Årsmøtefråsegn: Norsk tryggleikspolitikk på farlege vegar
Norske styresmakter har delteke i USA- og Nato-leia krigar fordi dei fryktar at Nato og USA elles ikkje vil kome Norge til unnsetnad dersom «me» skulle verte utsett for åtak eller truga.
Gjennom Nato-medlemskapet deltek Noreg også i organisasjonen sin atomvåpenstrategi. Atomvåpen betrar ikkje norsk tryggleik, og bruk av atomvåpen vil årsake umenneskelege lidingar. Atomvåpen må difor avskaffast med forbod!
Heller ikkje det å skrive under på det internasjonale forbodet ot atomvåpen i Dei Sameinte Nasjonar (FN), kan Noreg vera med på. Både fleirtalet i Stortinget og regjeringa er så underdanig for USA og Nato at dei torer ikkje gjera nokon endring i opprustingsspiralen i det heile. Der må dei sitje dørgande stille og vente på ordrar.
Rødt Bergen undrar på om den veldig påfallande auke i USA-dominert nærver militært på norsk jord nokon gong går opp for oss i tilstrekkeleg grad til at me som folk protesterar på det? Eller om me vil halde fram med å sove «tornerosesøvnen» vår til det vert for seint og det smell på norsk jord for alvor? For i ein krig kan slikt hende, og atomubåtulykker har hendt og kan hende på ny. Når tidlegare generalsekretær i NATO, Jens Stoltenberg, vart finansminister i ny AP-regjering og hylla av mange som den nye "frelsaren", så fortel det kor servile me i Noreg er.
At Noreg ligg heilt i toppen i Nato-klassen når det gjeld militærutgifter pr. innbyggjar, er det nok ikkje så mange som har fenge med seg: I 2019 hadde Noreg 1.384 dollar i militærutgifter pr. innbyggjar. I dagens kronekurs tilsvarar det 15 500 kr. for kvar einaste nordkvinne/mann. Berre USA brukte meir. Hurra for Noreg som nestbest i Nato- klassen! Hausten 2024 passerte Noreg Nato-målet på 2 prosent av BNP til militæret.
Militærbudsjettet er for 2025, 110,1 milliardar. I 2023 hadde me 1584 dollar i militærutgifter pr. Innbyggjar. 17 740 kr pr. norske hovud!
Vitjing av bombeflya frå USA, B1–B Lancer i militære øvingar og til USA sine basar på norsk jord, vitjing av reaktordrevne ubåtar, som t.d. USS New Mexico. Det vert mange vitjingar og ubåtane kan ha atomvåpen ombord. Ingen veit dette sikkert fordi dei vert ikkje inspisert slik norske styresmakter kan, men dei vil ikkje.
I 2021 gjekk Solberg-regjeringa inn for ein forsvarsavtale som opna for USAnske investeringar, soldatar og utstyr på fleire områder i Noreg. "Omfordelte områder" er regjeringa sin nytale. USA-basar er dei rette orda. I 2024 kom ein ny avtale om basar i Noreg, det vart 8 nye. No er det 12 slike baseområder i landet. Avtalen gjev USA større spelerom på norsk jord også juridisk, og er endå fleire spikarar i kista til den norske basepolitikken. Farvel til sjølvstendig norsk basepolitikk!
Det er mange som ikkje er klar over at Nord-Europas største marinebase ligg omlag åtte kilometer utanfor Bergen sentrum. I den tett befolka bydelen Loddefjord rustast det no opp militært for 350 millionar kroner, m.a. med nye ubåtfasilitetar. Dette er innhylla i hemmeleghald av tryggleiksomsyn. Det gjer at kystbefolkninga er uvitande og uførbreidde på det som kan kome. Det same kan seiast om dei styrande i Bergen.
Dei som bur og arbeidar i Bergen Vest, tett på marinebasen Haakonsvern, lever med ein høgrisikofare. Dei folkevalde påstår at USA-basen Haakonsvern gjev innbyggjarane tryggleik. Men fleire og fleire er redde for at Nato-medlemskapet og dei allierte atomubåtane gjev det motsette; utryggleik! Det er meir aktuelt enn nokon sinne med Trump som president.
Raudt Bergen krev at Noreg seier opp baseavtalane med USA, at styresmaktene nektar atomdrevne ubåtar i norske hamner, at det vert openheit og tilstrekkeleg informasjon til Bergen sine innbyggjarar om fårer og plan for eventuelle ulykker ved Haakonsvern, og at Bergen Kommune erklærar seg som atomvåpenfri sone. Raudt krev også at regjeringa kuttar i militærbudsjettet knyta til NATO-materiell og forkjøpskrigar, deriblant F-35 jagarflyene, frå og med 2026.
Fråsegna er ei av fleire som vart vedtatt på Raudt Bergen sitt årsmøte 10. mars 2025. Du kan lese dei andre her.