Raudt Rogaland sitt budsjettforslag 2021-2024
Raudt Rogaland legg denne veka fram sitt alternative budsjett for 2021-2024.
Fylkesrådmannen la fram sitt forslag til økonomiplan for 2021-2024 tidlegare i haust. I etterkant har partia utarbeida sine eigne forslag til økonomiplan som skal leggast fram før fylkestinget 8. og 9. desember, der endeleg budsjett og økonomiplan for Rogaland fylkeskommune 2021-2024 skal vedtas.
Raudt ynskjer å:
Redusere posten «møtegodtgjørelse» til politikarane til 80 % av fylkesrådmannen sitt forslag. Inneber ei årleg innsparing på 4 millionar kroner.
Setta i gang prøveprosjekt med 6 timars arbeidsdag for reinhaldarane i sentraladministrasjonen; kostnad anslått til 1,5 millionar kroner i året.
Avvise kutt i hurtigbåtttilbodet.
Bruka av konsesjonskraftmidla (Ryfylkefondet) til å dekka underskotet i hurtigbåttilbodet i 2021 (7 millionar) og 2022 (14 millionar), slik ordføraren i Hjelmeland har foreslått.
Arbeida for at ei ny regjering etter stortingsvalet neste år vil sørga for ei betre finansiering for hurtigbåttilbodet frå og med 2023.
Innføra gratisbillett for barn under 6 år på ferger og hurtigbåt, slik det no er på buss. Det vil kosta kr 210.000 i året.
Utvida hjem-jobb-hjem til heile fylket (oversendelsesforslag). Vil ikkje kosta noko før dette er utreda og vedtatt; eventuell kostnad er pr. i dag ukjent.
Avvisa salderingane i kontaktlærartillegg vg2 og vg3 (kr 3.748.000 pr år) og kontaktlærartillegg årsramme (kr 7.489.000 pr år).
Avvisa kutta for skulane som ligg i ØP 20-23 (OU-sak 34/20), kutt som Rødt stemte imot i opplæringsutvalet 26. mai 2020; inneber ekstrautgifter på kr. 2.712.000 pr år.
Halda fram løyvingane til Viberodden fyr (kr 250.000 pr. år), Jernaldergården (kr 67.000 pr år) og halda løyvingane til Rogaland Teater oppe på dagens nivå (inneber ein ekstrakostnad på kr 286.000 pr år).
Halda fram med løyvingar til «den kulturelle spaserstokken», kr 2.486.000 pr år.
Gratis bind og tampongar på jentetoaletta på dei vidaregåande skulane (forslag frå Ungdommens fylkesting); anslått kostnad kr 650.000 i 2021 og kr 1.300.000 frå og med 2022.
Straks Rogaland fylkeskommune eventuelt oppnår ein avtale med staten om rassikring på vegstrekninga Rødsliane-Lovraeidet: forskottera eit beløp som bunde lån. Eventuell kostnad føreset ein avtale med staten, og er ukjent før slik avtale føreligg.
Redusera forventa driftsresultat frå 5 % til ein stad mellom 4% og 5 % .
Forslaga vil innebera innsparingar og ekstrakostnader i høve til fylkesrådmannen sitt budsjett som vist i tabell (følg link).
https://i.imgur.com/vdH6V5M.png