Fråsegn: Nei til offentleg-privat samarbeid (OPS) i veg- og bruprosjekt
Sotrasambandet er i ferd med å bli eit lærestykke i kva offentleg-privat samarbeid (OPS) fører med seg i store infrastrukturprosjekt. Prosjektet er over 150 dagar forseinka, opninga er utsett på ubestemt tid, og entreprenørane varslar ein kostnadssprekk på fleire milliardar kroner. Samstundes ser me ein open konflikt mellom aktørane, der ansvaret blir pulverisert.
Toppsjefar for tre globale selskap har sendt krisebrev til samferdselsministeren, og utanlandske ambassadar har bede om møte med norske styresmakter. Det understrekar kor komplekst og uoversiktleg prosjektet har blitt. Når konfliktar og milliardkrav oppstår, er det i praksis fellesskapet som sit att med risikoen.
Fylkestinget meiner det er alvorleg at Arbeidstilsynet har avdekt grove brot på arbeidsmiljølova hos underleverandørar i prosjektet. Dette reiser spørsmål ved om OPS-modellen i tilstrekkeleg grad sikrar seriøsitet og kontroll i arbeidslivet.
Fylkestinget understrekar at private entreprenørar er avgjerande for å byggja landet. Samstundes viser erfaringane frå Sotrasambandet at OPS som modell skaper særlege utfordringar. Kontraktane blei dessutan utforma på ein måte som i praksis stengde ute store delar av norsk entreprenørnæring.
OPS flyttar ikkje berre avgjerder om kritisk infrastruktur lenger vekk frå folkevald kontroll og gjer ansvarsforholda meir uklare. Det flyttar også kritisk kompetanse frå offentleg til privat sektor. Erfaringane frå Sotrasambandet viser at risikoen ikkje forsvinn, når ein flyttar solidaransvaret over på private kontraktørar, rekninga blir verande igjen hos fellesskapet.
Kritisk infrastruktur er eit felles ansvar og må forvaltast med openheit, demokratisk styring og langsiktig samfunnsnytte som rettesnor. Sotrasambandet syner at OPS ikkje leverer på desse krava.
Fylkestinget ber derfor Stortinget og samferdsledepartementet avvisa vidare bruk av OPS-modellen i samferdsleprosjekt.
Fråsegna blir sendt til: Samferdselsminister Jon Ivar Nygård, Samferdselsdepartementet , Samferdselskomiteen på Stortinget og "Vestlands-benken".