Toll på ferrosilisium
Raudt Vestlands Rita Tonning ber Fylkesordføraren arbeide for å styrke prosessindustrien i Vestland i ein interpellasjon som vert handsama på Fylkestingsmøtet 9. og 10. desember
Interpellasjon til Vestland fylkesting 9-10.desember 2025 – om toll på ferrosilisium og konsekvensane for vestlandsindustrien
Til fylkesordføraren
Noreg har ei rekkje verksemder innan metall- og prosessindustri som er avgjerande for verdiskaping, sysselsetjing og eksport frå Vestland. Dei siste månadene har det vore aukande uro i marknaden som følgje av internasjonale tolltiltak og handelspolitiske endringar knytt til jernlegeringsprodukt. Slike tiltak påverkar både konkurranseevna til norske produsentar og rammevilkåra for viktige vidareforedlingsbedrifter i fylket.
For Vestland, som har fleire store aktørar innan ferrolegert industri og tilhøyrande leverandørkjeder, kan endringar i tollnivå på jernlegeringsprodukt få direkte konsekvensar for arbeidsplassar, investeringar og eksportinntekter. Samstundes står næringa i ein krevjande omstillingsfase med aukande krav til klima- og energieffektivitet.
På denne bakgrunnen ønskjer Raudt å stille fylkesordføraren følgjande spørsmål:
- Korleis vurderer fylkesordføraren situasjonen rundt internasjonale tolltiltak på jernlegeringsprodukt og dei mogelege konsekvensane for industrien i Vestland?
- Kva dialog har fylkeskommunen med nasjonale styresmakter og relevante bransjeaktørar for å sikre at Vestland sine interesser vert tekne omsyn til i handelspolitiske prosessar?
Forslag til vedtak:
Fylkesordføraren tek initiativ til at Vestland fylkeskommune, saman med andre relevante regionale aktørar, utarbeider ei felles uttale eller strategi for å styrkje rammevilkåra for prosessindustrien i fylket.