Årsmøtefråsegn: Ny forvaltningslov for spesialisthelsetenesta
Ifølge Lova om pasient- og brukarrettigheiter så må pasienten henvisast vidare, dersom kommunen ikkje kan gi pasienten forsvarlege helsehjelp.
Det gjeld ikkje for endometriosepasientar i Bergen, dei får no ikkje forsvarleg helsehjelp og lyt finne kompetansen i dyre private klinikkar som t.d. Volvat og Aleris.
1/10 kvinner får endometriose. Det tek i gjennomsnitt 7 år å få stilt diagnosen. Endometriose er ein alvorleg inflammatorisk og kronisk sjukdom som ikkje kan kurerast. Og som kan ramme heile kroppen. Vev som liknar livmorslimhinna veks utanfor livmora. I dette vevet veks det nerveceller som gir smerter. Ubehandla endometriose vil kunne føre til organskadar. Barn nede i 12 års alder får no endometriose. Kvinner og barn kan berre få forsvarleg hjelp hjå gynekologspesialistar som kan nok om endometriose. Feilbehandling er utbreidd- det er ikkje nok med 30 min frivillig forelesing på legestudiet. 40 % av infertile har endometriose. Endometriose kostar staten 13 milliardar i året, det er meir enn diabetes.
Jordmorforeningen, Sykepleierforbundet og Legeforeningen har varsla om bemanningsflukta i mange år. Flukta av gynekologspesialistar frå Kvinneklinikken til det private råkar pasientar frå heile fylket, og i særs dei med endometriose. Dette har pågått over eitt år no, kvinner får ikkje tilstrekkeleg og riktig oppfølging. Dei får no beskjed om at kreftpasientane lyt kome i første rekke. Klart pasientar med dei alvorlegaste diagnosane må prioriterast, men det skal vel ikkje vere slik at menneske med store helseplager vert sett opp mot kvarandre?
Mange klagar, men til inga nytte. Statsforvaltaren har gått ut med at dei ikkje får unna klagehaugen, og da vert ingenting gjort. Det har kome forslag m.a. frå pasientforeiningar om eit eige pakkeforløp for endometriosepasientar, med tilbod om tettare oppfølging. Det hadde vore heilt avgjerande for mange.
Me treng ei ny forvaltningslov for spesialisthelsetenesta.
At Bergen kommune tar opp saka ovanfor Helse Bergen
At Bergen kommune informerer om endometriose på helsestasjonane ogaukar kompetansen om endometriose i dei kommunale helsetenestene.
Fråsegna er ei av fleire som vart vedtatt på Raudt Bergen sitt årsmøte 10. mars 2025. Du kan lese dei andre her.