Ta kvinnehelse på alvor
Raudt Vestland har tatt opp kvinnehelse og spesifikt PMDD i Vestland Fylkesting 1. oktober 2025
Kvinnehelse er òg folkehelse
Den 10. september markerte vi dagen for sjølvmordsførebygging. I den samanhengen ønskjer eg å rette merksemda mot ei alvorleg og oversett kvinnehelseutfordring: premenstruell dysforisk liding.
Dette er ei syklisk liding der hjernen reagerer unormalt på heilt normale hormonforandringar. Det er altså ikkje ein hormonell ubalanse, men ein nevrobiologisk tilstand som kan gje svært alvorlege psykiske symptom: djup depresjon, angst, sinneutbrot og i mange tilfelle sjølvmordstankar.
Estimat syner at mellom 1 og 5 prosent av kvinner i fertil alder i Noreg lever med denne lidinga – tilsvarande opp mot 60 000 kvinner. Forsking viser at kvinner med denne lidinga har høgare risiko for sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk enn andre kvinner.
Konsekvensane er store, ikkje berre for den enkelte kvinna, men òg for familien hennar og for samfunnet. I verste fall endar det med sjølvmord. I beste fall betyr det periodar med sjukefråvær, redusert livskvalitet og stor belastning for arbeidsliv og pårørande.
Likevel finst det ingen informasjon om denne lidinga på HelseNorge.no, og Noreg manglar framleis ein eigen diagnosekode. Andre land, som USA og verdshelseorganisasjonen WHO, har allereie teke inn diagnosen i sine system. Utan kunnskap, utan kode og utan offentleg informasjon blir kvinner overlatne til eit helsevesen der fastlegar ofte ikkje har høyrt om lidinga, og der hjelpa blir tilfeldig.
Det offentlege må ta eit langt større ansvar. Det handlar ikkje berre om å gje korrekt og tydeleg informasjon på HelseNorge.no, men òg om å sikre at legar og anna helsepersonell får naudsynt kunnskap og retningsliner.
Difor vil eg stille desse spørsmåla:
- Deler fylkesordføraren bekymringa for at Noreg ikkje har ein diagnosekode for denne lidinga, og at det manglar kunnskap og informasjon om samanhengen mellom PMDD og sjølvmord/sjølvmordstankar?
- Er fylkesordføraren samd i at dette kan vere ei medvirkande orsak til at kvinner topper fråværsstatistikken, og at meir kunnskap kunne gjeve grunnlag for betre tilrettelegging og førebygging av fråvær?
- Vil fylkesordføraren ta initiativ til å løfte problemstillinga på vegner av fylkestinget overfor helseministeren, med mål om at HelseNorge.no gjev informasjon om lidinga, og at legar og helsepersonell får tydelege retningsliner slik at kvinner får den hjelpa dei treng i skulehelsetenesta, primærhelsetenesta i kommunane og dei øvrige offentlege helseinstutisjonane?
Jeanette Syversen, Raudt Vestland