Program
Valprogram for Raudt Vestland 2019 - 2023
1. Kampen mot Forskjells-Noreg
Forskjells-Noreg er meir enn forskjellar mellom dei vanskelegstilte og eliten, mellom fattig og rik.Heile Raudt og våre folkevalde i kommunestyre og fylkesting, arbeider for arbeidsfolk sine interesser, for miljøet, for kvinnekrava og for eit samfunn utan rasisme og diskriminering. Både i by og land skal ein kunne leve gode liv, med rett til helsefremjande og løna arbeid og gode offentlege velferdstenester.Vi arbeider for eit inkluderande samfunn og internasjonal solidaritet.
Vi arbeider for desentralisering av makt og styrking av velferda. Derfor har vi kjempa mot regionreforma, som inneber ei sentralisering av makt og svekking av lokaldemokrati og velferd. Raudt er mot EØS-avtalen og arbeider for folkeavstemming.
Statlege arbeidsplassar og makt må flyttast ut av Oslo. Det trengst ei ny-industrialisering, basert på lokale ressursar i distrikta og som tek langsiktige miljøomsyn. Raudt vil kjempe for arbeidsfolk sine økonomiske interesser. Raudt vil leggje til rette for vidareforedling av naturressursane, opprette regionale utviklingsfond innretta mot eksisterande industriklynger og leggje til rette for lokale arbeidsplassar.
Vi vil kjempe mot det kapitalistiske systemet og mot overforbruket av natur- og miljøressursar, som er større enn det økologiske systemet toler.
Vårt alternativ er demokratisk grøn sosialisme, der privateige av dei dominerande økonomiske interessene er erstatta av samfunnseige, og der kjede- og konsernmakt er erstatta av folkestyre.
For arbeidet i fylkestinget vil dette mellom anna bety:
- Alle skal ha lik tilgang til grunnleggande velferdstenester der dei bur.
- Eit trygt og inkluderande arbeidsliv, med heile faste stillingar som norm i det offentlege.
- Fylkeskommunen skal bidra til å skape arbeidsplassar.
- Fylkeskommunen skal ikkje anbodsutsette tenester som kan utførast i eigen regi.
- Styrke den vidaregåande opplæringa, med fokus på å skaffe nok læreplassar.
2. Folkehelse og levekår
Raudt ønskjer lett tilgjengelege og likeverdige helse- og omsorgstenester til alle. Derfor arbeider vi for gode arbeidsmiljø, bumiljø og trafikkmiljø. Raudt vil også kjempe mot dei sosioøkonomiske helseforskjellane – helse ut frå inntekt og status. Vi vil derfor kjempe for eit offentleg finansiert og styrt helsevesen, med likeverdige tenester, uansett kven du er eller kor du bur. Raudt vil ha bort eigendelane. Vi vil at eigendelane på tannlegetenester skal vere på nivå med eigendelar til andre helsetenestar. På sikt ønskjer Raudt å fjerne eigendelane på helsetenester.
Raudt aksepterer ikkje nedlegging av noverande somatiske og psykiatriske institusjonar. Vi avviser økonomiske argument mot å ha ei desentralisert spesialhelseteneste. Raudt vil ha ei ambulanseteneste som kortar maksimalt ned på avstand til nødvendige helsetenester. Vi støttar opp under lokale aksjonar for å ta vare på og utvikle desentraliserte tilbod og vil tale desse si sak i fylkestinget.
Raudt arbeider for eit fylke der alle menneske kan leve frie liv. Elevar og arbeidstakarar i Vestland fylkeskommune skal ikkje oppleve å bli diskriminerte på bakgrunn av alder, religion, etnisitet, funksjonsgrad, kjønn, kjønnsuttrykk eller legning. For å oppnå dette, er ein avhengig av gode planar mot diskriminering og for likeverd og som er konkrete og målbare.
Raudt vil at spesialisthelsetenesta igjen skal underleggjast folkevald styring gjennom fylkeskommunen, og vi vil stoppe helseføretaksmodellen. Helse er ikkje profitt!
Raudt Vestland arbeider for:
- Fjerning av føretaksmodellen til fordel for folkevalt styring av sjukehusa.
- Styrking av akuttberedskap ved lokalsjukehusa og gjenoppretting av fødetilbod.
- Styrka satsing på samarbeid mellom ulike deler av helsetenesta, førebyggjande helsearbeid og rehabilitering.
- Betre transporttilbod til pasientar.
- Rettferdig og desentralisert tannhelsetilbod, med eigendel på maksimalt 2000 kr, gratis tannhelseteneste for alle under 25 år og på sikt, gratis tannhelse til alle.
- At det skal lagast ei undersøking blant dei tilsette i fylkeskommunen for å finne ut kva utfordringar fylket har på diskrimineringsfeltet.
- At fylkeskommunen styrkjer planen for likeverd i fylkeskommunen. Planen skal innehalde krav om skulering av dei tilsette i fylkeskommunen.
- Gratis tannhelseteneste for studentar, uføre, pensjonistar, arbeidsledige og menneske på arbeidsavklaringspengar.
- At Helse Vest skal avslutte kjøp av tenester frå private selskap og heller bygge ut og styrke eigne tilbod – til dømes ta Tronvik meir aktivt i bruk innan rusomsorga.
3. Samferdsle og transport
Unødvendig person- og godstransport må reduserast utifrå miljøbelastning og transportkostnader. Raudt vil kjempe for dette, gjennom eit Vestland som opprettheld og desentraliserer arbeidsplassar og offentlege tenester. Derfor skal vi arbeide for eit betre kollektivt trafikktilbod som motverkar den auka bruken av privatbil. Raudt vil også prioritere tiltak som trafikksikring, rassikring, trygge rekkverk og betre vegskulder, samt nødvendig utviding av vegbreidde.
Vi vil også ha totalvurdert ein overgang til auka bruk av den vedlikehaldsfrie sjøvegen, i staden for totalkostnadane med utbygging og utviding av landevegen. Raudt ser at ferjedrift også inneber viktige arbeidsplassar og vil gå inn for auka frekvens framfor kostbare bruer. Vi vil prioritere trygge skulevegar og gangstiar. Ferjestrekningane er ein del av vegnettet, og billettprisen må vere deretter. Samferdsla i Vestland må snarast og i størst mogleg grad bort frå å vere basert på fossile drivstoff.Overgangen må likevel skje etter ei miljømessig totalvurdering – ikkje berre utifrå lett dokumenterbare punktutslepp.
Raudt Vestland arbeider for:
- Stopp av anbod i samferdsla.
- Motstand mot privatisering av drifta på Vossa- og Bergensbana.
- At all utbygging av veg og bane skal gjennomførast utan bruk av bompengar.
- Skrinlegging av ferjefritt E39-prosjektet.
- Fleire batteridrivne ferjer og fleire avgangar.
- Pendlarparkeringsplassar, utvida rutetilbod, nok avgangar, overgangsbillett og ungdomskort i heile regionen.
- Samkøyring av ferje- og bussbillettar.
- At Vestland fylke skal melde seg inn i Lyntogforum og arbeide for lyntog aust-vest over Haukeli.
- At Hordalandsdiagonalen Bergen-Odda og E134 over Haukeli blir hovudtraséen mellom Sørvest- og Austlandet.
- Meir bruk av sjøveg og jernbane til transport av varer.
- Kartlegging av kva for bedrifter som brukar utanlandske transportbedrifter og drive aktive kampanjar for bruk av lokale transportbedrifter.
- Høgare investeringar i sykkelstiar og sykkelvegnett langs trafikkfarlege vegstrekningar.
- Strenge tryggleiksomsyn og sikring av nok tilsette i transportanboda.
- At Vestland fylkesting skal oppfordre Stortinget om å innføre eit mellombels forbod mot kabotasje, fram til Regjeringa kan presentere ein tilfredstillande tiltakspakke mot sosial dumping innan transport.
- Innføring av eit krav om at alle utalandske vogntog skal gjennom ein sikkerheitssjekk før dei får passere over grensa.
- Å få på plass ei offentleg utgreiing av omfanget av sosial dumping innafor transportnæringa.
- Veto mot vegpakken til EU.
- Vegsikkerheit framfor å bygge nye vegar. Utbetring av eksisterande vegar, med rassikring, midtrabatt og andre sikkerheitstiltak, for å minske sjansen for ulykker på fylkesvegane.
- Utsleppskrava til cruise-trafikk som gjeld for verdsarvfjordane, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, må gjelde for all slik trafikk i Vestlands-fjordane.
- Utsleppskrava til cruise-trafikk må også gjelde for rutebåtar og gamle charter-båtar i verdsarvfjordane – med unntak for veteranbåtar.
- At fylket overtek drifta av buss-, bybane- og ferjetrafikk.
- At staten reverserer jernbanereforma.
- At det blir lagt ned veto mot EU-direktivet Jernbanepakke 4 som inneber tvangsanbod.
- Bygging av Stadt skipstunell.
4. Arbeidsliv
Målet er eit arbeidsliv å leve av og med. Raudt vil derfor arbeide for at alle arbeidstakarar skal ha betre arbeids-, lønns- og pensjonsvilkår. Raudt sitt alternative statsbudsjett går inn for auka økonomiske tilbakeføringar til fylkeskommunane, ved rettferdig skattlegging av dei verkeleg rike. Vi står på fagforeiningane si side i kampen for betre arbeidsvilkår.
Dagens regjering har svekka arbeidsmiljølova på vesentlege område. Fylkeskommunen skal vere ein inkluderande arbeidsgjevar. Raudt vil at fylkeskommunen skal etterleve den opphavlege arbeidsmiljølova og ikkje tillate mellombelse tilsetjingar.
Vi går også inn for at fylkeskommunen skal vedta retten til heil stilling, som eit steg på vegen mot lovfesting av dette. Raudt vil arbeide for at fylkeskommunen skal gjennomføre forsøk med sekstimars arbeidsdag. Det kan gjere det mogleg med heil stilling for yrkesgrupper som treng kortare arbeidsdag, og det vil vere eit viktig steg for kvinnefrigjeringa.
Fylkeskommunen er ein stor innkjøpar av varer og tenester. Kjøpsavtalar skal vere avgrensa til leverandørar med tariffavtale, gode arbeidsforhold og læreplassar. Mange kommunar og fylkeskommunar har utvikla modellar som skal forhindre sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, til dømes Stord-modellen (Telemarks-, Oslomodellen). Raudt vil arbeide for at Vestland fylkeskommune skal utvikle og ta i bruk ein slik modell.
Raudt Vestland arbeider for:
- At Vestland fylkeskommune skal berre nytte overnattings- og serveringsverksemder med landsdekkande norsk tariffavtale.
- Forbod mot bruk av vikarbyrå i offentlig verksemd; berre faste reelle vikariat og eventuelt ein fylkeskommunal vikarpool.
- At alle fylkeskommunale stillingar skal annonserast som heile stillingar.
- Stopp i anbodspolitikken for infrastruktur som bybana og jernbana; nei til jernbanepakke 4.
- At det blir tilbydd kompetanseheving for leiarar, tillitsvalde og verneombod om trakassering og mobbing knytt til seksuell orientering og kjønnsuttrykk.
- Utjamning av lønnsforskjellar i fylkeskommunen. Det aukande gapet mellom dei høgast lønte og dei som tener minst, må reduserast vesentleg.
- At det blir sett eit tak på topplønene til fylkeskommunalt tilsette og politikarar i høge verv.
- At minst 40 % av fylkesdirektørane skal vere kvinner og at det blir arbeidd aktivt for likelønn mellom kjønna.
- At fylkeskommunale oppgåver blir løyste i offentlig regi; kollektivtrafikk og annen samferdsel skal være trygg, effektiv og skape arbeidsplassar i heile Vestland.
- At fylkeskommunen tilset folk i faste stillingar til å utføre oppgåver som reinhald og billettkontroll, framfor å leige inn gjennom bemanningsbyrå.
- At fylkeskommunen skal seie nei til privatisering og konkurranseutsetting av offentleg finansierte velferdstenester.
- At ufaglærte og assistentar får ta fagbrev og høgare utdanning.
5. Ung i Vestland
Unge skal ha eit vidaregåande skuletilbod nær heimstaden for å sleppe å bu på hybel, eller dei skal ha eit godt bu- og fritidstilbod dersom dei må flytte på seg, for å nå tilbod som er lokaliserte lenger borte. Det skal uansett vere skuletilbod som kvalifiserer til læreplass eller til høgare utdanning og som gjer at ein seinare kan få jobbtilbod, anten ein vel heimstaden eller flytter ut. Erfaringar viser at eit desentralisert skuletilbod, gjer at fleire lettare gjennomfører vidaregåande opplæring. Derfor må kampen for dei mindre skulane og mot sentraliseringa halde fram.
Den vidaregåande skulen skal vere ein god skule for alle elevar uansett kjønn, kjønnsuttrykk eller seksuell orientering.
Ein skal ha rett til eit skuletilbod uavhengig av sin eigen eller foreldrasin økonomi. Ekstrakostnader på grunn av nødvendig hybeltilvære, skal kompenserast fullt ut gjennom stipendordningar. Raudt vil motarbeide privatskular.
Raudt Vestland arbeider for:
- Ei geografisk styrt inntaksordning som sikrar elevane plass på nærskulen sin.
- Læreplassgaranti til alle elevar på yrkesfag.
- Å opprette fleire yrkesfaglege klassar for å imøtekomme det lokale behovet for fagarbeidarar.
- Maksimalt 24 elevtimar per lærartime i studieforberedande program og maksimalt 12 på yrkesfag.
- Slutt på praksis med at skular planlegg bortfall av timar. Elevar må få alle timane dei har krav på.
- Prioritering av lærarkompetanse i skulen og satsing på vidareutdanning.
- Oppheving av fråværsgrensa; samarbeid med elev- og lærarorganisasjonane om å finne løysingar for å få ned fråværet.
- Krav om minst 10 % lærlingar på kontraktane ved alle fylkeskommunale anskaffingar.
- Styrking av tilbod om helsesjukepleiar-, miljøarbeidar- og psykologtenester i den vidaregåande skulen.
- Gratis prevensjon for alle under 25 år.
- Fleire heile faste stillingar (helsepersonell) knytt til seksualundervisning og rådgjeving i den vidaregåande skulen; auka fokus på inkludering, kjønnsdiskriminering, førebygging av kjønnssjukdommar og uønskja graviditet.
- Kompetanseheving for elevar, leiarar, tillitsvalde og verneombod om omfang og samanhengar når det gjeld trakassering og mobbing knytt til seksuell orientering og kjønnsuttrykk.
- At fylkeskommunen prioriterer arbeidet med å rekruttere fleire lærebedrifter.
- Styrke tilboda i vidaregåande opplæring for menneske med nedsett funksjonsevne.
- Oppfølging og støtte til dei elevane i vidaregåande skule som bur på hybel.
- Oppretthalding og styrking av dei vidaregåande skulane i distrikta.
- At kollektivtransport til og frå skulen blir tilpassa elevane på best mogleg vis, slik at dei ikkje får unødvendig lang reise- og ventetid frå skulestart til slutten av skuledagen.
- Elev- og studentrabatt uavhengig av alder, studiestad og bustad.
- Gratis skule-PC og gratis skulemat.
6. Levande distrikt
Menneska og organisasjonane i bygdene og i «utkantkommunane» har vilje og evne til å motverke sentraliseringa og oppretthalde den spreidde busettinga. Vestland ville ikkje vore Vestland og kunne ikkje eksistert utan denne krafta. Raudt skal ha ein politikk for likeverdige arbeids-, bu - og leveforhold i bygd og by. Vi vil arbeide for tiltak som kompenserer for auka avstand til samfunnstilbod som nødvendigvis må ha eit større befolkningsgrunnlag.
Raudt Vestland arbeider for:
- Ei fylkeskommunal vurdering av og krav om reetablering av sentraliserte statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar.
- Statlege økonomiske tilbakeføringar som kompenserer for ekstrakostnader med ikkje-sentralisert struktur.
- Styrka tilgang på beredskapstenester som ambulanse, brannvesen og politi.
- Oppretthalding av vertskommunane sine kompenserande inntekter for tap av naturmangfald ved kraftutbygging.
- Kompenserande tiltak for avgiftssystemet på privatbil i område med mangelfullt kollektivtilbod.
- At flest mogleg skal ha tilgang på breiband med høg fart (over 30 mbit/s).
- At Vestland fylkesting skal oppmode Stortinget om å snarast mogleg dele opp eininga Vestland til dei to sjølvstendige fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.
7. Framtidsretta energi- og miljøpolitikk
Overforbruk av jordas naturressursar kan ikkje halde fram. Kasting av matvarer er eit grovt eksempel. Halvannan månad før valdagen 2019, er ressursane for året brukte opp. Nokre naturressursar er snart mangelvare, og andre vil bli det om ikkje overforbruket blir stoppa. Framstilling av eingangsprodukt og produkt med kort levetid, må avgrensast. Det må satsast på kvalitetsprodukt med lang levetid. Betre avfallshandtering, ombruk og resirkulering, er viktige tiltak, men held ikkje tritt med forbruksveksten. Klima- og miljøproblema krev radikal omstilling og ikkje berre små justeringar.
Petroleumselskapa si auka utvinning av fossil energi, heng saman med at forbruksveksten skal få halde fram. Auka utbygging av fornybar energi, seiast å redusere forbruk av fossil energi og skape eit grønt skifte. Men realiteten er at forbruket av kol, olje og gass held fram som før.
Ny utbygging av fornybar energi, ikkje minst vindkraft, vil bety tap av uerstattelege naturlandskap og naturopplevingar. Fornybar energi finst truleg ikkje i slike mengder at det kan erstatte det høge forbruket av fossil energi. Vi har då valet mellom ein bråstopp når fossil energi er oppbrukt eller starte ei styrt meir langsiktig omstilling til eit samfunn med lågare energibruk og reduserte klimautslepp.
Meir kraftutbygging i eit Noreg som allereie har overproduksjon, vil skape større press for krafteksport, utanlandskablar og dermed prisvekst. Det truar arbeidsplassar og pressar fram endå meir utbygging.
Raudt Vestland arbeider for:
- At energiforbruket i Vestland må reduserast, anten er det er basert på fornybare eller fossile kjelder.
- Ei omstilling og vidareutvikling av industrien i grøn retning, og som bygger på kompetansen til partane i olje- og gassnæringa.
- At utvinninga av olje/gass må ned til eit nivå som dekker bruksområde der bruk av fornybar energi er ueigna.
- At alle fylkeskommunale bygg skal minske bruk av plastprodukt og fase ut bruk av eingongsartiklar i plast i løpet av perioden.
- Endringar i vilkåra i eldre vasskraftkonsesjonar, må tilgodesjå landskap, miljø og natur gjennom auka minstevassføring, avgrensing i fylling, tapping med meir.
- At dumping av gruveavfall i sjø blir stoppa.
- Å stoppe vidare utbygging av vindkraft på land, inkludert prosjekt der konsesjonar er gitt.
- Å utgreie utbygging av vindkraft til havs, med krav om at utbygging tar omsyn til biologisk mangfald, økosystem og fiskerinæringa.
- Alle fylkeskommunale bygg skal vere energieffektive, og nybygg skal byggast med solceller (som minimum delvis) energikjelde.
- Å hindre utbygging som fører til tap av matjord.
8. Ressursbaserte arbeidsplassar
Naturressursane i fjell, hav, jord og vatn, er det materielle grunnlaget for liv og all verdiskaping. Mange arbeidsplassar baserte på desse ressursane, har blitt nedlagde, sentraliserte – til og med eksporterte.Dette må snuast – særleg fordi utvinninga av olje og gass truleg vil falle drastisk og seinare kan ta slutt.
Fiskeri, oppdrett og jordbruk med tilhøyrande foredling, er svært viktige næringar.Men alle desse må regulerast med tanke på miljø- og samfunnsinteresser.
Bergindustrien gir oss nødvendige mineral.Den må regulerast med strenge miljøkrav – kravom tilnærma full utnytting av utteken masse og mot sjødeponi.
Vasskraftressursen er Noregs kanskje største konkurransefordel og må ikkje sløsast bort på overforbruk og eksport.
Landbruk har vore ei av dei mest sentrale næringane på Vestlandet. Utviklinga der småbruk blir lagde ned eller assimilert inn i større monokulturelle bruk, må stoppast.
Raudt Vestland arbeider for:
- At fisken ikkje skal eigast av enkeltpersonar og selskap.Kvoterettar til fisk skal vere mellombelse avtalar mellom stat og båteigar og tilbakeførast til fellesskapet ved sal eller kondemnering av fartøy.
- Å få oppdrett over i lukka og rømingssikre anlegg, at rømming og miljøskade skal bøtleggjast hardt og at konsesjonar skal avprivatiserast - også gjennom avgrensa konsesjonstid.
- At inntektsgapet mellom jordbrukarar og industriarbeidarar blir tetta, at det blir innført småbrukstilskot og at tilskot blir tilpassa bratt areal, små teigar og utmarksbeiting.
- Auka bruk av norske fôrressursar; meir gras og norsk korn, før import av fôrråvarer som til dømes soya.
- Styrking av importvernet mot varer som kan dyrkast i Noreg.
- At økologisk produksjon får auka og konkurransefordelaktig støtte og at «øko-skulen» i Aurland blir sikra.
- Auka tilskot til bratt areal, små teigar og at utmarksbeiting kjem inn att i Regionalt miljøprogram for Vestland fylke.
- Auka støtte til allsidig produksjon og motverking av monokultur i landbruket.
- Innføring av småbrukstilskot for sau, ammeku og geit i jordbruksavtalen.
- Gjennomføre ei rask avvikling av pelsdyroppdrett i fylket og hjelp til pelsdyroppdrettarane for omstilling til anna arbeid i god tid før fristen i 2025.
- Levering av vasskrafta til sjølvkost, framfor å bli ei ordinær vare med mål om profitt – ikkje minst gjennom eksport.
- At kraftkrevjande industriarbeidsplassar får vasskraftavtalar når produksjonen er dokumentert miljøforbetrande, samanlikna med tilsvarande produksjon basert på fossilkraft.
- Innføring av eit topris-system på elektrisitet – rimeleg til basisforbruk og dyrt til overforbruk. Lik nettleige i heile landet.
- Utgreiing av fylkeskommunal arbeidsformidling.
- At fagrørsla og utdanningsinstitusjonar samarbeider om utvikling av grøn industri.
- At Høgskulen på Vestlandet desentraliserer studietilbodet sitt ytterlegare, ved å opprette undervisningslokale på fleire plassar i Vestland enn i dag.
9. Kultur
Raudt arbeider for eit rikt og variert kulturliv, der ulike kunstartar, stilretningar og kulturar får utvikle seg. Vi treng både profesjonelle utøvarar og eit breitt folkeleg kulturliv, med engasjerte amatørar. Gjennom offentleg støtte, må ein satse meir på kultur gjennom rimeleg utleige av lokale til kulturaktivitet, støtte til profesjonelle og amatørar sin aktivitet og ved subsidiering av prisar. Kunstnar- og forfattarorganisasjonane sine krav til auka bruk og vederlag må bli innfridde. Kulturminne må kartleggast, haldast ved like og synast fram. Nynorsken, det rusfrie kulturtilbodet og det frivillige studiearbeidet må styrkast.
Raudt Vestland arbeider for:
- At Bokbåten Epos skal oppretthaldast og blir utvida til Sogn og Fjordane.
- Styrking av fylkesbiblioteket sitt utviklingsarbeid med biblioteka i Vestland.
- Lage eit Kulturkort for ungdom - for dei mellom 13 og 18 år.
- Styrke Det vestnorske teateret og Sogn og Fjordane teater.
- Oppretting av fylkeskommunale graffitiveggar, til bruk for lovleg laging av graffiti på fri basis.
- Å ta vare på verneverdig natur- og kulturarv.
- Fulltidsstillingar for musikklærarar og musikkterapeutar i den vidaregåande skulen.
- At den kulturelle skulesekken inkluderer ungdom med nedsett funksjonsevne. Musikkterapeutar må tilsetjast der dette er gunstig for formålet.
- Støtte til idretts- og kulturarrangement i distrikta, noko som kan føre til at ungdom - og spesielt unge kvinner - startar med musikk, får ei scene og ein plattform der dei kan utvikle sine talent.
- At idretten prioriterer masseidretten med høvelege anlegg, og at idrettslivet får støtte til å organisere idrettsaktivitetar for det breie lag av folket.
- At alle musea i Vestland må få rammevilkår til å utvikle sine lokale og temamessige føresetnader.
- At Sentralbadet i Bergen skal bli kulturhus.
- Etablere nytt fellesmagasin for musea, i bygg som blir bygd til dette formålet.