Raudt Vestland pressemelding Vestland fylkesting 29.09-30.09.26
Raudt Vestland har denne veka delteke på møtet i Vestland fylkesting i Bergen, med gruppeleiar Jeanette Syversen og Rita Tonning.
Raudt Vestland har denne veka delteke på møtet i Vestland fylkesting i Bergen, med gruppeleiar Jeanette Syversen og Rita Tonning.
Våre prioriterte saker på dette fylkestinget har vore:
🌊 Nei til gruvedumping i Førdefjorden
✊ Ja til streikerett – nei til streikebryteri
⛴️ Ferjedrift i Vestland i eigenregi
🕕 Ja til 6-timars normalarbeidsdag
💰 Staten må dekkje meirkostnadene for Sotrasambandet
🏭 Sikre industrien i Sunnhordland
🚸 Reflekskampanje for barn og unge i trafikken
🛡️ Bevare omsynet til kulturmiljø i Bremanger
Streikeretten må respekteres!
Vi var håpefulle til å få vedtatt en uttale som tydeleg tok dei streikande ved Bergen Kristne Grunnskule prinsippielt i forsvar. Med ei tydeleg oppmoding til regjeringa om å vurdere forsvarlegheita i å gi offentleg støtte til friskular som ikkje respekterer streikeretten.
Dessverre vart denne blokkert frå realitetshandsaming av Høgre, Frp, Krf og Senterpartiet.
Gruvedumping i Førdefjorden
Raudt tok initiativ til ei fråsegn om å handheve Høgsterettsdommen om gruvedumping i Førdefjorden, og gjekk saman med SV, Venstre, MDG og INP om eit felles framlegg.
Fråsegna vart ikkje realitetsbehandla, ettersom ho vart blokkert av Høgre, FrP og Senterpartiet. Dette var venta, men likevel skuffande. Vi håpar at folk no engasjerer seg for å sikre at rettsstaten vert teken vare på, framfor å la ei lita gruppe politikarar diktere lova etter eigne interesser.
Reflekskampanje for barn og unge
Vi fekk einstemmig gjennomslag for ein refleks- og merksemdskampanje retta mot barn og unge som brukar elsparkesykkel.
Vi er nøgde med at fylkestinget er samd med Raudt om kor viktig det er å tryggje denne gruppa, særleg når vi ser ein auke i talet på ulukker knytte til elsparkesyklar.
Kulturmiljøomsyn i Bremanger
I tillegg har vi følgt opp saka om ein gjenbruksstasjon i Bremanger, der planframlegget går på kostnad av kulturmiljøomsyn.
Svara frå fylkesdirektøren er betryggande, og føresetnadene for å sikre eit godt planframlegg som tek vare på desse omsyna, er gode.
Utfordrar fylkestinget på prinsipielle saker
6-timars arbeidsdag
Raudt har utfordra fylkestinget på fleire prinsipielle saker frå partiprogrammet vårt – saker som er ein del av kjernen i den politiske plattforma vår.
Gruppeleiaren vår tok initiativ til eit framlegg i saka om livsfasepolitikk i Vestland fylkesting, der vi bad om å greie ut eit forsøksprosjekt med 6-timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon i utvalde einingar.
Dette skal vere ein del av nærværsarbeidet og bidra til målet om 95 prosent jobbnærvær. Utgreiinga skal omfatte val av einingar, organisering, finansiering og eit opplegg for å evaluere effekten på sjukefråvær, jobbnærvær, rekruttering og arbeidsmiljø.
Forsøket skal utformast i samarbeid med dei tillitsvalde.
Forslaget fekk dessverre kun 18 stemmer, Arbeiderpartiet stemte imot i lag med Høgre, AP og SP.
Ferjedrift i eigenregi
Raudt har alltid vore tydelege på at samfunnskritiske tenester skal eigast og drivast i offentleg regi. Difor støtta vi fleirtalsinnstillinga om å greie ut moglegheita for å ta ferjemateriell i Vestland i eigenregi.
Vi støttar framlegget frå Arbeidarpartiet om å sjå nærare på eigarskap til ferjemateriellet, men vi ønskjer å gå lenger ved å ta drifta i eigenregi.
Sikre norsk industri og arbeidsplassar
Noreg treng ein offensiv industripolitikk der politiske organ tek ansvar for å sikre at oppdrag og kontraktar går til norsk industri, i staden for å overlate ansvaret til marknaden, EU og EØS.
For Raudt handlar dette om å stille krav i anbodsprosessane, prioritere krafta og satse på industri vi faktisk treng, og som tener samfunnet som heilskap.
Vi stiller oss bak krava frå dei andre partia om å utfordre Stortinget på dette området, men meiner samstundes at satsinga på havvind er ei heilt feil retning.
Sotrasambandet
Frå vårt ståstad er det heilt uforståeleg at Stortinget sit og ser på at kostnadene for Rv. 555 Sotrasambandet sprekk slik dei gjer. Kravet vårt er heilt tydeleg: Staten må ta heile rekninga.
Heldigvis er saka no utsett, etter at fylkestinget har fått ei førespurnad frå Samferdselsdepartementet om ein ny dialog for å finne ei løysing på utfordringane. Vi håpar fylksordførar kjem tilbake med ei sak der staten tar heile og minst 50% av garantiansvaret. Noko anna vil presse fylkeskommunen sin gjeldsgrad og renteutgifter ytterlegare opp og føre til store utfordringar med kutt i budsjett som vil gå ut over fylkeskommunen sine kjerneoppgåver. (PS: Det er skule, fylkesveg, kollektivtrafikk og tannhelse, ikkje riksvegar!)