Hev U864
Ubåten utanfor Fedje må hevast. Raudt Vestland har fremma denne fråsegna saman med Bjarte Helland til Fylkestinget i Vestland 1. oktober 2025
Felles framlegg frå Raudt Vestland: ved Jeanette Syversen og Uavhengig: Bjarte Helland
I Forsvarsmateriell si rapport 18. august i år blir det dokumentert at tildekking ikkje er eit forsvarleg alternativ. Tvert imot kan ei tildekking gje auka risiko for eksplosjon og ein miljøkatastrofe med ukontrollert utslepp av 65 tonn kvikksølv. Det einaste sikre er heving av vrakdelane. På bakgrunn av denne nye informasjonen bør fylkestinget i Vestland presisere at heving av vraket må prioriterast i statsbudsjettet, og at ideen om tildekking må forkastast og vidare utgreiing stansast. Dei resterande utgreiingsmidlane kan overførast til arbeidet med ein grundig og kvalitetssikra anbodsprosess.
Det har vore usemje om heving eller tildekking, og det er brukt over 300 millionar kroner på utgreiing. Det ligg føre 30 000 sider med dokumentasjon. Det er sett av 50 millionar kroner til ytterlegare utgreiing av mellom anna ulike alternativ for tildekking. Dette arbeidet bør straks stansast, og dei resterande midlane må overførast til å starte ein grundig anbodsprosess for sikker heving av U864. Dette hastar, og det trengst topp kompetanse og store ressursar for å sikre at dette krevjande oppdraget blir gjennomført med den største varsemd og tryggleik.
Framlegg til uttale:
Vestland fylkesting er uroa over at det har gått meir enn to år sidan vårt tverrpolitiske vedtak om å få heva U864 snarast råd. Jf. fylkestinget sitt høyringssvar til NTP under Kystverket 15. juni 2023: «Ubåt U864 ved Fedje må hevast snarast råd, slik at Noreg oppfyller Nordsjøavtalen om å hindre kvikksølvutslepp til Nordsjøen.»
Etter ny informasjon frå Forsvarsmateriell vil fylkestinget i Vestland presisere at heving av ubåtvraket ved Fedje må prioriterast i statsbudsjettet, og at ideen om tildekking må forkastast og vidare utgreiing stansast. Dei resterande utgreiingsmidlane bør overførast til arbeidet med ein grundig og kvalitetssikra anbodsprosess.
Sendast til: Samferdselsdepartementet ved samferdselsministeren samt Hordalandsbenken stortinget.