Offentleg støtte føreset respekt for arbeidslivets spelereglar
Trepartssamarbeidet er sjølve fundamentet i den norske samfunnsmodellen. Organisasjonsretten, retten til kollektive forhandlingar og retten til å streike er grunnleggjande rettar som har bygd opp eit arbeidsliv prega av tillit.
Trepartssamarbeidet er sjølve fundamentet i den norske samfunnsmodellen. Organisasjonsretten, retten til kollektive forhandlingar og retten til å streike er grunnleggjande rettar som har bygd opp eit arbeidsliv prega av tillit. Dette står fylkestinget i Vestland samla bak, uavhengig av partipolitisk ståstad.
Vestland fylkeskommune er sjølv arbeidsgjevar for over 6000 tilsette, der storparten er lærarar. Vi veit av erfaring, gjennom administrasjonsutvalet der politisk nivå, arbeidsgjevar og tilsette sine organisasjonar møtest, at ordna vilkår tener alle: tilsette, arbeidsgjevar og elevar. Friskulelova krev at tilsette i private skular skal ha løns- og arbeidsvilkår på linje med offentlege skular, og streikeretten er forankra både i arbeidstvistlova og i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) sine konvensjonar. Det skal difor mykje til før ein offentleg finansiert skuleeigar kan forsvare å nekte tariffavtale, og endå meir før dei kan forsvare å erstatte streikande tilsette med nytilsette.
Ved Bergen Kristne Grunnskole har lærarane streika i over 160 dagar utan resultat. Fylkestinget vil berømme dei streikande for tolmodet og pågangsmotet dei har vist. At skuleleiinga har valt å tilsetje nye folk framfor å forhandle, reiser eit ubehageleg spørsmål: skal offentleg støtte kunne gå til verksemder som ikkje respekterer arbeidslivets spelereglar? Religionsfridom og livssynsvern er verdiar fylkestinget tek på alvor, men dei kan ikkje bli eit skalkeskjul for å sette tilsette sine rettar til side.
Fylkestinget i Vestland meiner offentleg driftsstøtte må føresetje respekt for retten til å organisere seg og forhandle kollektivt, og ber nasjonale styresmakter vurdere om dagens regelverk sikrar dette godt nok. Fråsegna vert oversendt Kunnskapsdepartementet, kunnskapsministeren, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, arbeids- og inkluderingsministeren og arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.