Staten må sikre Sotrasambandet

Riksveg 555 Sotrasambandet er ein riksveg. Ikkje ein fylkesveg, ikkje ein kommunal veg, ein riksveg, vedteken av Stortinget, del av det nasjonale vegnettet.

Riksveg 555 Sotrasambandet er ein riksveg. Ikkje ein fylkesveg, ikkje ein kommunal veg, ein riksveg, vedteken av Stortinget, del av det nasjonale vegnettet. Likevel er det Vestland fylkeskommune som no blir bedt om å garantere for nesten 6 milliardar kroner i lån, fordi staten har vald å organisere finansieringa som eit OPS-prosjekt med bompengar, i staden for å byggje vegen slik ein riksveg burde byggjast: med statlege løyvingar, under statleg ansvar og demokratisk kontroll.

Det er dette som er Rødt sitt prinsipielle standpunkt, og det er utgangspunktet for korleis vi les denne saka. Infrastruktur av nasjonal betydning skal ikkje vere avhengig av at eit fylkesting stiller sjølvskuldnarkausjon for eit privat selskap sine låneopptak. Når staten byggjer riksveg gjennom OPS og bompengar, flyttar dei både den økonomiske risikoen og den demokratiske styringa bort frå folkevalde organ og over til kontraktar mellom Statens vegvesen, bompengeselskapet Ferde, og OPS-selskapet Sotra Link.

Kven er eigentleg Sotra Link? Driftsselskapet som skal stå for drift og vedlikehald i 25 år, Intertoll Norge AS, er del av eit internasjonalt, ungarskeigd konsern. Vi snakkar altså om at fylkeskommunen skal bere den økonomiske risikoen for eit prosjekt der drifta over ein generasjon er lagt i hendene på eit utanlandsk selskap, med profittmotiv, medan vi som folkevalde ikkje har direkte styring over korkje drift, prising eller kostnadsutvikling. Dette er nøyaktig den typen privatisering av samfunnskritisk infrastruktur som Rødt har åtvara mot heile vegen.

Denne saka viser problemet i praksis. Sidan 2017 har byggjekostnadsindeksen auka 33 prosent og lånerenta meir enn dobla seg. Det er ikkje Vestland fylkeskommune som har styrt desse føresetnadene, men marknadsrisiko, skapt av korleis staten har vald å organisere finansieringa. Og likevel er det vi som blir sitjande med rekninga, fordi garantiansvaret vart lagt til fylkeskommunen i utgangspunktet.

Difor er Rødt sitt primærstandpunkt klart: Staten skal ta heile finansierings- og garantiansvaret for Sotrasambandet. Ikkje 50 prosent gjennom ei avlastningsordning – heile. Riksveg skal vere eit statleg ansvar, fullt og heilt, ikkje noko fylkeskommunane skal måtte garantere for når kontraktane til eit OPS-selskap sprekk.

Forslaget frå Høgre og Arbeidarpartiet vidarefører same kritikken mot staten i ord, men konkluderer likevel med at Vestland skal seie ja til å stille garantien staten ber om. Det er å halde fram med å akseptere ein finansieringsmodell vi eigentleg meiner er feil, samstundes som vi seier vi er ueinige i han. Rødt meiner vi må vere konsekvente: viss vi meiner staten skal ta ansvaret, skal vi ikkje sjølve skrive under på garantien i mellomtida.

Vi skal ha Sotrasambandet. Men riksveg skal byggjast som eit statleg ansvar, ikkje finansierast gjennom bompengar, OPS-kontraktar og utanlandske driftsselskap, med fylkeskommunen som økonomisk buffer.