billegastse leverandør. Sikkerhetsbestemmelser, tarifflønn og arbeidsforhold for sjåførane skal vera dei som gjeld i landet der arbeidsgivar vel å registrera selskapet, eventuelt som eit «postboksfirma». Blir dette vedtatt, blir fykeskommunen fråtatt all styring og kontroll.
- Norge må legga ned veto når denne pakken kjem til behandling i EØS-komiteen.
Raudt avviser jernbanepakke 4
- Norsk jernbanepolitikk skal avgjerast i Norge og ikkje underleggast EU-byrået ERA. Privatisering eller nasjonalisering skal avgjerast avnorske politikarar.
- Raudt er imot å privatisera jernbanen.
- Jærbanen og Sørlandsbanen må renasjonaliserast så snart det er mulig.
- Raudt protesterer på oppslittinga av jernbanen i ei rad marknadsstyrte selskap der direktørane har svimlande lønnar, alle selskapa vil ha interessa av å legga ansvaret over på andre og ingen har ansvar for heiheten.