Stop bombinga av Gaza
Raudt Sogn og Fjordane fordømmer på det sterkaste angrepa mot sivile i Israel og Gaza. Den israelske regjeringa har innført full blokade av Gaza, ved at den har stengt tilgang på elektrisitet, mat og drivstoff. Dette er ei kollektiv straffing, noko som er eit krigsbrotsverk.
Vi minner om at halvparten av Gaza si befolkning er born. Israel har angripe helsestrukturen, helsestasjonar og øydelagt over tjue ambulansar. Det er utført bombing som rammar over to millionar sivile som har ingen stad å gøyme seg og ingenting å forsvare seg med. Dette er også eit krigsbrotsverk. Fleire hundre lastebilar ventar på grensa med nødvendig mat og medisinar, men har blitt stoppa av Israel.
Noreg, i lag med andre Nato-land styrt av USA, har i mange år gitt staten Israel grønt lys til å herje med den palestinske sivilbefolkninga. Den israelske staten ser på palestinarane som ein annanrangs rase med behandling deretter. Raudt Sogn og Fjordane krev derfor at utanriksminister Espen Barth Eide skal gje tydeleg beskjed om at Israel straks skal og må stanse si kollektive straffing og terrorbombing mot sivile.
Kjell Oldeide, leiar i Raudt Sogn og Fjordane