Nyhetsarkiv
2024
Innstilling frå Nominasjonsnemda i Raudt Sogn og Fjordane
Nominasjonsnemda, som har hatt desse medlemene Rita Tonning, Trine Nylehn, og Geir oldeide, har komme med denne innstillinga til liste til storingsvalet.
Nei til rasering av Holmaneset!
Styret i Raudt Sogn og Fjordane uttrykker djup uro og motstand mot planane om å etablere ein ammoniakkfabrikk på Holmaneset i Bremanger.
2023
Forstå eit kommunebudsjett
Vi arrangerar kurs om kommunebudsjett. Førdehuset, 18.11, kl. 10-15. For meir info/påmelding send epost til: vidar@raudt.no
Stop bombinga av Gaza
Raudt Sogn og Fjordane fordømmer på det sterkaste angrepa mot sivile i Israel og Gaza. Den israelske regjeringa har innført full blokade av Gaza, ved at den har stengt tilgang på elektrisitet, mat og drivstoff. Dette er ei kollektiv straffing, noko som er eit krigsbrotsverk.
Nei til hemmeleghald om havvind utbygging
Raudt Sogn og Fjordane vil med dette protestere mot Olje- og Energidepartementet (OED) sitt forslag til innskrenkingar i retten til innsyn i prekvalifisering og tildeling av prosjektområde for vindkraft til havs. Raudt seier eit klart nei til å stenge for innsyn og vil ha opne prosesser i forvaltninga om havvind.
Raudt Sogn og Fjordane vil skjerme område mot taretråling
Vestland Fylkeskommune har sendt ut ny forskrift for taretråling i Rogaland og Vestland på høyring til kommunane. Det ikkje gjort noko endringar til inndeling av haustefelt, hausteplan, haustesyklus eller forbodssoner/referanseområde. Kort og enkelt er bodskapen framleis som før med taretråling. Tareskogane er oppvekstområde for fisk og eit viktig fundament for mange fiskeslag. Det er svært usikkert kor skadeleg taretråling kan vere for både fiskebestandar og skaldyr. Noreg har no forplikta seg etter Montreal-avtalen til å verne 30% av naturen under vatn. Raudt ønsker å verne Bremanger-pollen mot taretråling, da det er det viktigaste gytefeltet for torsk i Sogn og Fjordane. Statsforvaltaren i Vestland arbeider med marint verneområde langs Stadt. Naturmangfaldlova slår fast at er det starta ein prosess med verning, så skal den reknast som verna til prosessen er ferdig handsama. Difor må også dette området vernast mot taretråling. Raudt Vestland sine representantar vil følge opp saka når den skal behandlast på fylkestinget. Vedteken på styremøte i Raudt Sogn og Fjordane 4.4.2023