Hanne Benedikte Wiig ny varaordfører i Alstahaug

Alstahaug kommune i Nordland er ikkje som alle andre kommunar. Den består av rundt 920 øyer, Høgre-folk går i 1. mai-tog, og Raudt har varaordføraren.

SPRENGKRAFT: Folk i Alstahaug røysta på partier som vil slåst for lokalsjukehuset. Foto: Helgelandssykehuset HF/CC.

I kommunevalet fekk Raudt 17,9% av røystene i Alstahaug, og kommunen vart vår beste i heile landet. Påtroppande varaordførar Hanne Benedikte Wiig, som også er leiar for Folkeaksjonen for Sandnessjøen sjukehus, fortel at det handlar om nedleggingstruga sjukehus, tillit og at det nyttar å kjempe mot sentraliseringa.

– Sjukehussaka har enorm sprengkraft her. Ikkje berre fordi sjukehuset er lokalisert akkurat her, men fordi folk er avhengige av å ha eit sjukehus nært seg for å ønske å busette seg utpå øyene, ja i heile Helgeland. Ofte kan ikkje helikopter hente folk på øyer, og ambulansebåt tek for lang tid, seier Hanne Benedikte Wiig.

VARAORDFØRER: Hanne Benedikte Wiig. Foto: Mariann Vatne/Helgelands Blad.


Feilslått sentraliseringspolitikk

Det er mange som må leve med ei usikker framtid for sjukehuset sitt. Over heile Noreg er sjukehustilbod og andre offentlege tenester i fare for å bli sentralisert og forverra.

– Det er fortvilande å bli møtt med argument om «robustheit» og argument som det ikkje finst forsking på. Det er ikkje bevist at det er dårleg kvalitet på mindre sjukehus. Og vi opplever dette på såpass mange område, no nyleg var det tingretten, at folk finn seg ikkje i dette lenger - folk forventar å bli høyrt, seier Wiig.

– Vår politikk treff bra, men regjeringa sin politikk er feilslått oppi det her, når kvinner får lengre veg til fødeinstitusjonar til dømes. Det må vere viktig å halde fram kampen mot helseføretaksmodellen, oppmoder Hanne Benedikte Wiig.

Samarbeid med Sp

Det største partiet i Alstahaug vart Sp, med 45% av røystene. Dei to partia skal no samarbeide med eit stort fleirtal bak seg.

– Grunnen til at vi har funne i lag og er så store, er at Raudt høyrer til det store opprøret mot tap av offentlege arbeidsplassar i Helgeland. Vi har vore tydelege og søkt samarbeid for vår politikk, og vorte oppfatta som samarbeidsvillige og løysingsorienterte. Det blir sjølvsagt utfordrande etter 12 år i opposisjon, men innbyggarane har vist oss såpass mykje tillit, og eg trur vi skal takle det godt, seier førstekandidaten Wiig.

Og det blir ikkje berre sjukehus som skal prioriterast for det nye fleirtalet. Raudt vil jobbe for mellom betre integrering av flyktningar og auka bulyst i kommunen.

– Og det er veldig viktig for oss å gjere noko med eldreomsorg. Det er eit prekært behov for sjukeheimsplassar her, og det vil bli eit hovudfokus for oss å få det på plass, seier den påtroppande varaordføraren.

– Høgre og Ap har vore lojale til reformane opp gjennom, og får merke det no. Dei lokale representantane for dei blir ikkje røysta fram på grunn av den sentrale politikken. Men Høgre-folk har skrive i avisa at dei ikkje finn seg i Høgre-politkken lenger. Dei har til og med gått i 1.mai-tog for første gong, så det er håp, fortel Wiig optimistisk.

Skrevet av Vegard Foseide. En lengre versjon av intervjuet stod på trykk i Rødt Nytt #5 2019.

Les mer om hva Rødt mener