No er det nok!
Raudt Vestland fremma 1. oktober denne fråsegna til Fylkestinget om situasjonen for det palestinske folket
To år inn i den Israelske kampanjen mot Hamas, veit vi at meir enn 60 000 menneske blitt drepne, titusenvis av dei born. The Lancet seier at tal frå Israelske IDF tyder at så mykje som 83% av dei drpne er sivilie! Det har aldri vore – og vil aldri bli – normalt eller akseptabelt å drepe born. Babyar, mødre og fedre sine born - utsletta, utsulta før dei fekk sjansen til å leve, eller tatt av dage i matkø i forsøket på å overleve.
Den internasjonale straffedomstolen (ICC) utferda arrestordre for statsminister Benjamin Netanyahu og andre for påståtte krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta, inkludert bruk av svolt som våpen. Sjølv om ICC ikkje straffeforfølgjer statar, har ein FN-kommisjon oppretta av FNs menneskerettsråd funne at Israel har gjort handlingar som kvalifiserer som folkemord i samsvar med folkemordkonvensjonen.
Allereie i november 2023 kravde Vestland fylkesting våpenkvile. I dag, 2 år etter, er kravet om at Israel må stoppe folkemordet unisont i FN, men hindrer med veto, gong på gong. Noreg og fleire andre land har anerkjent Palestina som stat, Oljefondet har kutta band til selskap som bidreg til okkupasjon, og LO har vedtatt boikott av Israel dersom okkupasjonen held fram. Andre land har alt sett i verk forbod mot varer frå ulovlege busetnader, og kultur- og idrettsverda har reist seg mot normalisering av folkemordet.
Det høgreekstreme regimet i Israel, har fått herje med open støtte frå Trump og andre allierte. Dei snakkar varmt og å anektere heile Gaza og jamne det med jorda, for å byggje nye busettar koloniar. Dette kan ikkje vi i Noreg sjå på i stillheit.
Vestland fylkesting oppfordrar vår eiga administrasjon samt Regjeringa: ingen handel med selskap som kan knytast til folkerettsbrot og folkemordsøkonomi, stans i militært samarbeid som inneber at norske våpen hamnar som del av folkemordsøkonomien, og aktiv bruk av politikk, økonomi, kultur og idrett for å presse fram en varig våpenkvile, vise solidaritet med palestinske flyktingar og stanse utslettinga av infrastruktur på Gaza og Vestbredden.
No er det nok.