Bevar Lærdalselva
Raudt har bedt Fylkestinget 1. oktober 2025 om å vedta denne fråsegna om Lærdalselva.
Til Fylkesordfører
Fråsegn til Vestland fylkesting 1-2.oktober 2025 om å beskytte Lærdalselva i samband med bygging av nytt kraftverk.
Vestland fylkesting ber NVE om å følgje opp utsleppsløyvet til Gravdalen kraftverk på ein systematisk og langsiktig måte. I sommar vart det observert at elva var både grå og turkisfarga, og at det vart slept ut boreslam frå det nye kraftverket som er under bygging. Statsforvaltar og Østfold energi er blitt kontakta og det er gjort undersøkingar og iverksett tiltak. Lærdalselva er eit vassdrag med nasjonal og regional verdi, og det er viktig at elva ikkje vert utsett for ureining som kan skade laksebestanden, naturmangfaldet eller næringsgrunnlaget i lokalsamfunnet. NVE må følgje opp utsleppsløyvet også i eit langsiktig perspektiv slik at slik forureining ikkje skjer igjen.
Sendast til Statsforvaltar i Vestland, NVE og Gravdalen kraftverk v/ Østfold Energi