Rentekompensasjon på premieavviket
Raudt Vestland ber i ein interpellasjon til fylkestinget i desember 2025 om at Vestland fylkeskommune skal be om kompensasjon for renter på premieavviket.
Interpellasjon frå Raudt Vestland til fylkesordføraren: Rentekompensasjon?
Vestland fylkeskommune står ved utgangen av 2024 med eit premieavvik på 520,3 mill. kroner – ein rekneskapsteknisk konstruksjon som gjer at vi må vente i opptil sju år med å føre som utgift noko vi allereie har betalt. For kommunesektoren samla er talet heile 66 mrd. kroner. Dette svekkjer likviditeten vår, påfører oss rentetap og gjer at staten framstår som om dei bidreg meir enn dei faktisk gjer.
Det er staten sjølv, gjennom budsjett- og rekneskapsforskrifta, som har pålagt kommunar og fylkeskommunar denne ordninga. KDD skriv openbert at premieavvika gir økonomiske ulemper – men utan at sektoren får kompensasjon. I praksis yter kommunesektoren eit rentefritt lån til staten.
Bergen kommunestyre har nyleg fatta eit einstemmig vedtak om å ta opp denne problemstillinga direkte med KDD. Når til og med landets nest største kommune står samla om at dette er urimeleg, bør også fylkeskommunen løfte saka tydeleg.
For Vestland fylkeskommune er rentetapet anslått til om lag 26 mill. kroner for 2025.
Eg vil derfor stille fylkesordføraren følgjande spørsmål:
- Støttar fylkesordføraren at ordninga med premieavvik påfører fylkeskommunen eit urimeleg rentetap?
- Vil fylkesordføraren ta initiativ, i dialog med Bergen kommune og KS, for at staten kompenserer kommunesektoren fullt ut?
- Vil fylkesordføraren arbeide for at kompensasjon for 2025 blir innarbeidd i revidert nasjonalbudsjett 2026?
Framlegg til vedtak
Vestland fylkeskommune ber regjeringa kompensere fylkeskommunen for rentetapet som følgjer av premieavviket, og går i dialog med KDD – i samarbeid med Bergen kommune og KS – for å sikre at full kompensasjon for 2025 blir lagt inn i revidert nasjonalbudsjett 2026.