Raudt Sogn og Fjordane vil skjerme område mot taretråling

Vestland Fylkeskommune har sendt ut ny forskrift for taretråling i Rogaland og Vestland på høyring til kommunane. Det ikkje gjort noko endringar til inndeling av haustefelt, hausteplan, haustesyklus eller forbodssoner/referanseområde. Kort og enkelt er bodskapen framleis som før med taretråling. Tareskogane er oppvekstområde for fisk og eit viktig fundament for mange fiskeslag. Det er svært usikkert kor skadeleg taretråling kan vere for både fiskebestandar og skaldyr. Noreg har no forplikta seg etter Montreal-avtalen til å verne 30% av naturen under vatn. Raudt ønsker å verne Bremanger-pollen mot taretråling, da det er det viktigaste gytefeltet for torsk i Sogn og Fjordane. Statsforvaltaren i Vestland arbeider med marint verneområde langs Stadt. Naturmangfaldlova slår fast at er det starta ein prosess med verning, så skal den reknast som verna til prosessen er ferdig handsama. Difor må også dette området vernast mot taretråling. Raudt Vestland sine representantar vil følge opp saka når den skal behandlast på fylkestinget. Vedteken på styremøte i Raudt Sogn og Fjordane 4.4.2023