Pressemelding for Raudt Vestland frå fylkesting 24-25.03 2026

Raudt Vestland har i fylkestinget i mars fremja ei fråsegn om utfordringane med offentleg-privat samarbeid i veg- og bru­prosjekt. Fylkestinget har elles vore dominert av saker knytte til samferdsel og mobilitet, der vi har teke kampen for å styrkje kollektivtransporten.

I tillegg har vi fremja forslag om at tannhelse skal inn under hovudutval for kultur, idrett og inkludering, og ikkje under næring.

Fråsegna om at Vestland fylkesting seier nei til OPS i veg- og bruprosjekt vart ikkje teken til realitetsbehandling, men blokkert av Høgre, Frp, Venstre og KrF. Det alminnelege fleirtalet i fylkestinget støtta realitetsbehandling i denne saka, noko som er positivt.

Gruppeleiar Jeanette Syversen oppsummerer saka: «Vi var førebudde på at fråsegna skulle bli blokkert av Høgre og Frp, sidan begge partia meiner at anbodspolitikk og privatisering er svaret på alt. Dei fekk også drahjelp frå Venstre og KrF som ikkje syns det er viktig at det offentlege har ansvaret for infrastruktur. Dette gigantiske bruprosjektet er no utsett i 150 dagar, med ein kostnadssprekk på 5 milliardar, i tillegg til ei rekkje brot på arbeidsmiljølova. Sotrasambandet er eit skrekkdøme på eit cowboykaos som vi håpar aldri blir overført til andre prosjekt.»

Tannhelse skal ikkje vere butikk, og høyrer difor ikkje heime i hovudutval for næring, slik administrasjonen har føreslått. Vi foreslo at tannhelse skulle leggast under folkehelse.

Rita Tonning, Raudt Vestland sin representant i hovudutval for kultur, idrett og inkludering, er tydeleg i grunngjevinga si: «Tannhelse er ei lovpålagd velferdsteneste og er ein del av fylkeskommunen sitt folkehelseansvar, og såleis ein del av folkehelsearbeidet som er lagt til KULII. Tannhelsetenesta har òg eit tydeleg førebyggjande og helsefremjande oppdrag i tillegg til behandling. Fylkeskommunen skal fremje tannhelsa i befolkninga. I praksis tyder dette at tannhelsepolitikk handlar om sosial ulikskap i helse, førebygging blant barn og unge, og det inneber samarbeid med helse og omsorg. Å leggje tannhelse inn under kultur og folkehelse vil vere i tråd med lovgrunnlaget og det faglege innhaldet. Andre fylke har lagt tannhelsetenesta under folkehelse.”

Etter ein god debatt i fylkestinget landa tannhelse inn under hovudutval for opplæring og kompetanse. Vi støttar dette, då det viktigaste er å få betre politisk styring og nærleiken til brukarane ligg i opplæringsutvalet.

Raudt har også vore tydelege på at kommunar skal kunne seie nei til å greie ut planinitiativ slik lovverket er i dag. Raudt er glade for at Høgre sitt forslag om tvangsutgreiing av vindkraftplaner ikkje fekk fleirtal!

Vi har stilt tre skriftleg grunngjevne spørsmål med følgjande tema:

  • Hurtigbåt i eigenregi og til rimelegare pris er noko vi håpar kjem inn med ei tiltakspakke for auka bruk av sjøvegen framfor bil i distrikta.
  • Ny EU-dom styrkar handlingsrommet til fylkeskommunen sitt høve til å stille krav om tariffavtale i store anbod
  • Viktigheten av vern av Ytre Hardangerfjorden, Dalsfjorden og Krossfjorden. Raudt er bekymra for tilstanden på vestlandskysten og blei absolutt ikkje beroliga av fylkesordfører sitt svar på spørsmålet om vern av hav og fjord. Raudt fryktar at i balansen mellom bruk og vern er det havet og naturen som taper.