Pressemelding for Raudt Vestland i fylkestinget 01.10.2025

Raudt Vestland har i fylkestinget 01.10.2025 fremja ein interpellasjon og 3 fråsegner for å styrkje det raude, sosiale og folkelege perspektivet i Vestland, Noreg og verda.

Vår gruppeleiar, Jeanette Onarheim Syversen, fremja ei fråsegn om solidaritet med Palestina. Vestland fylkesting vedtok i november 2023, med overveldande fleirtal, ei interpellasjon om at Stortinget må ta initiativ til ei våpenkvile mellom Palestina og Israel. Situasjonen sidan har vorte mykje verre, og Raudt Vestland fremja difor krav om:

«Ingen handel med selskap som kan knytast til folkerettsbrot og folkemordsøkonomi, stans i militært samarbeid som inneber at norske våpen hamnar som del av folkemordsøkonomien, og aktiv bruk av politikk, økonomi, kultur og idrett for å presse fram ei varig våpenkvile, vise solidaritet med palestinske flyktningar og stanse utslettinga av infrastruktur på Gaza og Vestbreidda.»

Syversen er klokkeklar i sitt bodskap:

- No er det nok. Israel gjer seg skuldig i folkemord, samstundes som Oljefondet investerer i selskap som bidreg til Israels pågåande folkemord på det palestinske folket. No må politikarane leggja ideologiske skylappar til side og sjå kva som er røyndomen – sivile menneske og born som døyr i hopetal. Skal vi stå på rett eller galen side av historia?

Fråsegna vart stemd ned frå realitetshandsaming av FrP, Høgre, SP og KrF.

Syversen fremja òg ei interpellasjon om kvinnehelse og premenstruell dysforisk liding, og konsekvensane dette har for psykisk helse.

- Estimat syner at mellom 1 og 5 prosent av kvinner i fruktbar alder i Noreg lever med denne lidinga – tilsvarande opp mot 60 000 kvinner. Forsking viser at kvinner med denne lidinga har høgare risiko for sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk enn andre kvinner. Dette må vi ta på alvor.

Interpellasjonen vart stemd ned frå realitetshandsaming av AP og Høgre.

Rita Tonning fremja fråsegn i fylkestinget om å styrke vernet av Lærdalselva, og at NVE må følgje opp utsleppsløyvet til Gravdalen kraftverk på ein systematisk og langsiktig måte.

- Dette er så viktig. Lærdalselva er ei av våre viktigaste elvar, både for naturmangfald, laksebestand og næringsgrunnlaget i lokalsamfunnet rundt. I sommar vart det observert forureining i elva som ein konsekvens av utbygging. Slik kan vi ikkje ha det, konstaterer Tonning.

Fråsegna vart stemd ned frå realitetshandsaming av alle dei store partia. Vi kan likevel avslutte dette fylkestinget med ei god kjensle, då vi har fått eit samrøystes vedtak om at Stortinget må sikre midlar for å reversere dei føreslåtte kutta i Helse Førde.

Her står fylkestinget samla om at helse er viktig. Vi merkar oss i tillegg at Høgre og FrP har utfordringar med å forsvare helseføretaksmodellen på talarstolen, og det lovar godt for arbeidet vidare.

Raudt Vestland fikk i tillegg fleirtal for at Forsvarsforum Vestland skal arbeide for å styrke beredskap og industri gjennom auka bruk av lokale leverandørar i Forsvaret.