Kandidatpresentasjon: bygg ut den offentlege veldferda!

Dei neste vekene vil vi presentere alle våre 22 stortingskandidatar her på nettsida. Vi har ei liste med kandidatar med brei bakgrunn og erfaring, og med hjarte for ulike fagfelt. I dag er det duka for kandidatar som kjempar for profittfri velferd, for å bygge ut den offentlege velferda og set kampen mot forskjells-Noreg høgt.

Ulikskapen i Noreg har auka sidan 80-talet, og på tretti år har den rikaste prosenten i landet dobla sin del av inntektene og talet på milliardærar har femdobla seg på 15 år. Samstundes er det stadig fleire barn som veks opp i fattige familiar. Generasjonen som veks opp i dag kan bli den fyrste på over 100 år som får det mindre trygt enn foreldra sine. Men heldigvis er det mogleg å skape eit vendepunkt i kampen mot forskjells-Noreg – og nett det er Raudt sin hovudsak!

Ein stor del av grunnen til den aukande ulikskapen er privatisering av offentlege tenester og arbeid som trugar det arbeidarrørsla har bygga opp i Noreg: tryggleik, velferd og eit sterkt fellesskap. Difor er profittfri velferd ein sentral del av kampen mot forskjells-Noreg. Raudt vil sette ein stoppar for at skattepengar som er satt av til velferd skapar milliardformuer hos nokre få private eigarar – velferdsprofitørane. Dette er kommersielle selskap som tar ut overskot frå velferdstenester som tradisjonelt er eigd og drive i fellesskap, m.a. sjukeheimar, asylmottak, barnehagar og renovasjon.

Raudt Hordaland er svært glade for å ha ei stortingsliste med kandidatar som både representerer dei yrka som står i frontlinja i pandemien og er sentrale i velferdsstaten vår, så vel som kandidatar som kjenner eller har kjent forskjells-Noreg på kroppen og nettopp difor veit kor skoen trykker.

Eit helsevesen for folk flest, utan føretaksmodell og med tenner

Nokre viktig sakar for Raudt er å skrote føretaksmodellen på sjukehusa, og gratis tannhelse – sidan tennene faktisk er ein del av kroppen. Vi meiner også det er heilt avgjerande at helsehjelpa du får ikkje er rangert etter lommeboka, og for å få dette til må vi styrke velferda – ikkje bygge den ned.

To av våre kandidatar som står i frontlinja her er Ingeborg Hordvik og Lena Osmo.

Foto: Mailiss Solheim-Åkerblom / Raudt

Ingeborg er 6. kandidat på lista vår, bur i Austrheim der ho jobbar som helsefagarbeidar og nyleg var med å starte opp eit splitter nytt Raudt-lag. Ho har vore aktiv i partiet dei siste seks åra, er vara for Raudt i Vestland fylkesting og brenn ekstra for distriktspolitikk og å utjamne ulikskap.

Foto: privat

Lena bur i Ålvik i Kvam herad og er utdanna helsefagarbeidar. Ho er vår 21. kandidat og er opptatt av feminisme, forskjells-Noreg og klima- og miljøspørsmål.

Ein skule for læring og meistring, ikkje testregime

For Raudt skal skulen vere ein arena for trygg læring, meistring og utvikling. Vi vil at alle skal ha eit gratis, godt og likeverdig skuletilbod – uavhengig av foreldra si lommebok eller kvar i landet du bur. I dag er skule best tilpassa elevar som liker teori og har foreldre med høg utdanning. Dette gir dårlegare læring, mistrivsel og høgt fråfall i vidaregåande skule. Dette vil Raudt motverke med m.a. leksefri skule, fleire lærarar, mindre standardisert testing og meir tillit til lærarane sin metodebruk.

Med oss i kampen for ein betre og meir inkluderande skule, har vi listekandidatane Inge Abrahamsen og Bridget Penny.

Foto: privat

Inge Abrahamsen bur på Askøy der han jobbar som lærar. Han har tidelgare vore industriarbeidar, og har elles lang og brei erfaring som folkevald for Raudt. Han er Raudt Hordaland sin 7. kandidat til stortingsvalet i år, og tar med seg både politisk og organisatorisk erfaring frå partiarbeid, og var i si tid med å opprette lokallaget Rødt Askøy. Inge er oppteken av å kjempe mot sosial ulikskap, særleg oppvekst og levekår, i tillegg til kommuneøkonomi.

Raudt Hordaland sin 8. kandidat er Bridget Penny frå Voss. Ho jobbar som lærar for minoritetsspråklege, i tillegg til at ho driv kafé og overnattingsstad. Ho er utdanna religionsvitar, har stått på liste for Raudt/RV i mange år og sit no i Voss heradsstyre for Raudt Voss. Bridget er oppteken av flyktningpolitikk og utviklingshemma sine rettar.

Trygd og NAV

Eit anna tema som står heilt sentralt i Raudt sin kamp mot forskjells-Noreg, er korleis vi møter menneske som faller utanfor arbeidslivet. Vi kan alle bli ramma av sjukdom eller ulykker. Då treng vi eit fellesskap som tar vare på oss. Difor er det viktig med rause og rettferdige trygdeordningar. Desse skal sikre inntekt til dei av oss som ikkje elles har det. For å sørge for eit verdig liv utan fattigdom, skal alle som ikkje kan forsørge seg sjølv gjennom vanleg arbeidsinntekt bli sikra ei form for offentleg yting. Raudt vil difor styrke trygdeordningane i Noreg.

For å skape eit arbeidsliv der flest mogleg kan bidra til fellesskapet gjennom å jobbe, må vi skale eit tilrettelagt og inkluderande arbeidsliv – ikkje stramme inn ytingar til folk som står utanfor i dag. Raudt går mot alle føreslag om å kutte i sosialhjelp eller arbeidsavklåringspengar som verkemiddel for å få folk ut i jobb, fordi dette skapar auka fattigdom og ikkje fleire jobbar.

Foto: privat

Ein av våre listekandidatar som jobbar med dette tema er 10. kandidaten vår Helga Holmefjord frå Bjørnafjorden. Ho er utdanna adjunkt, men har jobba med ulike oppgåver som både vaskehjelp og kyrkjegardsarbeidar, men har dei siste 12 åra gått på arbeidsavklaringspengar (AAP). Ho har dimed kjent mange av problema det norske trygde problemet byr på, på kroppen og er likeins svært oppteken av NAV, trygd og uføre sine rettar. Fattigdomsproblematikk er feltet ho brenn aller mest for, men er også oppteken av skule, oppvekst, distrikt og miljø.