Nei til rasering av Holmaneset!
Styret i Raudt Sogn og Fjordane uttrykker djup uro og motstand mot planane om å etablere ein ammoniakkfabrikk på Holmaneset i Bremanger.
Fabrikken kan ha omfattande negative konsekvensar for lokalt naturmangfald og økosystem, og truge raudlista artar som sjøfugl, ålegrasenger og tareskog i nærliggjande Tennøyane naturreservat. Sjølv om Holmaneset ikkje ligg innanfor verneområdet, kan aktivitetane ha negative verknader som bryt med intensjonen bak vernet.
Forskrifta om vern av Tennøyane naturreservat seier blant anna at all vegetasjon i vatn og på land er verna mot skade og øydelegging, og at dyre- og fuglelivet, inkludert reirplassar og hiområde, er verna mot skade og forstyrringar. Fabrikken kan føre til forureining som skadar vegetasjonen og dyrelivet, og støy og lysforureining som forstyrrar fuglelivet og reirplassane. Dette illustrerer kor viktig og sårbart området er, og kvifor ammoniakkfabrikken kan vere ein trussel mot miljøet.
Prosjektet kan motverke Noregs forpliktingar til FNs berekraftsmål og naturavtalen frå Montreal. Sjølv om straumen til produksjonen av hydrogen og ammoniakk er tenkt å komme frå fornybare kjelder som vasskraft og vindkraft, er produksjonen av ammoniakk svært energikrevjande. Dette vil legge eit betydeleg press på det lokale kraftnettet, noko som kan true forsyninga av rimeleg, fornybar energi til eksisterande industri og hushaldningar.
For å produsere nok hydrogen til ammoniakkproduksjonen, vil det krevje betydelige mengder fornybar elektrisitet, noko som overstiger den lokale kapasiteten. Fabrikken er tenkt å krevje 300 MW kraft, tilsvarande all elektrisk kraft frå kraftverka i Svelgen og Ålfoten, men det er ikkje tilstrekkeleg produksjon av straum i Bremanger, sjølv om ein reknar med vindkraftverka. Storskala produksjon av grøn hydrogen vil krevje omfattande oppgraderingar av straumnettet.
Ifølgje Energy Efficiency and Conservation Authority (EECA) har hydrogenproduksjon ein end-to-end effektivitet på berre 20-30%. Av krafta på 2,6 TWh vil halvparten, altså omlag 1,3 TWh, gå rett på sjøen som spillvarme. Dette tilsvarer omlag 1% av norsk kraftproduksjon.
For lokalbefolkninga kan etableringa av ammoniakkfabrikken føre til tap av viktige rekreasjonsområde og svekke livskvaliteten. Eksisterande næringar, som Elkem Bremanger, kan oppleve auka konkurranse om arbeidskraft og kraftressursar, noko som kan true deira langsiktige drift og investeringar. Vidare kan etableringa av fabrikken føre til høgare straumprisar og potensiell kraftmangel i regionen.
Elkem Bremanger har uttrykt stor bekymring for den nye kraftkrevjande industrien. Dei understrekar at fornybar norsk kraft bør nyttast til å skape mest mogleg verdi for samfunnet, der verdiskapinga frå å foredle kritiske råmaterialar er langt høgare enn verdien av rein krafteksport. Produksjon av grønt hydrogen har eit dokumentert energitap som nevnt, noko som gjer ammoniakkfabrikken svært ineffektiv samanlikna med eksisterande industri.
Prosjektet har blitt dreve fram utan tilstrekkeleg involvering og informasjon til lokalbefolkninga. Dette strir mot grunnprinsippa i det norske demokratiet og kan bryte med Århus-konvensjonen, som Noreg har forplikta seg til. Århus-konvensjonen sikrar retten til tilgang til miljøinformasjon, allmenn deltakelse i beslutningsprosesser og tilgang til rettsmidler i miljøsaker. Å neglisjere desse rettane er uakseptabelt og udemokratisk.
Den planlagde ammoniakkfabrikken kan også stride mot EUs vanndirektiv og Norges vannforskrift, som krev at alle vannforekomster skal beskyttast og forbetrast. Fabrikken kan forurense lokale vannkilder og hindre oppnåelsen av miljømålene om god økologisk og kjemisk status for vannforekomster. Dette utgjer ein alvorleg risiko for vasskvaliteten og dei tilhøyrande økosystema.
Det er ein betydeleg risiko for ulukker og alvorlege hendingar. Med ein kapasitet på 45 millionar liter ammoniakk, vil fabrikken representere ein potensiell fare for både miljøet og befolkninga i tilfelle lekkasjar eller ulukker. Tidlegare ulukker i liknande anlegg har vist at konsekvensane kan vere katastrofale for både menneskeliv og miljø.
Raudt Sogn og Fjordane oppfordrar Bremanger kommune og relevante styresmakter til å avvise områdereguleringa og stanse planane om ammoniakkfabrikken på Holmaneset. Prosjektet er i strid med lokale og nasjonale mål for berekraftig utvikling, naturvern og befolkninga si velferd. Me krev at det vert lagt større vekt på å bevare det unike naturmangfaldet og sikre ei berekraftig framtid for lokalsamfunnet.
Me vil halde fram med å stå opp for våre prinsipp om naturvern og demokrati, og oppfordrar regjeringa til å verne nasjonale interesser og verdiar. Raudt Sogn og Fjordane vil stå fast i motstanden mot dette prosjektet, og me håpar at styresmaktene vil lytte til folkets røyst og handle i tråd med berekraftige og demokratiske prinsipp.
Stopp ammoniakkfabrikken på Holmaneset – Vern om vår natur og våre lokalsamfunn!